Filmskaparen var i gang med ein film om opptøyane i Iran etter at Mahmoud Ahmadinejad vart attvald i 2009. Styresmaktene skulda han for å lage ein regimekritisk film,
.Etter å ha sveltestreika i protest mot fengslinga, vart Panahi
Men i går vart han dømd til seks år i fengsel, og han får heller ikkje lage film, eller reise ut av Iran dei neste 20 åra, opplyser advokaten hans. Han er også fråteken retten til å verte intervjua av nasjonal og internasjonal presse. Dommen vil verte anka, seier advokaten til AFP.
– Ein pseudo-dom
Jurymedlem Juliette Binoche i Cannes under ei pressekonferanse om fengslinga av Panahi.
Foto: JEAN-PAUL PELISSIER / ReutersDen franske kulturministeren, Frederic Mitterand, kallar dommen ein pseudo-dom, som hindrar Panahi å utøve talentet sitt.
– Dette er eit uakseptabelt angrep på ytringsfridomen hans, seier Mitterand.
Jafar Panahi er kjend for samfunnskritiske filmar som «Crimson Gold», og i 2000 fekk han sitt internasjonale gjennombrot med Gulløven frå filmfestivalen i Venezia for
. For «Offside» vann han i 2006 ein sølvbjørn på Berlin internasjonale filmfestival.I februar 2010 nekta dei iranske styresmaktene han å reise ut av landet for å delta på filmfestivalen i Berlin. Jafar Panahi skulle også ha vore ein av jurymedlemmene under filmfestivalen i Cannes i år.
Krav frå den
, førde ikkje fram.– Signifikant dom
Sharam Algasi, iranar og medievitar ved Universitetet i Oslo, synest det er leit at dei iranske styresmaktene vel å straffe Panahi så strengt.
– Dette er ein signifikant dom, som fortel mykje om tilstanden i Iran. Alle som tenkjer annleis vert arresterte, eller må flykte frå landet, seier Sharam Algasi, medievitar ved Universitetet i Oslo.
Han fortel at folk i Iran liker filmane til Panahi, og han vert oppfatta som ein viktig filmskapar.
– Han har vorte dømd fordi han er ein systemkritiskar. Fordi han ikkje oppfyller ideane og krava styresmaktene stiller til iranske kunstanarar.
- LES ÒG:
- LES ÒG:
Var optimistisk i september
Då Panahi i september i år vart intervjua av AFP, var arbeidssituasjonen hans framleis vanskeleg, trass i at han på det tidspunktet ikkje sat fengsla.
– Når ein filmskapar ikkje lagar film, er det som han er fengsla. Sjølv om han er lauslaten frå det vesle fengslet, vandrar han berre rundt i eit større fengsel, sa Panahi i med AFP.
– Hovudspørsmålet er: kvifor skal det vere eit brotsverk å lage ein film? Ein ferdig film, den kan verte bannlyst, men ikkje regissøren, sa Panahi.
Panahi var likevel optimistisk med tanke på å halde fram å lage film i Iran, trass i at forholda har vorte verre det siste året.
– Avgrensingar har alltid eksistert, og denne æraen vil også få ein slutt. Det er viktig å ha tolmod og motstandskraft, sa Panahi i september.
- LES ÒG: