Hopp til innhold

Tannlege fekk ut 2,5 millionar basert på falske journalar

Skal ein tru journalane frå tannlegen i Innlandet, har han gjort 19 rotfyllingar på ein og same person på same dag.

Tannlegebehandling

ROTFYLTE: Ifølge tannlegens eigne journalar har han rotfylt 19 tenner på ein dag som han kravde refusjon for. Ifølge tilsynet er ikkje dette forsvarleg. Bilete er illustrasjonsbilete.

Illustrasjon: Vegar Erstad / NRK

Først måtte tannlegen betale tilbake 2,5 millionar kroner til Helfo. Nå vil Helsetilsynet ta frå han retten til å praktisere som tannlege.

Mellom anna skal han ha sett inn protesar for tenner, utan å forklare kva tenner som var trekt.

For dette han han kravd refusjonar frå Staten. Dokumentasjonen er fråværande, ifølge Statens helsetilsyn.

Journalane var prega av «fri fantasi», ifølge ein sakkunnig tannlege. No er han varsla om at han står i fare for å miste retten til å praktisere som tannlege.

NRK har fått tilgang til brevet Helsetilsynet sende til tannlegen i november.

Les også Tannleger må betale tilbake millionbeløp

Tannlege

Fekk ut 2,5 millionar for mykje

Saka starta i fjor sommar. Da kravde Helfo at tannlegen skulle betale tilbake heile 2,5 millionar, som han uretteleg har fått betalt tilbake frå Staten.

Han hadde delvis feil bruk eller overforbruk av takstar, og han hadde kravd refusjon for behandlingar han ikkje hadde gjort.

Helfo administrerer refusjonsordningar og kontrollerer at det skjer på riktig vis.
Som reaksjon på praksisen til tannlegen, tok dei frå han retten til å praktisere for trygdas rekning i 5 år.

Samtidig varsla Helfo Statsforvaltaren i Innlandet om refusjons-bedraget.

Tannlege

FRI FANTASI: Ifølge sakkunnig tannlege verkar dei fleste pasientjournalane ho har gått gjennom som «fri fantasi». Bilete er illustrasjonsbilete

Journalar prega av fantasi

Statsforvaltaren syntest saka var så alvorleg at dei bad ein sakkunnig tannlege gå gjennom 23 journalar som tannlegen hadde sendt til Helfo med krav om å få refusjon tilbake.

I 96 prosent av dei var ikkje vilkåra for refusjon til stades.

Den sakkunnige tannlegen skriv at «for utanforståande er det svært vanskeleg å sjå korleis du har tenkt og kva behandling som er utført.

Det mest sannsynlege er at de meste av journalane er fri fantasi».

Sakkunnige skriv også at tannlegen truleg har journalført fiktive tilhøve. Vidare at dersom ein skal tru det som står i pasientjournalane, driv ikkje tannlegen fagleg forsvarleg.

Les også De fleste nordmenn går til tannlegen hvert år. Er det egentlig nødvendig?

Ole Harald Gjessing åpner munnen og viser tennene sine til Andreas Wahl i Folkeopplysningen.

Varsla helsetilsynet

Rapporten frå den sakkunnige tannlegen gjorde at Statens helsetilsyn vart varsla.

Sidan dette er ein pågåande tilsynssak, ønskjer ikkje Statens helsetilsyn å kommentere sjølve saka.

Men seniorrådgivar Karen Pareliussen stadfestar at dei har førehandsvarsla tannlegen om at dei vurderer å kalle tilbake autorisasjonen han har som tannlege. Bakgrunnen er opplysningane frå Helfo og innhaldet i rapporten frå den sakkunnige tannlegen.

Saksgangen vidare er at tannlegen har fått utsett frist for å uttale seg til førehandsvarselet.

Han har også takka ja til eit tilbod om møte med oss, seier Karen Pareliussen.

Møtet blir i januar, og så tek vi sikte på å avgjere tilsynssaka etter det.

Karen Pareliussen. Seniorrådgiver i Statens helsetilsyn

MØTE I JANUAR: Først etter eit møte i januar blir det klart om tannlegane faktisk mistar sin autorisasjon som tannlege, seier seniorrådgjevar Karen Pareliussen i Statens helsetilsyn.

Foto: Statens helsetilsyn

Tannlegen: Ei misforståing

Sjølv seier tannlegen til NRK at han har hatt problem med å overføre skriftlege journalar til eit digitalt format. Og at det er misforståing om dei 19 rotfyllingane.

– Behandlinga gjekk over fleire dagar, men det vart feil når eg skulle overføre det til digitale skjema. Da ser det ut som om alt er gjort på same dag.

Ifølge sakkunnig har tannlegen heller ikkje tatt meir enn eitt røntgenbilde for å gjere 19 rotfyllingar, noko som ifølge Helsetilsynet vil vere heilt uforsvarleg, om det stemte.

Dei har ikkje akseptert dokumentasjonen eg har lag ved, fordi bilda var skrive ut utan dato. Men eg hadde sendt ved fleire bilde, som sakkunnig tannlege ikkje såg, seier tannlegen til NRK.

Tannklinikk

TANNKLINIKK: Tannlegen er tilknytt ein tannklinikk i Innlandet. Bilete er illustrasjonsbilete.

Foto: Dag Kessel / NRK

Fleire må betale tilbake

Medan det er Statsforvaltaren og Helsetilsynet som vurderer om helsepersonell driv lovleg, er det Helfo som kontrollerer at helsepersonell ikkje lurer til seg refusjonar uretteleg.

I fjor auka dei innsatsen i dei alvorlege sakene. Og aldri har så mange mista retten til å drive med refusjonstilskot.

21 personar, mot 8 året før. Til saman kravde dei tilbake 46,1 millionar kroner og 11 vart politimelde for misbruk av refusjonsordninga av Helfo i fjor.