Sommaren 1947 heldt komponisten Edvard Fliflet Bræin til i heimbyen Kristiansund. 22-åringen var ferdig med sine komposisjonsstudium i Oslo, og no var arbeidet retta mot ein tidsfrist i horisonten nokre mil lenger sør: Ålesund hadde lyst ut ein konkurranse om å skrive bykantate til byens 100-årsjubileum i 1948.
Den unge komponisten hadde eit visst familierykte å leve opp til i denne særeigne musikalske øvinga: faren Edvard Bræin, sjølv komponist og organist, hadde skrive bykantate til Kristiansund i 1942, og sluttnummeret «By ved hav» fekk snart status som bysong. Kunne sonen vinne hjarte i sunnmørshovudstaden i same stil?
– Han sat der og komponerte i all slags vêr
Edvard Fliflet Bræin gjekk målretta til verks i arbeidet, og kantata vart eit svært verk på 40 minutt. Han og kona Karen budde i leilegheita til faren hans, men Karen Bræin (93) hugsar at han brukte mykje tid på det populære utsiktspunktet Klubba i Kristiansund.
– Der sat han ofte lenge og komponerte og noterte, i all slags vêr, fortel Karen Bræin på telefon frå heimbyen Risør, der ho bur i dag.
– Han jobba med melodien inspirert av havet og øyriket. Det var flott utsikt frå Klubba, der han mellom anna kunne sjå ut til øya Grip. Der ute likte han seg også svært godt; han hadde ikkje båt sjølv, men fekk han skyss, drog han gjerne ut og beundra husa og den gamle kyrkja.
– Eg likte den med ein gong
Den mest velsmakande frukta av utsikta og arbeidet på Klubba var songen som i dag er kjend som «Ut mot havet», som i kantata vert sungen av ein tenorsolist. Karen Bræin hugsar framleis det gode førsteinntrykket ho fekk av songen:
– Han spelte den for faren på piano heime i stova hans. Eg likte den med ein gong. Den passa så godt til miljøet vi var omgitt av i Kristiansund.
Då juryen kunngjorde resultatet av kantatekonkurransen utpå våren 1948, vart Ålesunds eigen organist Edvard Solem utropt som vinnar, og Bræin hamna på andreplass. Han var nok skuffa over resultatet, men gjennombrotet som komponist viste seg å vere like om hjørnet likevel: hans Konsertoverture fekk seinare same året ei suksessrik urframføring av Oslo-Filharmonien.
Høyr «Ut mot havet» med KORK og dirigent Terje Boye Hansen:
– Det strømmet inn oppfordringer om å få høre den
«Ut mot havet» vart liggande i skuffa til litt utpå 1950-talet. Sunnmøre Fiskarlag skulle lage dokumentarfilm om fisket i regionen, og Bræin, som no var blitt dirigent for Ålesund Symfoniorkester, stod for musikken. Kringkastingsorkestret spelte så inn «Ut mot havet» til filmen med same tittel, som var klar for framsyning i 1956.
Øivind Bergh, som dirigerte Kringkastingsorkestret, fortel i boka «Takt og tone» i 1977: «Vi spilte inn musikken til filmen og ble meget begeistret for melodien.» I 1957 presenterte Bergh stykket i radioprogrammet Meloditimen: «Lytterne la merke til den med en gang, og det strømmet inn oppfordringer om å få høre den».
I åra som følgde vart «Ut mot havet» ein gjengangar på radio, vart ofte brukt i gravferder og liknande høve, og var etablert som ein norsk klassikar lenge før komponisten døydde i 1976. Sonen Hans Christian Bræin (f. 1948) minnest at faren hadde litt blanda kjensler om suksessen:
– Han var glad for at den vart så populær, men syntest nok at det var anna musikk han hadde skrive som var viktigare, som gjerne kunne fått meir merksemd, fortel Bræin.
Urframførte kantata etter 77 år
Aller mest kjent og kjær er nok songen i Bræins heimby Kristiansund, der vissa om at havet i songen er «deira hav» har gitt opphav til ulike opphavshistorier om korleis songen tok form «på mitt piano». Og noko sant kan det vere i alle, for kven veit om ikkje komponisten prøvde ut songen både her og der i løpet av sommaren?
Våren 2015 vart ringen slutta for «Ut mot havet»: Ålesund Symfoniorkester med kor og solistar, mellom andre Bræins barnebarn Ditte Marie Bræin, kunne omsider uroppføre bykantata i Ålesund, 77 år etter at konkurransen vart avgjort i komponistens disfavør. I salen var også Karen Bræin:
– Eg var svært rørt over å få høyre kantata, seier ho.
– Eg kjente jo så godt til melodiane frå den sommaren han laga den.
Tekst: Fred-Olav Vatne
(Andre kjelder som har bidratt med viktig informasjon til artikkelen: Lars Thomas Holm, dirigent ved uroppføringa av kantata og stipendiat i Musikkarvprosjektet, konservator Odd Williamsen ved Nordmøre Museum og professor Terje Aarset ved Høgskolen i Volda.)