Hopp til innhold

Abels KORK

Abels tårn i orkesterutgåve
NRK Store studio torsdag 6. juni kl. 19.00

Torkild Jemterud
Foto: NRK

Torkild Jemterud, programleiar
Kolbjørn Holthe, musikalsk leiar/dirigent
MusicLab

Korleis verkar musikk på oss? Kva hender i hjernen vår når vi høyrer ein melodi vi liker - eller misliker? Kvifor reagerer vi ulikt på ulike typar musikk? Og korleis klarar eit heilt orkester å spele perfekt saman? Og må dei ha ei dirigent?

Kvar fredag svarar panelet i Abels tårn på alle slags naturvitenskapelege spørsmål, små og store frå lyttarane. Nokon vil langt uti verdsrommet, og andre er meir opptatt av kva som hender på kjøkkenet. Men musikk er noko vi alle, meir eller mindre, har eit forhold til. Han er rundt oss heile tida, og det er mykje ein kan lure på rundt musikk og korleis han talar til oss.Derfor har Abels tårn og KORK slått seg saman for å lage ei musikalsk utgåve av det populære programmet. Vi presenterer: Abels KORK!

Starten på det heile, var ein idé om å samarbeide med Music Lab, eit innovasjonsprosjekt gjennom Universitetsbiblioteket og RITMO - Senter for tverrfagleg forsking på rytme, tid og rørsle. Dei vil freista å gjere forsøk undervegs i programmet, og publikum blir invitert til å bli med, blant anna ved hjelp av mobiltelefonane sine. Korleis blir pulsen din eller pusten din påverka av musikken? Og kva med musikarane? Kva skjer med dei når dei spelar? Dei skal også vere med i eksperimentet. Samtidig skal eit kyndig panelet svare på så mange spørsmål dei greier, så send inn spørsmåla til abels@nrk.no, så kanskje du får oppleve at ditt spørsmål får eit svar - live i Store studio!

Og du skal sjølvsagt få høyre musikk av første klasse og i mange variantar, spelt av eit orkester som har gjort det meste, men dette blir kanskje enda noko nytt for dei sporty musikarane i KORK.

Programleiar er Abels faste og alltid entusiastiske Torkild Jemterud.
Og ja, det blir sjølvsagt vaflar utanfor Store studio i timen før det heile startar!

I samarbeid med Universitetsbiblioteket.

BILLETTAR