Hans-Tore Bjerkaas koste seg under kontorkonserten.
Foto: Fred Olav Vatne / NRK
Då Christianssand String Swing Ensemble sette i gang konserten sin, var det aller første gongen kringkastingssjefens kontor vart brukt til livemusikk. I tillegg til bandet hadde Hans-Tore Bjerkaas fått på besøk eit knippe kollegaer.
– Dette var knallbra og ein knallsuksess, folk koste seg skikkeleg, sa Bjerkaas etterpå.
– Viss alt som skjer her på kontoret framover, held like høg kvalitet som denne konserten, går det bra med NRK!
– God akustikk
Christianssand String Swing Ensemble spelte sist helg under Spellemannspris-utdelinga i Oslo Spektrum, men er også vant til intime konsertlokaler. Vokalist og frontfigur Miguel Emilio D. Steinsland var nøgd med forholda på sjefskontoret:
– Det er eit veldig behageleg rom å spele i, det er fin akustikk her, sa Steinsland etter konserten.
Kontorkonserten vart sendt direkte på nrk.no og på Kulturhuset i P2.
Foto: Fred-Olav Vatne / NRKSerie med kontorkonsertar
NRK arrangerer i vår ein serie med åtte kontorkonsertar, i samarbeid med MIC Norsk Musikkinformasjon. Dei første konsertane med Jarle Bernhoft og Mathias Eick fann stad i MICs lokaler i Oslo.
22. mars skal Bigbang til Fredrikstad for å spele på ein arbeidsplass der. Alle som arbeider i Fredrikstad, kan
Sjå:
Sjå: