Hopp til innhold

Else Kåss Furuseth kan vinne tre Gullruter

Når TV-bransjen skal feire seg sjølv under utdelinga av Gullruten 19. juni, kan Else Kåss Furuseth hente heim tre prisar. Sjå alle dei nominerte her.

Kåss til kvelds

«Kåss til kvelds» kan få Gullruten for beste underhaldningsprogram.

Foto: Julia Marie Naglestad

Vanlegvis blir TV-prisen Gullruten delt ut i Bergen i forbindelse med konferansen Nordiske Mediedager. Men på grunn av koronaepidemien, blei utdelinga flytta.

No er det klart at årets prisar blir delte ut på ei direktesending på TV 2 og TV 2 Sumo, med Sigrid Bonde Tusvik og Morten Hegseth som programleiarar.

Du kan sjå heile nominasjonslista på heimesida til Gullruten.

Morten Hegseth og Sigrid Bonde Tusvik Gullruten

Morten Hegseth og Sigrid Bonde Tusvik har mange Gullruter å dele ut når TV-bransjen feirar seg sjølv i Oslo 19. juni.

Foto: Gullruten

Nominert til tre prisar

Ein av dei som kan få famna full denne kvelden er Else Kåss Furuseth.

Saman med Markus Neby har ho invitert kjendisar til kveldskos på laurdagskvelden i programmet «Kåss til kvelds» på NRK denne våren. No er programmet nominert til Gullruten for beste underhaldningsprogram.

Dei andre nominerte i kategorien er «Maestro» som gjekk på NRK, sesong 15 av «Skal vi danse» på TV 2, og «Kongen Befaler», som gjekk på TV Norge.

Før ho kom til NRK, laga Else Kåss Furuseth blant anna dokumentarserien «Else om: barn» som gjekk på TV Norge. Serien er no nominert til beste dokumentarserie, og Furuseth er også nominert i kategorien beste programleiar innan underhaldning for serien.

Maren og Anton

Maren Teien Rørvik frå programmet «Bølle til bestevenn» er nominert til prisen for beste programleiar i eit underhaldningsprogram. Hunden Anton er nominert i kategorien Årets deltaker.

Foto: Monster

I programleiarkategorien er også Maren Teien Rørvik frå «Bølle til bestevenn», Jon Almaas frå «Praktisk info med Jon Almaas» og Einar Tørnquist frå «Brille» nominerte.

Nyheiter og aktualitet

I programleiarkategorien for nyheit, sport og aktualitet er står det mellom to NRK- produksjonar og to program frå TV 2. Lydia Gieselmann er nominert for vitskapsprogrammet «Newton», medan Fredrik Solvang er nominert for innsatsen i «Debatten».

I tillegg er Kadafi Zaman og Janne Amble nominerte for dokumentarserien «Norge bak fasaden», og Petter Nyquist for» Petter i fengsel».

Insider FEM

«Insider FEM» er nominert til Gullruten i kategorien beste nyheits-, sports- eller aktualitetsprogram. I den tredje sesongen handlar det blant anna om dei mange unge i Oslos rusmiljø.

Foto: TV Norge

I kategorien beste nyheits-, sports- eller aktualitetsprogram vil det stå mellom NRK-programma «Debatten», «Innafor», «Verdens vakreste leker» og «Insider FEM», som gjekk på kanalen FEM.

Drama og komedie

Med nye internasjonale aktørar på banen, har norske TV-kanalar satsa tungt på dramaproduksjonar dei siste åra. I Gullrute-kategorien beste dramaproduksjon finn vi både norske og internasjonale aktørar.

Seriane «Exit» og «22. juli» som gjekk på NRK, skal konkurrere med «Heksejakt» på TV 2 og «Beforeigners» på HBO Nordic.

EXIT

Dramaserien «Exit» om fire kameratar i Oslo finansverd, fekk gode kritikkar og høge sjåartal. No kan serien få Gullruten for beste dramaserie, og Simon Berger (nummer to til høgre) kan få pris for beste hovudrolle.

Foto: Ingeborg Klyve / Fremantle

I tillegg blir det delt ut Gullrute til beste humorprogram. Her står det mellom «Vikingane», «Førstegangstjenesten» og «Kongen av Gulset», som går på NRK, og «Hvite gutter» som går på TV Norge.

I skodespelarkategoriane finn vi skodespelarar som har spelt i seriane «Exit», «22. juli», «Heksejakt» og «Vikingane».

Fagprisar

Også dei som arbeider i kulissane skal få sin heider under prisutdelinga. Det blir delt ut fagprisar i ein rekke kategoriar for blant anna regi, foto og grafisk design.

I dramakategoriane er Jon Iver Helgaker («Vikingane»), Øystein Karlsen («Exit») og Pål Sletaune («22. juli») nominert for beste regi. I manuskategorien er Sara Johnsen («22. juli»), Øystein Karlsen («Exit»), Øyvind Holtmon, Steinar Klouman Hallert, Erlend Mørch og Tina Rygh («Sigurd fåkke pult») nominert.

Programma som konkurrerer om Gullruten og Fagprisen har vore publisert på TV og/eller nett mellom 18. mars i fjor og 26. april i år.

AKTUELT NÅ