Hopp til innhold

Olaf Gunnar blei trekt i feriepengar etter at han streika – kommunen innrømmer feil

650 streikande er ramma av feil streiketrekk i Oslo kommune. Det meiner Unio at kommunen heilt klart burde styrt unna.

Barnehagelærar Olaf Gunnar Alteren

Barnehagelærar Olaf Gunnar Alteren seier at han er fortvila over Oslo kommune.

Foto: Aksel Hallan Halmøy / NRK

– Dette er eit lite økonomisk jordskjelv for ei ganske sårbar yrkesgruppe. Vi har nettopp lagt bak oss ein streik der vi kjempa for å få auka reallønna slik at vi kan vera konkurransedyktig i samsvar med andre yrke. Når vi då i tillegg får eit uforståeleg trekk ...

Barnehagelærar Olaf Gunnar Alteren (48) ristar på hovudet.

– Vi er ganske sinte no, legg han til.

– Det er jo slik at når ein streikar, så får ein ikkje lønn. Det er alle einige om. Men det som har skjedd no, er at våre medlemar ikkje har blitt trekte i lønn, men har blitt trekte i feriepengar. Det skapar eit stort problem, seier Jorunn Folkvord som sit i streikekomiteen i Unio.

Tapar 2000 til 7000 kroner

Folkvord fortel at Unio blei gjort merksame på dette førre fredag, då medlemar hadde fått lønn og oppdaga at dei hadde fått for lite feriepengar.

Ho fortel at det er 650 medlemar som er råka av dette, og at det for medlemane var snakk om eit manglande beløp på mellom 2000 og 7000 kroner.

Jorunn Folkvord, streikekomiteen i Unio Oslo.

Jorunn Folkvord, som sit i streikekomiteen i Unio Oslo, meiner at kommunen ikkje har gjort eit god nok arbeid i etterkant av streiken.

Foto: Rune Hammerstad fotorune.com

I og med at feriepengane blei tente opp i fjor, meiner ho at ein difor ikkje kan bli trekt i feriepengane for streiken i år.

– Det vil koma i orden når skatteoppgjeret kjem neste år, men det hjelper ikkje folk denne sommarferien, legg ho til.

– Streikande skal ikkje bli straffa i ettertid

– Det er litt mas, spesielt no midt på sommaren, seier Anniken Edland (23) som er sjukepleiar ved Kommunal akutt døgneining ved Aker universitetssjukehus.

Ho fortel at det var mykje fram og tilbake i sjølve streiken, og at det kjentest urettferdig at det var så mykje snakk om fare for liv og helse, når det under heile streiken var grunnbemanning som dei har stadig vekk.

I tillegg blei det sendt inn dispensasjonssøknadar, slik at dei måtte på jobb likevel.

– Det var mange som gleda seg til å stå opp for kva vi fortener ved å streika. Og så blei det jobb uansett. Og så no blir det meir styr ved at ein ikkje forstår lønnsslippen. For ikkje berre blir vi trekte i juni, men det som står i lønnsslippen gir ikkje meining, seier ho.

Anniken Edland, sjukepleiar i Oslo kommune.

Sjukepleiar Anniken Edland seier at lønnsslippen ho fekk ikkje gav meining.

Foto: Privat

Folkvord i Unio understrekar at streiking er eit lovleg verkemiddel, og at dei har vore i ein lovleg streik.

– Og då skal ikkje dei streikande bli straffa for dette i ettertid, seier ho.

Ho vel å tru at det er snakk om rot og misforståing.

– Men det er ganske uprofesjonelt. Dette burde Oslo kommune heilt klart ha styrt unna med god margin. Dette er absolutt noko kommunen burde ha visst om. Dei burde hatt eit systematisk etterarbeid etter ein streik, på same måten som vi gjer, seier ho.

Ikkje ulovleg

– Feriepengar som skal utbetalast i juni i år, blir berekna av løn, bonus og så vidare som er opptjent i 2020. Det har ikkje noko å gjera med ein streik i 2021. Trekk kan her ikkje gjerast utan samtykke av den tilsette, seier Jan Tormod Dege, advokat og ekspert på arbeidsrett.

Jan Tormod Dege

Arbeidsrettsekspert, Jan Tormod Dege, meiner feriepengar opptjent i 2020 ikkje har noko med streiken i 2021 å gjera.

Foto: NRK

Vigleik M. Aas, leiar for Arbeidstilsynet si svarteneste, seier likevel at det er høve til å trekkja personar både av ordinær lønn og av feriepengar dersom dei har fått for mykje utbetalt lønn i samband med streik.

– Dette følgjer av arbeidsmiljølova. Men det føreset sjølvsagt at utrekninga av trekket blir gjort riktig, seier han.

Vigleik Mikal Aas, leder for Arbeidstilsynets svartjeneste.

Vigleik Mikal Aas, leiar for Arbeidstilsynets svarteneste.

Foto: PRIVAT

Oslo kommune skriv fredag ettermiddag ein i e-post til NRK at dei torsdag tok imot ein førespurnad frå Unio om saka. Dei erkjenner at dei har gjort ein feil.

– Det skjedde diverre ein feil i utbetalingane til nokon av dei som var i streik i mai og juni. Vi har jobba intenst med å få retta opp i denne feilen så rakst som mogleg. Dei tilsette vil få betalt tilbake det som blei trekt i samband med fråvær på grunn av streik, seier Nina Gopinder Pannu, kommunikasjonsrådgivar i byrådsavdelinga for finans.

Ho fortel vidare at pengane vil bli utbetalt frå Oslo kommune måndag, og at eit korrekt lønnstrekk for dagane dei råka tilsette som var i streik, vil bli gjort i august.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger