Hopp til innhold

KORK kammer med ungdommen

NRK Store studio onsdag 29. mai kl. 19.00

Marie Tetzlaff, solo-oboist i ringkastingsorkestret
Foto: Marinette Tonning-Olsen / NRK

Unge musikarar frå Musikk på Majorstuen
Musikarar frå KORK

  • Wolfgang A. Mozart: Serenade for blåsarar i c-moll
  • Johan Svendsen: Oktett for strykarar

Eit heilt nytt samarbeid går føre seg i sesongens siste kammerkonsert. På initiativ frå Marie Tetzlaff, solo-oboist i KORK, skal musikarar frå orkesteret spele saman med betydeleg yngre musikantar frå Majorstuen skole. Elevar med eit spesielt talent og interesse for musikk kan få ein plass på skolen, der dei får lære av dei beste. Her får dei i tillegg eit heilt spesielt møte med det profesjonelle musikklivet, når dei skal bidra til ein KORK kammer. Det betyr, som mange veit, kammermusikk på høgste nivå, heilt sidan starten i 2006.

Blåsarane skal spele ei av serenadane til Mozart. Kammermusikk i stort format, og ofte tenkt som utandørs underhaldning.
Strykarane presenterer eit norsk meisterverk av ein våre store: Oktett av Johan Svendsen.

BILLETTAR