Hopp til innhold

Søskenparet plukkar i bøtter og spann: – Blir mykje pengar

Det ligg an til å bli tidenes moltesesong, og mange stader er han allereie i gang. Det tener søskenparet frå Lillehammer godt på.

Sondre og Ida Øversveen Svamo plukker molter.

SOMMARJOBB: Sondre og Ida Øversveen Svamo tener gode pengar på å plukke molter.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Sjå kor stor han her er!

Det roper elleve år gamle Sondre Øversveen Svamo medan han bevegar seg raskt gjennom terrenget.

For tredje år på rad er han ute i felt og plukkar molter saman med veslesøster Ida (8).

Langt inne i skogen, eit stykke frå Dokka i Nordre Land, har nemleg søskenparet funne ei gullgruve.

Og dei plukkar ikkje bæra for moro skuld – det er god butikk.

Vil tene pengar

På få år har Sondre og Ida vorte profesjonelle molteplukkere.

Storebroren fortel at dette er sommarjobben deira, og at dei plukkar bæra med mål om å selje og tene pengar.

– Vi plukkar molter fordi det er eit ganske dyrt bær som veg mykje, seier han.

Så langt i år har søskenparet og mor deira plukka omtrent 28 kilo. Kvar kilo sel dei for 250 kroner.

– Det blir det mykje pengar av, seier Sondre med eit smil.

Sondre og Ida Øversveen Svamo plukker molter.

KVALITET: Søskenparet passar på at dei berre plukkar dei modne, fine moltebæra.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Mamma Nina Øversveen Svamo fortel at dei to unge arbeidsjerna er ganske opptekne av å tene pengar. Dei aller fleste kronene blir sett av til sparing.

Eg trur dei vil ut og reise og finne på noko. Det kan hende dei vil kjøpe seg noko òg, det veit eg ikkje. Men dei vil i alle fall tene pengar, seier ho.

Men det er ikkje berre-berre å selje kilovis med bær. For å få selt mest mogleg må bæra vere av god kvalitet – og der har søskenparet stålkontroll.

Sondre Øversveen Svamo plukker molter.

SPARER: Sondre og veslesøstera tener pengar på bæra dei plukkar, og sparer det meste dei får.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Les også Ein sommarjobb gir deg meir enn berre pengar og fin CV

sommarland-240523

Ser etter perfekte bær

Ida fortel at ho har lært seg nokre triks for å sjå om moltebæra er modne.

– Eg ser på blada på bæret, om dei stikk ut. Også kjenner eg på bæra om dei er harde eller ikkje, seier ho.

Sondre har også eigne metodar. Han er oppteken av at moltene skal ha rett farge.

Vi ser etter perfekte bær som er heilt gule. Viss han er grå eller kvit er den for gammal. Viss han er heilt raud er den ikkje heilt klar enno.

Sondre Øversveen Svamo plukker molter.

MODEN: Slik ser eit perfekt bær ut, fortel Sondre.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Likar du molter?

Inne i skogen er det allereie mykje moden moltebær. Sondre og Ida fortel at det er ein veldig god moltesesong i år.

Den er faktisk skikkeleg, skikkeleg bra. Der er mykje meir enn i fjor, smiler Ida.

Ein sein vår på grunn av mykje snø har gitt gode forhold for molten si blomstring. Det har også vore mykje insekt som har pollinert molteblomstrane.

Derfor lovar det svært godt for årets moltesesong, som allereie er godt i gang fleire stader.

Les også Finn frem bøtta: I år blir det en god multesesong

Selv om årets multesesong kanskje ikke blir tidenes beste, lover det godt for dem som er glad i de små oransje.

Blir opptatt av å ta vare på naturen

Generalsekretær i Norsk Friluftsliv Bente Lier smiler når ho høyrer om Sondre og Ida.

– Det høyrast ut som dei har det veldig morosamt og hyggeleg.

Sondre og Ida er ikkje dei einaste som får glede av å vere ute i naturen og plukke bær.

I ei undersøking gjennomført av Statistisk sentralbyrå (SSB) oppgir 37 prosent av barn i alderen 6–15 at dei har vore på tur for å plukke bær eller sopp det siste året.

Lier meiner det er viktig at barn og unge kjem seg ut i naturen. Ikkje berre fordi det er godt for både hovud og kropp, men også for at dei skal bli glad i han.

Det du er glad i tar du vare på. Så viss vi passar på at også kommande generasjonar får oppleve og bli glade i naturen, så blir dei opptatte av å ta vare på han.

Bente Lier, Norsk Friluftsliv

VIKTIG: Lier meiner det er viktig at barn og unge får oppleve og bli glad i naturen, slik at dei tar vare på han i framtida.

Foto: Gard Eirik Arneberg

Lier er også opptatt av at barn og unge skal lære om allemannsretten.

– Det er takket vere allemannsretten at disse barna og vi andre kan plukke bær og sopp i naturen. Så det er veldig viktig at vi sett pris på allemannsretten og vernar om naturen, seier ho.

Les også Nesten 100.000 til Preikestolen i juli: – Burde ikke være gratis

Preikestolen-total

– Alle kan jo plukke molter

Nina Øversveen Svamo, mora til dei to ivrige molteplukkerne, fortel at dei stort sett koser seg ute i felt.

Det er kjempefint å komme seg ut på tur, også er det jo litt motivasjon i å finne fin bær.

Men nokre gonger kan også dei profesjonelle få nok.

Ida fortel at ho kan bli litt lei av å plukke bær. Då seier ho frå.

– Då kan eg seie sånn «åh, men eg vil ikkje plukke». Då blir mamma litt morsk, seier Ida, og presiserer at ho kan ta seg plukkepause når ho vil.

Sondre og Ida Øversveen Svamo plukker molter.

HARDT ARBEID: Nokre gonger kan det vere slitsamt å plukke bær. Då tek søskena seg ein velfortent plukkepause.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Sjølv om søskena plukkar molter til den store gullmedaljen er dei ikkje spesielt glad i bæret sjølv.

Men dei er opptekne av at molteplukking er for alle, anten ein liker bæret eller ikkje. Same kor gammal ein er.

– Alle kan jo plukke molter. Ein ikkje vere gammal, fastslår Sondre.

Les også 11-åring svømte over Mjøsa

Oskar Tellum-Djarraya svømte på tvers av Mjøsa, her med mor Karoline.