I løpet av det siste året har bruken av ord som er knytt til klima auka kraftig, ifølgje Oxford Dictionaries. Det er bakgrunnen for at dei har valt «climate emergency» som årets ord, skriv The Guardian.
Definisjonen på ordet er ifølgje Oxford «ein situasjon der det hastar med å gjere tiltak for å redusere eller stoppe klimaendringar, og unngå potensielt irreversible miljøskadar som følgje av dette».
Grunnen til at dei valde dette ordet som årets ord skuldast både at vi har blitt meir merksame på klima i året som har gått, men også at endra språkbruken når vi diskuterer dette.
Språkrådet ikkje overraska
Det siste året har det vore fleire saker som har gjort at klima har fått meir spalteplass i verdspressa. Fleire stader i verda har det vore store skogbrannar, blant anna etter ekstrem tørke, som mange set i samanheng med endringar i klima.
Det har også vore skulestreikar i fleire land, og svenske Greta Thunberg si ferd i seglbåt frå Sverige til USA fekk stor merksemd på begge sider av Atlanterhavet.
- Les:
- Les:
Valet av årets ord i Storbritannia kjem difor ikkje som ei overrasking, meiner seniorrådgjevar Dagfinn Rødningen i Språkrådet.
– Det er ikkje heilt uventa at eit ord knytt til klimadebatten blir kåra til årets ord. Dette har prega året både her heime og i utlandet, seier han til NRK.
Kan bli klima også i Noreg
Klimadebatten har fått stor merksemd også i norske medium i 2019. Ifølgje tal frå medieselskapet Retriever har norske redaksjonar skrive over 130.000 artiklar om klima hittil i år. I heile 2018 blei det skrive drygt 90.000 artiklar.
Seniorrådgjevar Dagfinn Rødningen i Språkrådet er ikkje overraska over at det blei eit klimaord som blei årets ord i Storbritannia.
Foto: Moment Studio3. desember kårar Språkrådet årets ord i Noreg. Rødningen utelukkar ikkje at det kan bli eit klimarelatert ord i her til lands også.
– Vi vurderer blant anna ord som blir mykje brukt gjennom året. Og klima har vore eit dominerande tema gjennom året, og då er det naturleg at ord som har med dette er med i vurderinga.
Han seier at dei vurderer årets ord ut frå fleire kriterium.
– Vi ser på dei språklege kvalitetane eit ord har. Vi ser om dette er eit relativt nytt ord, om det har ei kreativ framtoning eller ei uvanleg samansetjing. Det kan også vere gamle ord som blir brukt på ein ny måte.
- Les: