Hopp til innhold

Kontorkonsert med Bigbang

– Alle reisande musikarar drøymer om å ha jobb på eit kontor, sa frontfigur Øystein Greni til dei sjølvutnemnde «datanerdane» i Fredrikstad-bedrifta Prediktor under Bigbangs kontorkonsert.

Video Kontorkonsert med Bigbang

Bigbangs Olaf Olsen og Øystein Greni under tirsdagens kontorkonsert hos Prediktor i Fredrikstad. (Stillfoto: Fred Olav Vatne)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Cecilie Holte og Øystein Greni

Cecilie Holte melde på Prediktor i konkurransen om å få Bigbang til kontoret.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK
Bigbang hos Prediktor i Fredrikstad

Øystein Greni & co. skapte god stemning mellom dei 60 tilsette i Prediktor.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK
Olaf Olsen og Øystein Greni

Olaf Olsen og Øystein Greni.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

NRK og MIC arrangerer i vår ein serie med kontorkonsertar, og i mars bad vi arbeidsplassar i Fredrikstad invitere Bigbang til sitt kontor .

60 datanerdar som trong livsgnist

Datafirmet Prediktor presenterte seg som «60 datanerder ... som føler vi trenger litt livsgnist» , og trakk det lengste strået.

– Dette var heilt fantastisk, sa Cecilie Holte, som melde Prediktor på konkurransen.

– Eg synest Bigbang er eit veldig spennande band, eg har fleire plater og var på konserten deira i Fredrikstad for nokre veker sidan. Det var utruleg gøy å høyre dei her.

– Eg er ganske god til å kopiere

Mange som jobbar på kontor drøymer nok om ein musikars frie liv, men Bigbangs frontfigur Øystein Greni snudde problemstillinga på hovudet:

– Eg er sikker på at alle musikarar som er ute og reiser – som sit på flyplassar, i bilar eller på dårlege backstagerom – drøymer om å ha jobb på eit kontor, sa Greni då han innleidde konserten.

Heilt utan kontorerfaring er då heller ikkje gitaristen og vokalisten:

– Eg jobba på eit kontor då eg hadde sivilteneste, så eg er ganske god til å kopiere, og til å lage kaffi, sa han etter konserten.

Toppa VG-lista i fire veker

Bigbang slapp sitt åttande studioalbum Epic Scrap Metal tidleg i mars, og plata hausta solide kritikkar både i NRKs Lydverket, Aftenposten, Dagbladet og VG.

Epic Scrap Metal gjekk dessutan rett inn på toppen av VG-lista og vart liggande der i fire veker.

Bigbang

2011-utgåva av Bigbang består av Nikolai Eilertsen, Olaf Olsen og Øystein Greni.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Sundfør til arkitektkontor

For eit par veker sidan bad vi arbeidsplassar i Oslo om å invitere Susanne Sundfør til kontoret sitt . Meir enn 70 bedrifter melde si interesse – vinnaren vart arkitektkontoret LPO i Oslo, og du kan følge konserten på NRK.no tirsdag 26. april.

Her kan du sjå dei andre konsertane i serien:

Kontorkonsert med Jarle Bernhoft

Sjå Mathias Eick blåse liv i kontoret

Kontorkonsert med Christiansand String Swing Ensemble

Kontorkonsert med SISU

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober