Hopp til innhold

På sitt beste

Lars Saabye Christensen går opp gamle spor i romanen «Byens spor». Når han har valt å skrive etter formelen same, but different, er han i godt selskap.

Lars Saabye Christensen

Lars Saabye Christensen i Oslo i høst like før den nye boka kom ut.

Foto: Olav Døvik / NRK

TITTEL: «Byens spor»
FORFATTAR: Lars Saabye Christensen
FORLAG: Cappelen Damm

Dette er nemleg hausten då ei rekkje etablerte forfattarar slår til og skriv seg opp mot sitt beste. Eg nemner i fleng: Herbjørg Wassmo, Jan Kjærstad, Carl Frode Tiller, Tore Renberg og no Lars Saabye Christensen. Fenomenet spreier seg altså over to generasjonar, og felles for alle er at dei ikkje går over til noko heilt nytt, men at dei på kvar sitt vis er høgst attkjennelege og fleire grip tilbake til slikt dei har gjort for lenge sidan.

Byens spor
Foto: Cappelen Damm

Dette er på ingen måte ei åtvaring mot fornying, men meir ei konstatering. Så når Lars Saabye Christensen opnar romanen «Byens spor» på denne måten: Kirkeveien begynner på Frogner plass, der trikken svinger østover mot Elisenberg og Solli, ja så skriv han seg inn i denne rekkja.

For Kirkeveien og nærområda er eit kjent landskap for Saabye Christensens lesarskare. Her har mange av personane hans vakse opp under til dels krevjande forhold.

Det er noko med Jesper

Det er Jesper denne gongen. Han er sju år, det er like etter krigen, far arbeider i reklamebyrå, mor er heimeverande og arbeider frivillig i Røde Kors, avdeling Fagerborg.

Men så er det fars stadige turar på Bristol, Bris blant den indre kjernen, og så er det den tungt sørgjande enka i etasjen over, og det er sonen til slaktaren som kom under trikken og miste høyrselen. Noko er det med alle. Først og fremst er det noko med Jesper, og igjen, her er vi i kjent terreng i meir overført meining: Å gje personane heilt spesifikke trekk, er nemleg eit kjenneteikn ved denne forfattaren: Éin er kortvaksen, ein annan er skalla og så vidare.

Jesper skil seg ikkje ut fysisk. Men det er noko med han. I dag ville han truleg blitt diagnostisert som lettare autistisk eller noko i den retninga. Huslegen kallar han følsom.

Kunsten ligg i detaljen

«Byens spor» leikar ikkje etterkrigstid, men han leikar med denne tida. Her er alt på plass: eksteriør, interiør, gjenstandar, levemåtar, normer, store saker, små saker og det ein ikkje snakkar om. Og ikkje minst talemåtar og sjargong, eller jargon som det truleg ville heitt på den tida, slikt som striskjorte og havrelefse, ålbings og det meir gåtefulle kola vippen.

Det er alt dette som er romanen: Ei tid, og ei gruppe personar som lever heilt vanlege og heilt unike liv. Små hendingar i den store samanhengen er store hendingar i den vesle: Eit dødsfall, eit bryllaup, ein sommarferie, pengesorger, hjartesorg, ei ny søster, aktivitetane i Røde Kors, der dei samlar inn pengar, lagar matpakker og reiser på tur med dei gamle.

Eit godt spor

Forfattaren greier å skape ein nerve i dette heilt vanlege, som gjer at det kjennest som djupt relevant å få vite kva enkefru Vik føler når ho blir invitert på restaurant av ein litt for ivrig enkemann. Slik opnar romanen opp for ei av dei edlaste sidene ved skjønnlitteraturen: nemleg vår evne til å leve oss inn i og føle med andre menneske. Alle har sitt å stri med, ikkje minst Jesper som eg er nokså sikker på å møte att i ei anna bok.

Det har hendt at eg under lesinga av tidlegare romanar av Lars Saabye Christensen har støytt mot ein type maniert og melankolsk tilnærming som trass i all eleganse har vore irriterande. Ikkje så denne gongen. Her er han på sitt beste. Måtte han bli verande her framover.

  • Fleire bokmeldingar fra NRK:
Bokforside

«Skada gods» av Tore Renberg: Når Renberg for tredje gong inviterer oss med på tokt med Hillevågsgjengen, gjer han det etter prinsippet more is more. Det sit som eit skot.

Penelope er syk - forside
Foto: Gyldendal forlag

«Penelope er syk» av Ole Robert Sunde: Umiskjennelig sansende, strømmende og intenst oppmerksom på detaljene, raus i assosiasjonene. Slik kunne vi si at vi står overfor en typisk Sunde-tekst, hvilket vi også gjør, men her er også noe eget som bare denne romanen har. En forventet sorg, uomgjengelig smerte, et tap som ennå ikke er utløst.

Lasaruseffekten omslag

«Lasaruseffekten» av Tom Egeland: Han kan dette. Kanskje er han til og med best i sjangerklassen. Han er, sant å si, et forbausende oppkomme av «nye» manuskripter å lete etter, flere forsvunne papyrusruller.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska