«Norge i 2020» er en artikkelserie på NRK.no der kvalifiserte fagfolk ser i spåkula og forteller hva som ligger ti år fram i tid i deres fagfelt. Disse tekstene presenterer en beskrivelse av hverdagen vår og er uredigerte tekster fra forfatterne.»
---------------------------------------------------------------------
Nina Teigland i Språkrådet trur vi er svært opptekne av språket vårt i 2020.
Foto: SpråkrådetVil engelsk smyge seg innpå og ta over? Vil butikkane invitere til januarsal eller til January Sale? Vil norsk vere i bruk på alle samfunnsområde? Vil språket endre seg dramatisk?
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Spåkula er grumsete, men ein kan ane korleis tilstanden vil vere i 2020. Dessutan seier språkpolitikken noko om korleis vi ønskjer at språket vårt skal vere.
Ei språkutvikling upåverka av politisk, økonomisk eller ideologisk makt er knapt tenkjeleg.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Norsk i rock og butikk
Vi norskbrukarar er svært opptekne av språket vårt og ser verdien språket vårt har. Dette er eit godt utgangspunkt for framtida til norsk språk. Vi kan sjølv påverke biletet i spåkula.
Viss alle yter sin skjerv, kan situasjonen i 2020 sjå slik ut:
- Alle norske bedrifter bruker norsk når dei kan, og engelsk berre når dei må, fordi vi arbeider og tenkjer betre på morsmålet vårt, er meir kreative og faktisk meir lønnsame.
- Folk kjenner seg minst like viktige og dyktige på norsk som på engelsk, og det er ingen statusskilnad mellom språka.
- Innanfor akademia er det naturlege språkvalet norsk. Universitets- og høgskulesektoren forvaltar det viktige ansvaret dei har for norsk fagspråk innanfor alle fagmiljø. Mastergradsoppgåver blir skrivne på norsk. Norsk pensumlitteratur for høgare utdanning er sjølvsagt, og norsk er undervisningsspråk.
- Òg blant kulturfolk er norsk like bra som engelsk. Jass, rap og rock på norsk lir ikkje av eit mindreverdskompleks, og ein høyrer aldri folk seie at engelsk er eit rikare språk.
- Full jamstelling mellom nynorsk og bokmål er eit grunnleggjande prinsipp. Nynorsk og bokmål er sjølvsagde delar av norsk språk, og nordmenn er stolte av sin særeigne språksituasjon.
- Dei som arbeider i staten, skriv klart og tydeleg. Folk får ikkje lenger offentlege brev med uforståeleg tåketale.
Den som snakkar, får sjå
Språk er fyrst og fremst eit kulturutrykk, seier Språkrådet.
I dag er norsk under press frå engelsk. Skal norsk bli brukt i alle sektorar i samfunnet i framtida, er vi avhengige av at det finst norsk terminologi og eit levande norsk fagspråk som kan fungere ved sida av det engelske på alle fagområde. Her er det nødvendig med ei vesentleg styrking av innsatsen frå samfunnet si side.
Språk er kommunikasjon og tradisjon, identitet og kulturarv, kollektivt minne og reiskap, leik, underhaldning, makt og mykje meir. Språk er først og fremst eit kulturuttrykk.
Språkbrukarane – du og eg og alle andre – avgjer korleis språket utviklar seg. Den som skriv og snakkar, får sjå.
Kor meiner du det norske språk er i 2020? Diskutér under.