Kristoffer Wøien og Nina Haug, dirigentar
Alžběta Baldova, klarinett
- Edvard Fliflet Bræin: Ritmico e melodica
- Jean Sibelius: Lemminkäinen og jomfruene på Saari
- Carl Nielsen: Klarinettkonsert
- David Monrad Johansen: Pan
- Franz Schubert: Symfoni nr. 7 (den ufullenda)
Det er igjen tid for eit av vårens vakraste eventyr, når KORK stiller seg til teneste for dyktige, unge eksamenskandidatar frå Noregs musikkhøgskole. Sidan 1991 har dirigentar og solistar tatt eksamen til applaus frå publikum i Store studio. Mange av dei kjem tilbake til KORK som profesjonelle musikarar og dirigentar. Ta vel imot dei tre kandidatane!
Årets utgåve skiljar seg frå dei tidlegare, i det at vi har to dirigentar, som deler programmet mellom seg. Siste del dirigerast av Nina Haug, som avsluttar med Franz Schuberts magiske sjuande (nokre vil seie åttande, men det kan vi snakke om ein annan gong). Til å vere ein ufullenda symfoni, er den nok ein av dei mest fullkomne symfoniar i musikkhistoria.
Programmet elles er nordisk, mellom anna med ein av 1900-talets (og kanskje ei av musikkhistorias) finaste klarinettkonsertar. Den er skrive av ein mogen og suveren komponist som aldri gløymde det musikantiske og humoristiske i musikken sin. Klarinettkonserten blei Nielsens siste store symfoniske verk. Klarinettsolist Alžběta Baldova, er òg ein kandidat frå Musikkhøgskulen.
Danmarks store symfonikar får følgje av sin finske kollega, Jean Sibelius. Lemminkäinen er ein av figurane frå det finske nasjonaleposet Kalevala. Lemminkäinen nyttar sine forførariske evner på kvinnene på Saari, noko som ikkje fell i god jord når mennene kjem tilbake til øya....
I det symfoniske diktet Pan er komponist David Monrad Johansen inspirert av Hamsuns roman med same namn. Det er også tydelege franske trekk i dette norske meisterverket, fullt av klanfargar og naturmystikk.
Opningsverket, Ritmico e melodica er ein gløymd perle frå 1971, skrive av Edvard Fliflet Bræin til Kringkastingsorkestrets 25-årsjubileum. No skal det klinge i Store studio for første gong på 53 år!