Hopp til innhold

David Fray med KORK og Mozart

NRK Store studio onsdag 15. mai kl. 19.00

David Fray, pianist
Foto: Jean-Baptiste Millot / Warner

Elias Grandy, dirigent
David Fray, piano

  • Anton Webern: Passacaglia, op. 1
  • Wolfgang A. Mozart: Klaverkonsert nr. 20 i d-moll
  • Johannes Brahms: Symfoni nr. 1

Den franske pianisten David Fray er i dei siste åra hylla som ein pianist som fascinerer og overraskar, til og med provoserer med sine tolkingar av dei store meistrane. Først av alt ønskjer Fray å gjere musikken levande og aktuell for eit moderne publikum, og at KORK har klart å slå kloa i han til ein konsert i vesle Store studio er ei fjør i hatten. Kjenn di besøkstid for ei Mozartoppleving du vil hugse lenge. OBS: Programmet er forandra frå Klaverkonsert nr. 25 til Klaverkonsert nr. 20 i d-moll.

Den unge, tyske dirigenten Elias Grandy er snappa i den stadig akselererande karrieren hans.

Han serverer Anton Weberns verk nr. 1, ein Passcaglia. Sjeldan spelt og langt meir romantisk i klangen enn den Webern blei kjend for etter kvart. Brahms 1. symfoni, derimot, sit i ryggmergen til KORK. Den mektige symfonien kom til etter lang tids grubling og kvalar for komponisten, men det som da kom har blitt ein av dei store symfoniane i verdshistoria.

Konserten TV-produserast for Hovudscenen.

BILLETTAR