Hopp til innhold

Krisemøte etter overgrepsskuldingar i svensk kulturliv

Den svenske kulturministeren har hatt møte med dei tre viktigaste teatersjefane i landet, etter at over 400 kvinnelege skodespelarar i eit opprop har fortalt om seksuelle overgrep i den svenske film- og teaterbransjen.

dramaten 3

Det har vore krisemøte ved Dramaten i Stockholm i dag, etter at 456 kvinnelege skodespelarar underteikna eit opprop der dei fortalde om seksuell trakassering og overgrep i den svenske film- og teaterbransjen. 78 av kvinnene har arbeidd ved teateret.

Foto: Roger Stenberg/Dramaten

Etter at 456 kvinnelege skodespelarar stod fram og fortalde om seksuelle overgrep og krenkingar i svenske teaterverda i eit stort opprop i Svenska Dagbladet onsdag, blei sjefane for dei tre største teaterinstitusjonane i Sverige kalla inn til krisemøte hos kulturminister Alice Bah Kuhnke torsdag. Ho seier til Expressen at ho ser alvorleg på skuldingane som kjem fram.

– Dette har vore eit alvorleg møte der eg har gjort det klart at regjeringa ikkje aksepterer det som går føre seg. Eg krev endring.

BELGIUM-EU-CULTURE-MINISTERS-MEETING

Den svenske kulturministeren Alice Bah Kuhnke krev at teatersjefane ved dei nasjonale teaterinstitusjonane i Sverige tek seksuell trakassering på alvor etter at over 400 kvinnelege skodespelarar skreiv eit opprop i Svenska Dagbladet onsdag.

Foto: JOHN THYS / AFP

I møtet måtte Dramatensjef Eirik Stubø, Riksteaternsjef Magnus Aspegren og sjef ved operaen, Birgitta Svendén, gjere greie for kva dei vil gjere for å betre arbeidssituasjonen i institusjonane. No vil Kuhnke også kalle inn styreleiarane ved nasjonalscenene.

– Dette er definitivt eit spørsmål om leiing. Det ser heilt klart ut som om store delar av kulturbransjen lir av ein problematisk teiekultur, seier ho.

Krisemøte ved Dramaten

Torsdag morgon blei det også hasteinnkalla til eit møte i Dramaten på grunn av oppropet. 78 av kvinnene som har skrive under, har arbeidd ved teateret. Men den norske teatersjefen ved Dramaten, Eirik Stubø, seier til SVT at han er overraska over opplysningane som har kome fram. Han seier at han berre kjenner til to tilfelle av seksuell trakassering i den tida han har vore sjef, og at dette var verbal trakassering.

– Men det som blir skildra i oppropet har ikkje kome til overflata. Det er kjernen i problemet. Kvifor har ikkje vi fått vite dette?

Eirik Stubø

Teaterdirektør Eirik Stubø ved Dramaten i Stockholm seier han ikkje har kjent til historiene som har kome opp i samband med oppropet.

Foto: Henrik Montgomery/ TT / NTB scanpix

Stubø han vil ta tak i problemet, og finne ut kven som står bak dei seksuelle overgrepa.

– Dersom vi finn ut kven dei er, og mennene framleis jobbar her, vil det få konsekvensar. Deter utvitydig i alle handbøkene våre at det er nulltoleranse for slikt.

Fleire teater vil gjere endringar

Før han tok over sjefsjobben ved Dramaten, var Stubø kunstnarisk leiar ved Kulturhuset Stadsteatern i Stockholm. No har etterkomaren hans, Anna Takanen, laga ein ny likestillingsplan.

– Medarbeidarane våre skal kjenne seg trygge på at vi har eit felles verdigrunnlag, at seksuell trakassering er uakseptabelt og forbode, og at vi skal jobbe saman om dette, seier ho til Expressen.

Også sjef for Riksteatern, Magnus Aspegren, seier til SVT at oppropet og møtet i dag kjem til å føre til endringar.

– Vi skal sjå på korleis vi utfører det kunstnariske arbeidet vårt, og skape ein struktur der alle kan kjenne seg trygge uansett kva for tilsetjingsform dei har.

Kulturstrøm

  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska

  • Hederspris til P4-profil

    Bjørn Faarlund (61) er tildelt Prix Norges hederspris for 2025. Det er den høyeste utmerkelsen i norsk radio- og podkastbransje.

    Faarlund har vært programleder for P4s Radiofrokost i 25 år, og var før det en profilert nærradiostjerne i Radio 1 Oslo.

    – Årets hederspris går til en programleder som har vært en fast følgesvenn for det norske folk gjennom flere tiår - en ekte venn i øret, skriver juryen i sin begrunnelse.

    Prisen ble delt ut under åpningen av bransjekonferansen Lyddager.

  • Operaen vann pris for operaalbum

    Innspelinga Den Norske Opera & ballett gjorde av Richard Wagners «Den flyvende hollender» er kåra til årets operaalbum av Gramophone, som er det leiande tidsskiftet for klassiske innspelingar.

    – Gramophone-prisen er ei stor anerkjenning for heile Nasjonaloperaen – for Operakoret, Operaorkesteret og solistane på scena, seier operasjef Randi Stene i ei pressemelding.

    Prisane blei etablert i 1977, og blir sett på som ein av dei mest prestisjefylte utmerkingane innan klassisk musikk.