– Ulven har blitt «posterboy» for rovdyra

Ulvedebatten er kraftig blåst opp, meiner ulveforskar Morten Tønnessen. Han etterlyser ein meir nyansert debatt om forvaltning av ulveflokken.

To ulver skutt

Talet på ulv har auka kraftig dei siste tiåra. I fjor blei det skote over 40 ulv i Noreg. Tysdag skal tusenvis demonstrere i Oslo for å vise at dei er misnøgde med måten regjeringa forvaltar ulvebestanden på.

Foto: Mats Sparby

Tysdag kveld er det venta tusenvis av ulvedemonstrantar til Oslo som ønsker å vise misnøye med regjeringas forvaltning av ulvebestanden i Noreg. Det er Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk saman med Naturbrukalliansen som står bak aksjonen.

Dei meiner det er for mange ulv i Noreg, og at det ikkje blir gjort nok for å nå dei måla som er sett av Stortinget for halde talet nede. Ulvebestanden har auka kraftig dei 30 siste åra. I dag er det godt over 100 heilt eller delvis norske dyr her i landet. Samtidig blei det skote over 40 ulv i Noreg i fjor.

Morten Tønnessen

Førsteamanuensis Morten Tønnessen ved Universitetet i Stavanger etterlyser ein meir nyansert debatt rundt rovdyr.

Foto: Miljøpartiet De Grønne

Men førsteamanuensis Morten Tønnessen ved Universitetet i Stavanger, og tidlegare fylkesleiar i MDG i Rogaland, meiner ulven har fått eit ufortent dårleg rykte. Han har forska på ulven, og er medforfattar av boka «Ulvetider». Tønnessen meiner debatten er kraftig blåst opp.

– Over tid tek både jerv og gaupe fleire sau enn ulven. Likevel er det langt mindre strid om dei andre rovdyra. Ulven har blitt ein representant eller «posterboy» for rovdyr generelt. Er du mot rovdyr, snakkar du om ulv. Er du for rovdyr, snakkar du om ulv.

Vil ha debatten opp av skyttargravene

Tønnessen meiner dei sterke meiningane som er knytt til ulven delvis skuldast dei eldgamle framstillingane vi har av dyret både i Bibelen og i norrøn mytologi.

– Bibelen framstiller Jesus som ein gjetar som passar på ein saueflokk. Ulven er den som trugar. Medan vi i norrøn mytologi har tankar om at ulven spelar ei role i verdas undergang, Ragnarok. Då skal Fenrisulven vekse til enorme proporsjonar som trugar med å sluke verda.

Han meiner debatten er blåst opp sett i forhold til kva reell betydning ulven faktisk har i norsk natur. Samtidig som at symbolikken til ulv og sau har gjort debatten ekstra hissig. Tønnessen meiner det er på tide å få debatten opp frå skyttargravene.

– Vi har fått ein debatt der det er enkelt å velje side om du berre vil forsvare nokre enkeltinteresser. Skal vi ha ein konstruktiv debatt for å kome oss vidare, må vi prøve å ta omsyn til fleire interesser samtidig. No handlar det nesten mest om du er for sau eller ulv.

Meiner dei har blitt meir nyanserte

Atle Hamar, statssekretær i Klima- og miljødepartementet

Statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet viser til at ulven berre tek eit mindretal av dei rundt 100.000 sauene som forsvinn kvart år.

Foto: Snorre Tønset / Klima og miljødepartementet

Statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet, som har ansvaret for ulveforvaltninga, helsar ein meir nyansert debatt velkomen.

– Eg kan vere einig i at debatten har vore polarisert. Det er ei veldig mobilisering mot ulv i dag. Men det er eit tap av rundt 1.600 av 100.000 dyr i året som skuldast ulv kvart år. Det bør folk tenke på når Bondelaget kritiserer rovdyrforvaltninga.

Nestleiar i Oppland bondelag, Kristina Hegge

Kristina Hegge i Oppland Bondelag seier dei ikkje har eit ønske om å utrydde ulven, men at det skal vere trygt for folk og dyr å ferdast i naturen.

Foto: Dag Kessel / NRK

Medan leiaren i Oppland Bondelag, Kristina Hegge, som er blant dei som står bak ulvedemonstrasjonen i Oslo tysdag kveld, meiner dei har kome eit langt stykke på veg for å få ein meir nyansert debatt.

– Dette er ikkje ein debatt med ulv mot sau. Dette er ein debatt om bruken av utmark. Og då snakkar vi ikkje berre om sau, men også om jakt og friluftsliv. Folk må kjenne seg trygge når dei er i naturen.

SISTE NYTT

Siste meldinger