Hopp til innhold
Anmeldelse

Ellevilt gjensyn med Hillevågsgjengen

Når Renberg for tredje gong inviterer oss med på tokt med Hillevågsgjengen, gjer han det etter prinsippet more is more. Det sit som eit skot.

Forfatter Tore Renberg med briller og Mariusgenser

Tore Renberg held stilen i romanen Skada gods.

Foto: Tommy Ellingsen / Oktober forlag
Bok

«Skada gods»

Tore Renberg

  • TITTEL: Skada gods
  • FORFATTAR: Tore Renberg
  • FORLAG: Oktober

Hillevågsgjengen er ei samling av temmeleg skadeskotne typar. Barndommen har fare hardt både med dei tre i kjernegruppa og med den yngre generasjonen som har slutta seg til. Og då meiner eg hardt: For søskenparet Jan Inge og Cecilie handla det om ei narkoman mor og ein far som stakk til USA. Jan Inge blei hallik i ung alder og selde den endå yngre Cecilie til alle som kunne betale. Dette kunne danna utgangspunkt for ein tåredryppande historie om forsømte barn og elende.

I staden får vi ei skikkeleg røvarhistorie om det same, der dei to og kjærasten til Cecilie, Jan Inges beste ven, stel frå dei rike og gjev til dei fattige, det vil seie til seg sjølve. No er planen å bli lovlydige borgarar. Dei må berre gjere det store varpet for å kunne finansiere eit slikt liv. Problemet er naturlegvis at det store varpet har ein pris. Kjellaren blir fylt opp av unemnelege ting, i nyinnkjøpte frysarar. Kan dei kome seg ut av dette?

Ein uvanleg breispektra forfattar

Bokforside

Skada gods er den tredje romanen om Hillevågsgjengen.

Hillevågsgjengen er ein forfriskande vri i den frå før svært allsidige forfattarskapen til Renberg, som har teke oss frå modernistisk kortprosa via Garborg-inspirerte bøker om religion og galskap, til oppveksten til Jarle Klepp.

For ikkje å gløyme barnebøker, dramatikk og filmmanus. Ikkje alt har vore gull, men han skal ha for viljen til å gå nye vegar. Og ja, langs ruta finst bøker som kan hentast opp att og som fortener eit langt liv.

Elleville tilstandar

No har det altså kome tre bøker om Hillevågsgjengen, bøker som er såpass handlingsstyrte og visuelle at dei allereie liknar på filmmanus som dei amerikanske Coen-brørne kunne fått mykje ut av.

Renberg er god til å teikne tydelege personar som likevel ikkje er verken eintydige eller eindimensjonale. Han er også god på å spikre saman intriger som ikkje nødvendigvis er truverdige om ein stiller spørsmålet: Kunne dette ha skjedd akkurat slik?

Men innanfor romanuniverset er eg villig til å vere med på nesten alt. Eg slit litt når den heilt unødvendige bossen, med sine tendensar til pervopsykopatiske trekk, entrar scenen og skrur konfliktane opp eit hakk. Det er likevel ikkje verre enn at det går an å leve med.

Purk eller skurk

For det Renberg får til her, er å lage ei skikkeleg røvarhistorie og på same tid leggje inn eitt nivå til, for dei som likar slikt. På dette andre nivået gjeld også prinsippet more is more. Ein ting her er den nokså eksplisitte kritikken av det nyrike Noreg, her med Stavanger som ikkje tilfeldig valt åstad.

Vel så interessant er måten han viser den svært korte avstanden mellom purk og skurk; det skal så lite til for å hamne på feil side. Når våre folk prøver å lage seg eit liv, handlar det om familieverdiar og uro for at dei ikkje held følgje med den generelle velstandsutviklinga. Dei er plaga av dårleg samvet, dei prøver å gjere godt, dei blir sjalu og mistenksame, dei svik og dei tilgir.

Her trengst ein oppfølgjar

Kort sagt: dei er uhyre menneskelege og eg vil tru det er fleire enn meg som heiar på Hillevågsgjengen sjølv om vi ikkje akkurat applauderer måten dei ordnar opp på, verken med fiendar eller med heving av inntektsnivået.

Når Renberg unner seg å leggje inn eitpar rundkast i siste sving, opnar han for nye bøker om denne gjengen. Dessutan er det jo ein graviditet på gang og nokre frysarar som skal tømmast. Sjølv om tre ofte er nok i ein bokserie, ønskjer eg meg ei bok nummer fire for å få vite korleis det går med desse folka som eg har stor sans for, men som eg nødig ville hatt på døra.

  • Fleire meldingar frå NRK:
Carl Frode Tillers Begynnelser

«Begynnelser» av Carl Frode Tiller: Når du lengtar etter å kome i fengsel, alternativt: håpar at kjellarbua treng grundig opprydding, ja, då er det skralt stell. Carl Frode Tiller er framleis noregsmeister i kunsten å skildre ekstremt forknytte, forstilte og fortvilte menneske.

Toril Brekke, Alle elsket moren din

«Alle elsket moren din» av Toril Brekke: Det forsømte barnet er ein kjend figur i samtidslitteraturen. Toril Brekke er av dei som greier å skildre slike frå innsida, noko ho viser på ny i romanen «Alle elsket moren din».

David Lagercrantz: Mannen som jaget sin egen skygge

«Mannen som jaget sin egen skygge» av David Lagercrantz: Med Lisbeth Salander – langt på vei – henvist til listen over viktige bipersoner, er det få gode grunner igjen til å fortsette Millennium-serien. Bortsett fra pengene.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska