Ulvedemonstrantane på veg til Oslo

Fleire busslass med ulvedemonstrantar er på veg til hovudstaden for å vise si misnøye med regjeringas forvaltning av ulvebestanden i Noreg.

Demonstrantar på veg til Oslo

BUSS: Ulvedemonstrantar på veg til Oslo med buss frå Skjåk, Lom og Vågå.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

Det er Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk saman med resten av Naturbruksalliansen som står bak demonstrasjonen.

Frå innlandsfylka tek over tusen menneske turen inn til Oslo for å gå i fakkeltog frå Youngstorget til Stortinget klokka 18:00 tysdag.

– Det er 770 frå Hedmark og 300 frå Oppland som er førehandspåmeldt på bussar til Oslo, seier leiar i Oppland Bondelag Kristina Hegge.

Kristina Hegge

KLAR: Kristina Hegge i Oppland Bondelag forventar at mange kjem til hovudstaden for å demonstrere mot regjeringas ulvepolitikk. Sjølv er ho meir enn klar.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

– Men vi veit om mange som kjem med privat bil frå Innlandet, og det er fulle bussar frå både Telemark, Østfold, Akershus, Buskerud og Trøndelag også.

Frå Finnmark, Troms og Nordland kjem folk med fly for å vere med på demonstrasjonen.

– Vi reiser nedover fordi vi kjenner oss att i problemet. Vi må støtte dei som lev i ulvesona, seier leiar i Troms Bondelag Svein Olav Thomassen.

Skilt klare til demonstrasjonen

SKILT: Bussen frå Nord-Gudbrandsdalen hadde mange skilt med meiningsytringar klare.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

– Vi har ikkje noko val

Nærare 2000 har sagt at dei skal på arrangementet «Still opp på Rovdyrpolitisk fakkeltog i Oslo» på Facebook, og over 3000 har sagt seg interesserte i arrangementet.

Leiar i Hedmark Bondelag, Erling Aas-Eng, seier at dei må arrangere ein slik demonstrasjon for å tydeleg vise kva dei meiner.

– Det er veldig beklageleg at vi må demonstrere. Men vi opplev at ulveforvaltninga lev i eit vakuum der politiske vedtekter ikkje blir følgde opp, seier Aas-Eng, og siktar til regjeringas vedtak om å ikkje følge rovviltnemndenes anbefaling om å felle tre revir i ulvesona 17. desember i fjor

Det årlege bestandsmålet for ulv er på 4–6 årlege ulvekull. I 2018 vart det, ifølge rovdata, dokumentert fire valpekull i norske revir, og eitt kull i eit revir der familien har tilhald på begge sider av grensa mot Sverige.

Men leiar i Rovdata Jonas Kindberg seier at det sannsynlegvis er minst eitt heilnorsk kull til og to kull i grenserevir i tillegg til dei som er dokumentert.

I 2017 vart det fødd åtte valpekull i heilnorske revir, samt fem kull i grenserevir.

Leder i Hedmark bondelag, Erling Aas- Eng

AAS-ENG: – Viss jussen er problemet her, så må ein jo gjere noko med den slik at den kjem i takt med Stortingets vilje og intensjon, seier Erling Aas-Eng.

Foto: Knut Røsrud / NRK

– Vi må ta ut fleire ynglingar, slik at vi kjem ned på det talet som Stortinget har blitt einige om. Vi kan ikkje ha fri vekst innanfor ulvesona, seier Aas-Eng.

Folkets markering for ulvane

Laurdag 12. januar arrangerer dyrevernorganisasjonen NOAH demonstrasjonar for ulven. Desse skal finne stad framfor Stortinget i Oslo, i Fredrikstad, Trondheim, Bergen, Kristiansand og ved den norske ambassada i Helsinki i Finland.

Siri Martinsen

NOAH: Siri Martinsen i NOAH ynskjer ein politikk som tek sikte på å verne dei trua dyra og ikkje halde dei konstant nede på raudlista.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

På desse arrangementa har over 1000 sagt at dei skal på dei, og over 5000 har sagt seg interesserte i arrangementa rundt omkring.

– Vi er nøydde til å vise at trua dyr må ha vern. Dei skal ikkje bli utsette for utryddingspolitikken som vi ser i dag, seier leiar i NOAH Siri Martinsen.