Hopp til innhold

Sterke protestar mot fuskereglar på eksamen

Nesten ingen som blir tatt for fusk på eksamen får gjort om på avgjerda. No vil studentleiarar ha ein ny praksis rundt spørsmålet om sjølvplagiat.

Birk Blekken er leder i Studentorganisasjonen i Innlandet.

STERKT KRITISK: Leiaren for Studentorganisasjonen i Innlandet, Birk Arildssøn Blekken, er sterkt kritisk til at sjølvplagiat blir rekna som fusk, og at du kan bli utestengt får studiane i to semester for å ha sitert deg sjølv utan å oppgje det.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Denne veka anka ein student ved Høgskolen i Innlandet ein dom om fusk frå Oslo tingrett til Lagmannsretten.

Skolen tok henne for fusk på eksamen. Ho klaga på vedtaket, men fekk ikkje medhald på klaga, korkje i retten eller i Felles klagenemnd for klagesaker for universitet og høgskolar.

Studenten ved Høgskolen i Innlandet er ikkje den einaste som ikkje har nådd fram med klage.

  • Både avisa Khrono og VG har omtalt saka.

Årsrapporten frå Felles klagenemnd 2021 viser at av dei 287 studentane som klaga, fekk berre 4 prosent medhald. Det får fleire til å reagere.

Ingen får medhald i tingretten

Det same skjer i tingretten. Ifølge avisa Khrono tok 18 studentar som vart tatt for fusk saka si til tingretten i 2020–2021. 6 saker vart trekt, Staten vann i 12 av dei. Med andre ord: Ingen nådde fram.

Advokat Magnus Stray Vyrje, som førar saka for studenten som nå har anka tingrettsdommen, er kritisk til korleis Felles klagenemnd anvender universitets- og høgskolelovens fuskeomgrep.

– At så få får medhald når dei klager, seier vel noko om det. Det er nesten umogleg å få endra ei avgjerd om fusk. Til samanlikning får mellom 30 og 40 prosent av dei som ankar ei sivil sak frå tingretten til lagmannsretten, endra dommen.

Magnus Stray Vyrje er advokat

TAR SAKA TIL LAGMANNSRETTEN: Advokat Magnus Stray Vyrje prøver saka om utestenging for Lagmannsretten. Dommen der kan få følgjer for liknande saker i framtida.

Sjølvplagiat

Å fuske på eksamen blir sett på som ei alvorleg sak. Reaksjonen kan bli utestengt frå studiet i eitt til to semester.

Men mange stiller nå spørsmål om det eigentleg er å fuske å kopiere noko ein har skrive sjølv?

Studenten som vart stengt ute frå Høgskolen i Innlandet vart tatt for det som blir kalla «sjølvplagiering». Ho har kopiert noko ho sjølv har skrive i ei tidlegare oppgåve og brukt det i eit nytt eksamenssvar. Utan å nemne at det kom frå henne sjølv.

Av sakene Felles klagenemnd behandla i 2021 var i underkant halvparten plagiatsaker, og nokre av dei om sjølvplagiat.

Les også Rekordmange blir tatt for fusking – savner informasjon om konsekvensene

To studenter sitter og studerer og ser inn i kamera.

Ikkje fusk å kopiere seg sjølv

Magnus Stray Vyrkje er svært kritisk til at det skal vere fusk å kopiere seg sjølv. Og han meiner reaksjonen mot dei som gjer det er alt for sterk.

Han får støtte av professor emeritus i juss ved Universitetet i Bergen, Jan Fridthjov Bernt. Han er heilt klar på at det ikkje er fusk å kopierer sin eigen tekst. Og at det er feil at studentar blir stengt ute i opptil to semester, for noko som er så uskuldig.

– Felles klagenemnd kan ikkje ha vore klar over kva dei med på å legge til rette for nå., seier han til NRK.

– Det er eit firkanta, byråkratisk og til dels umenneskeleg system, som rammar studentar som har gjort uskyldige feil, eller kanskje ingen feil i det heile tatt.

Han foreslår å sette ned eit utval som går gjennom alle sakene om sjølvplagiat som Felles klagenemnd har hatt til behandling. For å vurdere om avgjerdene er i tråd med loven. Og for å trekke klart opp grensene mellom det som er ein fagleg glipp og det som er noko så etisk alvorleg som fusk.

Jan Fridthjof Bernt

VIL HA GJENNOMGANG: Jussprofessor Jan Fridthjov Bernt meiner det ikkje er fusk å kopiere noko ein har skrive sjølv. – Vi har eit til dels umenneskeleg system, seier han.

Foto: Åge Algerøy

Alt blir gått gjennom på nytt

Leiar for Felles klagenemnd, Marianne Klausen seier til NRK at nemnda prøver alle sidene av ei klagesak på nytt.

Dei fleste studentar er også representert ved advokat under klagebehandlinga.

Dersom nemnda finn at vilkåra for å stenge ute studenten for fusk er oppfylt, skal studenten som hovudregel ble utestengt i inntil eitt år. Det er ikkje opp til Felles klagenemnd, som nasjonalt klageorgan, å velje om studenten likevel skal halde fram sitt studie, trass i brot på reglene, seier Marianne Klausen.

Ho seier det er ei viktig oppgåve for høgskolane å jobbe målretta for å førebyggje og avdekke fuskehandlingar.

Det er også lærestaden sjølv som foreslår kva reaksjon studenten skal få.

Marianne Klausen, Leder for Felles klagenemnd for klagesaker

PÅ TRYGG GRUNN: Marianne Klausen er leiar for Felles klagenemnd for klagesaker i universitets- og høgskolesektoren. – Dersom nemnda finn at vilkåra for å stenge ute studenten for fusk er oppfylt, skal studenten som hovudregel blei utestengt inntil et år.

Foto: Nicolas Tourrenc / Advokatfirmaet Føyen AS

Støtte frå studentane

Studentorganisasjonen i Innlandet reagerer sterkt på det som har skjedd med studenten som er stengt ute frå skolen for å ha kopiert seg sjølv.

Leiar Birk Arildssønn Blekken synest ikkje det skal gå som fusk, og at reaksjonen er for streng. Han meiner det må komme ein heilt ny praksis rundt spørsmålet om sjølvplagiat.

– Vi ender opp med eit system der vi blir straffa for å gjere feil, for noko som faktisk ikkje bør reknast som feil. Medan vi er her for å lære.

Leiar i Norsk Studentorganisasjon, Maika Maria Godal Dam, strekar under at regelverket må vere klart og retningslinene like.

I dag blir fusk definert og behandla ulikt, det er lite føreseieleg for studenten. Institusjonane bør gå saman og lage felles retningsliner for korleis ein skal bruke om att eigen tekst.

Ifølge avisa Khrono vil partiet Raudt ta spørsmålet om sjølvkopiering opp i Stortinget etter alle protestane.

Maika Maria Godal Dam

LIKT FOR ALLE: Maika Godal Dam er leiar for Norsk Studentorganisasjon. Ho etterlyser felles retningsliner for korleis ein skal bruke opp att eigen tekst.

Foto: William Jobling / NRK

Reglane klare

Som andre lærestader har også Høgskolen i Innlandet opplyst om eksamensreglane og kva som skjer om du bryt dei, på nettsidene sine. Der er sjølvplagiat nemnt.

Prorektor Stine Grønvold seier til NRK at denne siste konkrete saka er brot på eit heilt tydeleg eksamensreglement og difor går som fusk.

– Da skal det komme heilt klart fram om du har sitert nokon, også om du har sitert deg sjølv.

Akademiske protestar

På høgskolar og universitet er mange svært kritiske til at du blir tatt for fusk om du bruker eige stoff i nye artiklar eller eksamenssvar.

Og dei har engasjert seg spesielt i saka frå Høgskolen i Innlandet.

330 professorar og vitskapleg tilsette ved Universitet og Høgskolar har skrive eit brev til lærestaden, der dei protesterer mot at studenten er utestengt.

Ein av dei som tok initiativet, er professor Bjørn Myskja ved NTNU.

– Dette er brot på ein lang tradisjon på kva vi meiner er riktig sitatpraksis. Ho har berre ikkje skrive at ho har sitert seg sjølv, seier Myskja til NRK.

– Det er ingen feil. Og straffa er alt for streng.

Bjørn Myskja

STARTA AKSJON: Professor Bjørn Myskja ved NTNU starta ein underskriftsaksjon for studenten som var utesteng saman med Gisle Selnes.

Foto: Juliet Landrø / NRK

Ankesaka i lagmannsretten kjem neppe opp før langt utpå hausten. Da har dei to semestera som studenten er stengt ute frå skolen, gått.

Les også Høgskolelektor ser positivt på tekstroboter: – Vi må tenke framover

ChatGPT

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen