Hopp til innhold

Kontorkonsert med SISU

Konserten med slagverkensemblet SISU vart ein kontorkonsert i dobbel betydning. Dei tre perkusjonistane framførte ein av sine låtar med saks, papir og reknemaskin.

Video Kontorkonsert med SISU

SISU består av slagverkarane Marius Søbye, Bjørn Skansen og Tomas Nilsson. (Stillfoto: Fred-Olav Vatne)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Etter å ha framført to av sine «vanlege» nummer under konserten tirsdag på dei medbrakte perkusjonsinstrumenta, tok SISU i bruk inventaret då dei spelte låt nummer tre, Friendship Remix.

– Vi gjekk gjennom lokalet på førehand og fann dei gjenstandane som laga best lyd, sa Tomas Nilsson etterpå.

– Fin lyd frå saksene

Bjørn Skansen i SISU spelar saks

Bjørn Skansen i SISU spelar saks.

Foto: Bill Roger Gystad / NRK

Saman med dei to andre slagverkarane i gruppa, Bjørn Skansen og Marius Søbye, tromma Nilsson laus på hyller og pultar i MICs kontorlokale.

– Reknemaskinen var nok den største overraskinga, den læt flott når den reknar saman tala. Det vart dessutan fin lyd då vi klipte med saksene, og då vi reiv papirark frå søppeldunken.

Les: Variert og uhøytidelig

Spelte ballong på Sri Lankas Idol-show

Ensemblet har vore på fleire internasjonale turnear, og under ein skuleturné på Sri Lanka i 2010 stilte dei som pauseinnslag under den lokale utgåva av Idol – Shakti Super Star. Rolf Wallins stykke Scratch vart framført med tre ballongar – og knivar.

Les: På ballongturné i Asia

Sjå innslaget frå Shakti Super Star her:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

BigBang og Sundfør på veg til kontoret

Kontorkonsertane er eit samarbeid mellom NRK og MIC Norsk Musikkinformasjon, og SISU-konserten fann stad i MICs lokaler i Oslo.

Den neste kontorkonserten finn stad i Fredrikstad 12. april, der BigBang skal spele hos datafirmaet Prediktor. Susanne Sundfør skal spele på eit kontor i Oslo 26. april.

Sjå: Kontorkonsert med Jarle Bernhoft

Sjå: Kontorkonsert med Mathias Eick

Sjå: Kontorkonsert med Christianssand String Swing Ensemble

Sjå: Kontorkonsert med Gjermund Larsen Trio

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.