Hopp til innhold

«Ola må gå, ta med Erna òg!»

Fleire tusen demonstrantar samla seg i Oslo for å gå i fakkeltog. Dei er ikkje tilfredse med regjeringas ulvepolitikk.

Fleire tusen går i fakkeltog for å vise si misnøye med regjeringas ulvepolitikk.

Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk, saman med resten av Naturbruksalliansen, arrangerte tysdagens demonstrasjon.

Dei meiner det er for mange ulv i Noreg, og at det ikkje blir gjort nok for å nå dei måla som er sett av Stortinget for halde talet nede.

I fakkeltoget tysdag kveld kunne ein fleire gonger høyre ropa:

«Ola må gå, ta med Erna òg!», «nok er nok», «regjeringa gløymer at Stortinget bestemmer» og «Erna må bli fjerna».

Ulvedemonstrasjon

NORD-NOREG: «Vi e førrbainna»

Foto: NRK

Med andre ord har demonstrantane fått nok av klima- og miljøminister Ola Elvestuen og Erna Solbergs regjering.

Leiar for Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk Nils Solberg heldt appell frå scena. Han ropte ut at klima- og miljødepartementet ikkje ville møte opp på demonstrasjonen.

Fakkeltog i Mot ulv.

SOLBERG: Leiar i Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk Nils Solberg.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

– Eg begrip ikkje kvifor Ola Elvestuen er så redd for å møte oss. Vi har ikkje drepe ein einaste miljøvernminister på 100 år.

NRK har vore i kontakt med kommunikasjonssjef i klima- og miljødepartementet, Jon Berg. Han svarar at Ola Elvestuen ikkje kunne møte opp fordi han er i regjeringsforhandlingar på Gran.

Leverer brev til Stortinget

Ein annan som gjekk i toget var leiar for Noregs Bondelag Lars Petter Bartnes. Han fortel at dei no vil levere eit dokument til 2. visepresident på Stortinget Morten Wold.

– Heilt konkret vil vi overlevere eit dokument med klar melding om at vi meiner at Stortinget må følge opp bestandsmåla for ulv, slik at regjeringa gjennomfører Stortingets vedtekne politikk, seier Bartnes.

– Bruk dette brevet til eit vettug arbeid på Stortinget, seier Bartnes frå talarstolen framfor Stortinget.

Morten Wold tok imot brevet, og takka for engasjementet.

– Vi skal handtere det etter beste evne, seier Wold.

Demonstrantar samla framfor Stortinget

DEMONSTRANTAR: Tusenvis samla seg på Eidsvolls plass framfor Stortinget for å demonstrere.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Oslo Brannvesen anslår til NRK at mellom 7- og 8000 hadde samla seg framfor Stortinget på Eidsvolls plass. Da fakkeltoget kom til Stortinget sa NRKs reporter på staden at ho var usikker på om alle fekk plass.

– Det er rett og slett stappa fullt her, seier reporter Iram Ansari.

– Aldri hatt meir ulv

Trygve Slagsvold Vedum var ein av dei som heldt appell framfor Stortinget i tysdag. Frå talarstolen lovde han å starte kampen i Stortinget allereie onsdag.

– Vi skal starte kampen i Stortingssalen i morgon. For vi kan ikkje akseptere at folk som blir ramma av rovdyrpolitikken gong på gong skal bli overkøyrde.

Arild Hermstad (MDG) var også til stades på demonstrasjonen i Oslo. Han er meir oppteken av demonstrasjonen for ulv på laurdag.

Ulvedemonstrasjon i Oslo
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Vi har aldri hatt færre rovdyrtap, trass i at ulvebestanden aukar. Eg har full forståing for at folk demonstrerer, men eg har meir fokus på fyrstkomande laurdags demonstrasjon, seier nasjonal talsperson i MDG Arild Hermstad.

Da arrangerer NOAH demonstrasjonar for ulven over heile Noreg.

– Beklageleg at vi må demonstrere

Leiar i Hedmark Bondelag, Erling Aas-Eng, seier at dei må arrangere ein slik demonstrasjon for å tydeleg vise kva dei meiner.

Demonstrantar på veg til Oslo

BUSS: Frå Hedmark og Oppland hadde godt over 1000 teke turen med oppsette bussar til demonstrasjonen.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

– Det er veldig beklageleg at vi må demonstrere. Men vi opplev at ulveforvaltninga lev i eit vakuum der politiske vedtekter ikkje blir følgde opp, seier Aas-Eng, og siktar til regjeringas vedtak om å ikkje følge rovviltnemndenes anbefaling om å felle tre revir i ulvesona 17. desember i fjor.

Det årlege bestandsmålet for ulv er på 4–6 årlege ulvekull. I 2018 vart det, ifølge rovdata, dokumentert fire valpekull i norske revir, og eitt kull i eit revir der familien har tilhald på begge sider av grensa mot Sverige.

Men leiar i Rovdata Jonas Kindberg seier at det sannsynlegvis er minst eitt heilnorsk kull til og to kull i grenserevir i tillegg til dei som er dokumentert.

Leder i Hedmark bondelag, Erling Aas- Eng

AAS-ENG: Leiar i Hedmark Bondelag Erling Aas-Eng

Foto: Knut Røsrud / NRK

I 2017 vart det fødd åtte valpekull i heilnorske revir, samt fem kull i grenserevir.

DAX18: I tysdagens Dagsnytt 18 diskuterte dei norsk ulvepolitikk.