Hopp til innhold

Området ligg under vatn etter flaumen – no kan det bli ein ny bydel

Utbyggaren vil bygge 350 bustader i flaumutsett område. – Ein dårleg idé, seier beredskapsforskar.

– Det vi ser i dag er ikkje hyggeleg for nokon, men vi har alltid vore klar over at dette kan vere eit framtidsscenario.

Det seier utviklingsdirektør i Scala Eiendom, Fredrik Myhre om området ved Strandtorget i Lillehammer som er dekka av flaumvatn.

Her vil dei bygge ein ny bydel med 350 bustader og nye kontor- og næringsareal.

Scala Eiendom

UTBYGGAR: Utviklingsdirektør i Scala Eiendom, Fredrik Myhre, seier at dei jobbar med eit konsept saman med Lillehammer kommune.

Foto: Sunniva Linjord / NRK

Under ekstremvêret «Hans» og flaumen som følgde, vart store delar av dette området liggande under vatn.

Kjøpesenteret like ved er framleis stengt grunna flaumen.

Men Scala Eiendom vil ikkje la det stoppe planane.

– Vi jobbar med eit konsept saman med kommunen for utvikling av Strandtorget som tek omsyn til 200-årsflaumen og det gjeldande lovverket, seier Myhre.

Strandtorget byggeplaner Lillehammer

SKAL HEVAST: Utviklingsdirektør i Scala Eiendom, Fredrik Myhre seier området har litt ulik høgde, men at dei skal heve bustadene til eit flaumsikkert nivå.

Foto: Scala eiendom

Vil stille krav

Byutviklar i Lillehammer kommune, Wenche Haug Almestrand, seier dei vil stille krav til utbyggaren om å ta omsyn til reglane i plan- og bygningslova.

– Det er planlagt både bustaddel og parkeringsdel. Parkeringsdelen skal ta omsyn til 20-årsflaum, medan bustadene må ta omsyn til 200-årsflaum, seier ho.

Wenche Haug Almestrand

KRAV: Byutviklar i Lillehammer kommune, Wenche Haug Almestrand fortel at dei krev at gjeldande reglar og planar blir følgt.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Ved ein 200-årsflaum er vasstanden i Mjøsa ved Strandtorget på 127 meter.

Kommunen har fastsett ei grense på 3–4 meter over dette nivået.

No, når Mjøsa er på oransje nivå for flaum, er vasstanden på 124,5 meter.

Drone flom Strandtorget

FLAUM: Slik ser det ut ved Strandtorget no. Sjølv om området er flaumutsett, er planen nye bustader.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

– Vasstanden i Mjøsa no er under nivået de tek høgde for ved ein 200-årsflaum. Likevel er området dekka av vatn i dag. Korleis meiner de då at det går an å bygge flaumsikkert i området?

– Vi held oss til gjeldande lov, og all ny bygging for personopphald må etablerast over nivå for 200-årsflaum. Dette kan bli gjort i ein kombinasjon av å heve terrenget og etablere parkering over dagens bakkenivå, seier Myhre i Scala Eiendom.

Han legg til at det ikkje er mogleg å sikre seg 100 prosent mot flaum i området.

– Vi har heile tida visst at Strandtorget-området er flaumutsett, og difor jobbar vi saman med kommunen for å finne løysingar på det.

Les også Der ingen skulle tru at nokon ville byggje på ny

Store vannmengder oversvømmer deler av Leirsund i Romerike

Problemstilling fleire stader

Over heile landet blir det bygd mykje i nærleiken av vassdrag og i flaumutsette område, ifølgje Øyvind Leirset.

Han er seksjonsleiar for areal og planseksjonen i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

– Det er mange byar og tettstader som ligg ved vassdrag eller tett ved vassdrag. Flaum i forhold til bustadbygging er ei problemstilling mange stader.

Oversiktsbilde over Dokka under flommen etter stormen Hans

PROBLEM: Det blir bygd mykje i nærleiken av vassdrag og i flaumutsette område, meiner seksjonsleiar for areal og planseksjonen i NVE, Øyvind Leirset. Biletet er frå Dokka i Innlandet under ekstremvêret «Hans».

Foto: Theodor Eilertsen

Planane om utbygging ved Strandtorget i Lillehammer ikkje hamna på bordet til NVE enno.

– Difor kan eg ikkje seie om dei planane og tryggingsnivået dei har lagt til grunn er gode nok.

Han fortel at departementet har bedt NVE og to andre direktorat om å sjå på om dagens grense for 200-årsflaum er rett framover og om det gir riktig tryggleiksnivå.

– Det kan jo vere at det gir nokre endringar, men det er det som er i dagens regelverk, seier Leirset.

Øyvind Leirset frå NVE strekker seg oppover på ein stein som markerer dei forskjellige flaumane som har vore med Mjøsa. Øvst utanfor biletet er storofsen frå 1789. Ved ein 200-årsflaum kan Mjøsa bli 40 centimeter høgare enn venta.

INFORMERT: Leirset fortel at dei som jobbar med prosjektet ved Strandtorget i Lillehammer er informert om både regelverket og om flaumberekningane. Her frå berekningane av Mjøsa i 2022.

Foto: Even Lusæter / NRK

Les også Vannet truer senteret: Tømmer butikker og permitterer ansatte

Parkeringsplassen på CC Strandtorget i Lillehammer er oversvømt fredag.

– Dårleg idé

Bjørn Tallak Bakken, som er førsteamanuensis ved Høgskulen i Innlandet, meiner derimot at det er dumt å bygge i dette området.

– Generelt sett kan ein seie at det å planlegge for å bygge i eit flaumutsett område er ein dårleg idé.

Han har beredskap, krisehandtering og samfunnstryggleik som sitt fagfelt.

Bakken forklarer at sjølv om ein tek høgde for at bygget ligg på ei flaumsikker høgde, vil framtidige flaumar kunne overstige desse nivåa.

Bjørn Tallak Bakken Førsteamanuensis Høgskolen i Innlandet

BEREDSKAPSFORSKAR: Bjørn Tallak Bakken seier vi kjem til å oppleve flaum oftare i framtida.

Foto: HÅVARD MADSBAKKEN

– Vi veit at 50-, 100- og 200-årsflaumar vil komme oftare, seier Bakken.

Han seier ein derimot kan gjere fleire tiltak som å bygge flaumvollar eller bygg som skal tole fukt.

– Omgivnadene vil likevel gjere at vegen til bygga kan bli stengt, og då er ein like langt, seier han.

CC Strandtorget august 2023.

STENGT: Store vassmengder førte til at kjøpesenteret og andre verksemder på Strandtorget måtte stenge. Kjøpesenteret er framleis stengt.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Politikarane i Lillehammer ønskjer å legge til rette for utbygging. Sveip for å lese kva nokre av dei meiner.

Knut Arne Vassdokken (Ap)

Leiar i planutvalget i Lillehammer kommune, Knut Arne Vassdokken (Ap), erkjenner at området er krevande med tanke på flaumfaren.

– Det vil vere krevande tiltak å få til utbygging. Men dersom det blir teke omsyn til 200-årsflaum, og utbyggar klarer å løyse det, så er det ei opning, seier han.

Astrid Gaassand (Frp)

Kommunestyrerepresentant for Frp i Lillehammer synest den planlagte utbygginga kan vere interessant for byen.

– Klarer dei, og ønsker dei, å satse på området så må vi legge til rette for å få til det. Det er spennande planar dei har, og det vil utvikle byen ganske mykje, seier ho.

Gaassand understrekar at dette gjeld dersom det blir gjort i samsvar i gjeldande regelverk.

Marius Sunde (MDG)

Ordførarkandidat for MDG i Lillehammer, Marius Sunde, er litt positiv til utbygginga, sjølv om MDG generelt er imot inngrep i strandsona.

– Vi er i utgangspunktet skeptiske til utbygging, men det å få reinsa grunnen og avgrensa giftig avrenning til Mjøsa i framtida kan vere positivt, seier Sunde.

Forsikringsselskap: – Prisen kan auke

Kommunikasjonsdirektør i Fremtind forsikring, Kristin Vetleseter, seier at prisen på forsikring kan auke i slike område.

– Om området er meir utsett for vasskadar enn andre, no og framover, kan prisen auke, seier Vetleseter.

Det at utbyggarane sjølv stiller høgare krav for å møte risikoen, meiner ho er positivt.

Fremtind

KAN AUKE: Kommunikasjonsdirektør i Fremtind forsikring, Kristin Vetleseter, seier prisen på forsikring kan auke i eit slikt område som ved Strandtorget.

Foto: Privat

Men ho meiner at kommunane no, saman med NVE og andre fagetatar, må stille dei ubehagelege spørsmåla om ein skal bygge i slike område.

– I dette konkrete tilfellet veit ein jo at flaumrisikoen er høg. Med denne innsikta bør ein kanskje spørje seg om det bør gjerast nye vurderingar?

– Generelt meiner vi at kommunar ikkje bør gi etter for press om å bygge ut på tomter der risikoen for flaum og skred er høg, seier Vetleseter.

Les også Ordfører vil vurdere å betale folk for å flytte fra flomutsatte hus

Ordfører i Voss, Hans-Erik Ringkjøb (Ap)

Les også Vannet truer senteret: Tømmer butikker og permitterer ansatte

Parkeringsplassen på CC Strandtorget i Lillehammer er oversvømt fredag.

Flere saker fra Innlandet