Hopp til innhold

Vil ha 13 års forvaring for drapstiltalt 18-åring

EIDSIVATING LAGMANNSRETT (NRK): Statsadvokaten har lagt ned påstand om 13 års forvaring for tiltalt 18-åring i ankesaka for knivdrapet på Laura Iris Haugen (16) på Vinstra.

Begravelse på Vinstra

DREPEN: Laura Iris Haugen (16) vart knivdrepen den 31. oktober 2018 på Vinstra.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

– Utgangspunktet for ein vaksen person skulle vore 21 år, men dette bør justerast ned grunna alderen på tiltalte, sa aktor og statsadvokat Jo Christian Jordet i lagmannsretten.

I fjor sommar vart den då 17 år gamle guten dømt til 13 års forvaring, med minstetid på åtte år, for knivdrapet på Laura Iris Haugen (16).

Ankesaka starta 20. april i Eidsivating lagmannsrett, og aktor meiner det i saka er særleg skjerpande omstende. Aktor la ned påstand om 13 års forvaring, med minstetid på åtte år.

– Dette er planlagt i lengre tid, med rekognosering, innkjøp og mellomlagring av våpen. Dette skjedde fullstendig uventa, ho vart overfallen i sin eigen heim, der ho skulle vere trygg, sa Jordet i lagmannsretten.

– Ho vart utsett for massiv vald. Ho må ha kjent på ei enorm frykt like før ho døydde, sa han.

Forsvarar Gunnhild Bergan skal halde si prosedyre onsdag.

Fekk nye sakkunnige

Laura Iris Haugen (16) vart drepen den 31. oktober 2018 i nærleiken av heimen sin på Vinstra i Gudbrandsdalen. Ifølge obduksjonsrapporten vart ho påført 20 knivstikk i hovudet og overkroppen. Ho døydde av forbløding.

Då tiltalte vart dømt i tingretten, meinte Nord-Gudbrandsdal tingrett at det var tvingande naudsynt å verne samfunnet mot drapsmannen. Dei skildra fascinasjonen han hadde for vald som altoppslukande.

I tingretten var dei to sakkunnige i tvil, men konkluderte til slutt med at tiltalte ikkje var psykotisk på gjerningstidspunktet. Retten kunne dermed dømme tiltalte til forvaring.

Forsvarar meinte guten var utilrekneleg, og etter anke av dommen vart det bestemt at nye sakkunnige skulle vurdere tiltalte.

Dei to nye sakkunnige meinte også han var tilrekneleg.

– Her er det faktisk fire sakkunnige som er einige om at han er tilrekneleg. Dei fire sakkunnige er objektive, dei har ikkje noko behandlarforhold til tiltalte, sa Jordet i lagmannsretten.

– Dei tidsnære vitna har vore klare på at han ikkje var psykotisk, ifølge ein av dei sakkunnige. Det er dermed heilt klart at han skal ha straff, sa han.

Hadde planlagt å gjennomføre drapet

Politiet undersøker åstedet etter knivdrap på Vinstra

KNIVDREPEN: Både Kripos og lokalt politi etterforska knivdrapet i eit bustadstrøk på Vinstra i Gudbrandsdalen 31. oktober 2018.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Då behandlinga av anken starta i april erkjente den då 18 år gamle mannen dei faktiske forhold, men ikkje skuldspørsmålet.

Slik som i tingretten, forklarte tiltalte for lagmannsretten at han byrja å tenke på å drepe avdøde omtrent eit halvt år før drapet.

18-åringen forklarte retten at han følte seg einsam og at han var forelska i den jamaldra klassekameraten. Han har også forklart at han såg mykje på valdsfilmar i den perioden.

Tiltalte forklarte at han oppsøkte huset jenta budde i nokre dagar i førevegen av drapet fordi han hadde tenkt å gjennomføre det tidlegare, men endra planane.

Han stadfesta at han hadde med seg to knivar og ein hammar då han oppsøkte åstaden.

Bad om forvaring

Statsadvokaten skildra i lagmannsretten kva han meinte var motivet, og sa han meinte drapet hadde seksuelle undertonar. Han las opp eit dikt som tiltalte hadde laga, prega av groteske skildringar av sjølve drapet.

– Tiltalte har vist at han har ingen sperrer, sa Jordet.

Han la fram at sakkunnige seier at den tiltalte sin mangel på empati er ein risikofaktor, og at dei meiner det vil ta lang tid for tiltalte å endre seg. Ein av dei sakkunnige meiner det er usikkert i kva grad valdsfascinasjonen kan behandlast vekk.

– Denne sjansen kan ikkje samfunnet ta, fengselsstraff åleine vil ikkje vere tilstrekkeleg, difor er forvaring det einaste riktige, sa han.

Rettssak med smitteverntilak

SMITTEVERNTILTAK: Berre partane har fått vere til stades i sal 9 i Hamar tinghus, og har måtte sitte med minst to meters avstand. Fleire av vitna har deltatt via videolink. Ingen tilhøyrarar har hatt tilgang til saka. Pressa har følgd forhandlingane frå eit eige rom med videooverføring.

Foto: Dag Andreas Kessel / NRK

Forsvarer: – Forvaring ikkje naudsynt

(Oppdatert 6. mai:) Dølen og Gudbrandsdølen Dagningen melder på den siste dagen i rettssaka at forsvarar Gunhild Bergan ynskjer tvungent psykisk helsevern og ikkje forvaring.

Ho viser til at tiltalte ikkje har utført nokon valdshandlingar verken før eller etter drapet.

Ho meiner også at det ikkje kan utelukkast at tiltalte var psykotisk, og viste til at det var ei viss tvil om dette hos sakkunnige undervegs.

Flere saker fra Innlandet