– Det er personar som har skrive at eg er tøff som står fram og at dei også har følt på at vener ikkje prioriterer dei, seier Emil Bastian Reite (27).
Då Elverum-studenten stod fram om at han ikkje blir prioritert når det er besøksrestriksjonar, sa psykologspesialist Stian Sørheim Espevoll i Onlinepsykologene at regelverket i koronatida opnar for aktiv utestenging.
Etter dette har Emil Bastian blitt kontakta av både kjende og ukjende.
– Eg veit no at eg ikkje er den einaste som opplever dette, seier Reite.
- LES OGSÅ:
Meiner tiltak er viktig
Pedagog Ingrid Grimsmo Jørgensen ved Høgskolen i Innlandet har forska på og jobba med inkluderande miljø både for barn, studentar og vaksne. Ho meiner det er viktig at Emil har stått fram, også for høgskulen han studerer ved:
– Når ein er ein ansvarsfull og profesjonell part, så har ein ansvaret for å inkludere og sette dette på agendaen. Det gjer høgskulane og universitetet i all for liten grad for studentane våre no.
Ho påpeikar at digitale møter gjer at ein mistar 75 til 80 prosent av kommunikasjonen, og at ein då mistar mykje av tryggleikskjensla eit menneske treng. Sosiale tiltak blir difor viktige. Jørgensen ynskjer at tilrettelegginga skal bli endå betre enn i dag.
– Det å sikre at elevar, studentar og alle barn og unge har nokon å snakke med, og at ein set i gang sosiale tiltak, det er kanskje det aller viktigaste akkurat no, seier ho.
Gir millionar til tiltak
I dag la regjeringa fram ei koronakrisepakke, og då kom det fram at 1,5 millionar kroner går til Mental Helse sin studenttelefon, og at studentsamskipnadane får 78,5 millionar kroner.
Av dei 78,5 millionane går 50 av dei til at studentsamskipnadene skal kunne tilsette studentar for å organisere sosiale lågterskeltilbod for studentane. I tillegg er det gitt 28,5 millionar kroner til andre tiltak, som å kunne bemanne opp helsetenesta og minke køane til desse.
– Me gir 8,5 millionar kroner til studentsamskipnadane til å bemanne der, i tillegg til dei 20 millionane dei får til å lage tilbod til dei som ikkje nødvendigvis treng helsehjelp, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
– Me gir også 150 millionar til høgskular, universitet og fagskulane, for at dei også skal kunne tilsette studentar i deltidsstillingar for å følge opp medstudentar fagleg, seier han.
Trass store summar møter avgjersla skepsis hjå pedagog Ingrid Grimsmo Jørgensen. Ho meiner tiltaka kan minne om ei ansvarsfråskriving:
– Eg applauderer at det no kjem tiltak retta mot inkludering for studentar. Likevel handlar det om at det overordna ansvaret ligg hos høgskulane og universiteta, og dei fagleg tilsette. Det overordna ansvaret ligg ikkje hos studentorganisasjonen eller studentrepresentanten.
- LES OGSÅ:
Får invitasjonar
Med midlar på bordet kan ein kanskje håpe på at det går litt betre med studentar som har det vanskeleg. For Emil Bastian har det i det minste gått bra etter han stod fram. I tillegg til god respons har han også fått invitasjonar, mellom anna til å bli med på gruppeaktivitetar og utandørs grilling i Elverum.
– Det kjennest veldig godt å vite at eg blir inkludert. At eg får vere med og delta på ting, og ikkje blir sett på sida, seier Reite.
Ein gamal kamerat frå heimstaden har han også fått betre kontakt med etter artikkelen kom ut.
– Han la ut artikkelen på ein gruppechat og eg skreiv «velkomen til mi verd, eg opplever akkurat det same». Eg blir ikkje invitert så ofte, seier Stelios Liandris (27) som er bilmekanikar.
Dei to har no bestemt seg for å halde kontakt, og møtast når Emil Bastian er heime i feriar i Hjørungavåg i Møre og Romsdal.
- LES OGSÅ: