Emil Bastian (27) vart ingen sin nærkontakt då folk valde kohortar

ELVERUM (NRK): – Eg blir ikkje prioritert når det er besøksrestriksjonar, fortel studenten. Psykologspesialist meiner regelverket opnar for aktiv utestenging.

Emil Bastian Reite (27) ser andre er saman, og føler seg utanfor i koronatida.

SETT PÅ SIDELINJA: Emil Bastian Reite er frå Hjørungavåg i Møre og Romsdal og studerer i Elverum. I koronatida har han følt seg utanfor.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

«Ikkje ha meir enn 1–2 faste personar på besøk». «Ikkje ver fleire enn fem samla». «Ha faste familiar du besøker».

Dei forsterka smitteverntiltaka som blei innført nasjonalt frå nyttår har kanskje råka dei som er åleine, slik som Emil Bastian Reite, ekstra hardt.

– Eg blir ikkje prioritert, fortel 27-åringen om omgangskretsen sitt kohort-val.

Sunnmøringen studerer idrett ved Høgskolen i Innlandet i Elverum, og seier han det første året hadde god kontakt med medstudentane. Men, med koronaen vart det færre aktivitetar. Reite opplever at han ikkje lenger blir invitert med sjølv om han via sosiale medium ser at klassekameratar og kjenningar er samla.

– Eg føler ikkje det er mobbing. Det går meir på innsatsen til folk, seier Reite.

Han er slett ikkje åleine om å kjenne seg einsam. Kvar fjerde nordmann er det, viste ein undersøking av Opinion i oktober.

Emil Bastian Reite (27) ser andre er saman, og føler seg utanfor i koronatida.

DATASPEL: Emil Bastian Reite likar godt å gå turar, spele ballspel, sjå seriar, og å spele spel. Han har prøvd å ta initiativ til å vere med studiekameratar, men det har ikkje ført nokon stad.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Kan opne for aktiv utestenging

Psykologspesialist Stian Sørheim Espevoll i Onlinepsykologene meiner dagens regelverk om at ein kan ha inntil fem besøkjande får konsekvensar for korleis ein prioriterer omgangskretsen.

Stian Sørheim Espevoll

OPPSØK HJELP: Psykologspesialist Stian Sørheim Espevoll seier det er viktig å oppsøke nokon som kan lytte til ein dersom ein har det vondt.

Foto: onlinepsykologene.no

– Når det er sterke føringar frå myndigheitene om å ikkje treffe så mange folk, må me aktivt velje nettverket vårt. Då er det større sjanse for at dei som har eit lite eller ikkje-eksisterande nettverk fell utanfor, fortel Espevoll.

Han seier at det å måtte velje nærkontaktar gjer nokre grupper meir sårbare.

– På same måte som at me må aktivt velje nettverk, så kan det opne opp for aktiv utestenging eller ekskludering av nokon.

– Å oppleve utanforskap er sannsynlegvis noko av det vondaste ein kan oppleve, seier Espevoll.

– Det gjer inntrykk

Henrik Asheim (H) er minister for forsking og høgare utdanning. Han seier han forstår situasjonen til Reite, og oppfordrar alle til å ta ekstra ansvar.

– Det gjer inntrykk å høyre om situasjonen til Emil. Eg håper at studentane sjølv er litt ekstra merksame i desse tider og passar på at ingen blir ståande på utsida.

Asheim håpar situasjonen for både Reite og andre som føler seg einsame blir betre når fleire blir vaksinerte.

– Eg veit det ikkje er lett, men det er ljos i enden av tunnelen. Viss alt går som me håper er veldig mange av oss vaksinert til sommaren, noko som gjør at me truleg kan leve meir som før, seier Asheim.

Håper det er til hjelp

Reite prøvde å ta initiativ sjølv, men vart likevel sittande åleine, og såg på sosiale medium at andre hadde samla seg. Han bur i kollektiv og trur han hadde slite om det ikkje var for dei han bur saman med.

– Eg trur eg ville ha slite psykisk, ha slite med å fokusere på studiet, og det ville vanskeleg å halde på rutinar eg har no, seier Reite.

Emil Bastian Reite (27) ser andre er saman, og føler seg utanfor i koronatida. Her saman med Diana Koesah, Signe Nafstad Holt og Patrick Lima Bertheussen som han bur i kollektiv med.

REDNINGA: I kollektivet har Emil Bastian Reite det bra. Dei som bur der ser gjerne på seriar saman og speler saman.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Han trur han ikkje er åleine om å kjenne seg utanfor, og med å dele det han har opplevd håper han det vil hjelpe andre til å snakke om at dei har det vanskeleg. Han håper også dette vil hjelpe med å få andre til å forstå korleis han har det.

Kanskje dei ser at eg ikkje har det greitt med måten eg blir behandla på, seier Reite.

Emil Bastian Reite (27) ser andre er saman, og føler seg utanfor i koronatida.

STÅR FRAM: Emil Bastian Reite håpar at det å stå fram med korleis han har hatt det vil hjelpe andre til å gjere det samme.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 28.02.2021
1 940
Smittede/uke
95
Innlagte
622
Døde
318 722
Vaksinerte