Hopp til innhold

KORK kammer - Das Lied von der Erde

NRK Store studio søndag 28. april kl. 14.00

Gustav Mahler
Foto: A. Dupont via Wikimedia Commons

Hans Petter Mæhle, dirigent
Astrid Nordstad, mezzosopran
Kjetil Støa, tenor
Musikarar frå Kringkastingsorkestret

  • Gustav Mahler/Arr: Iain Farrington: Das Lied von der Erde

Få med deg eit av storverka til Gustav Mahler i ei sjeldan utgåve!
Mahler er kjend for dei storslegne verka, og som han sjølv sa: «Ein symfoni skal romme ei heil verd!» Fleire av symfoniane hans har med både kor og songsolistar, i tillegg til at han utvidar rammene for kor lang ein symfoni skal vere.
Mot slutten av livet opplever Mahler fleire harde slag: Han mister den eldste dottera si, han får vite at han lir av ein ulækjeleg hjartesjukdom og han møter motstand i jobben som dirigent på Operaen i Wien.

På denne tida skriv han to av sine siste orkesterverk, den djupe og inderlege 9. symfoni og Das Lied von der Erde, Jordens sang.
Er Jordas sang ein symfoni eller ein symfonisk sangsyklus? Dei seks songane byggjer på gamle kinesiske dikt, omsette til tysk av Hans Betghe på byrjinga av 1900-talet. DIkt om kjærleiken, vår og haust, glede og sorg, velkomst og avskjed, kort sagt: livet og «heile verda». Frå fyrste song: Drikkevise om verdas jammer til den siste, Avskjed, er syklusen meir enn ein time lang. Ein intens oppleving og ei stor oppgåve for både songarar og musikarar, og for dirigenten, som skal ha overblikket og spenne bogen over det heile. Det er Hans Petter Mæhle, til dagleg fiolinist i KORK, som har valt seg Das Lied von der Erde til denne unike versjonen av KORK kammer.

BILLETTAR