Hopp til innhold

Johanns og Volkov med tysk og fransk

NRK Store studio torsdag 15. februar kl. 19.00
Følg strømmen her!

Ilan Volkov, dirigent
Thorsten Johanns, klarinett
Claude Debussy/Arr: Hans Abrahamsen: Children's Corner
Paul Hindemith: Klarinettkonsert
Jean-Philippe Rameau: Suite frå Naïs

Ilan Volkov, dirigent Thorsten Johanns, klarinett Claude Debussy/Arr: Hans Abrahamsen: Children's Corner Paul Hindemith: Klarinettkonsert Jean-Philippe Rameau: Suite frå Naïs

Ilan Volkov, dirigent
Thorsten Johanns, klarinett

  • Claude Debussy/Arr: Hans Abrahamsen: Children's Corner
  • Paul Hindemith: Klarinettkonsert
  • Jean-Philippe Rameau: Suite frå Naïs

Ein meisterdirigent og ein meisterklarinettist møtest i Store studio. Den tyske klarinettisten Thorsten Johanns er etterspurd over heile verda som solist og kammermusikar. No tar han med seg den relativt lite spelte klarinettkonserten til landsmannen Paul Hindemith. Verket frå 1947 er tileigna Benny Goodman, men meir enn jazzrytmar lokkar Hindemith fram dei melodiske kvalitetane i klarinetten.

Dirigenten Ilan Volkov gjestar KORK for første gong, og rammar inn klarinettkonserten i fransk musikk. Sprelsk barokk avsluttar konserten, med suiten frå Rameaus opera om Neptun på kjærleiksferd.

Opninga er òg fransk, suiten Children's Corner av Claude Debussy. Her har dei kjende pianostykka, med all si sjarm og impresjonistiske klang, fått ei orkestral utviding, arrangert av Hans Abrahamsen, ein av dei fremste danske komponistane i dag.

BILLETTAR