Hopp til innhold

Ein sommarjobb gir deg meir enn berre pengar og fin CV

Vebjørn Skavhaugen Linga har jobba kvar sommar dei siste 11 åra. Det kan vere lurare enn han er klar over, ifølgje ny forsking.

sommarland-240523

NØGD: Kvar sommar dei siste 11 åra har Vebjørn Skavhaugen Linga jobba i Sommarland i Bø. Det angrar han ikkje på.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– No er det siste finisj. Det er alltid litt stress rett før sesongen startar.

Vebjørn Skavhaugen Linga jobbar med å gjere Bø Sommarland klar til storinnrykk.

Her har han jobba kvar sommar dei siste 11 åra – heilt sidan han gjekk ut av ungdomsskulen.

– Yrkesmessig har det vore eit stort utbytte. Eg skal bli lærar, og å få ansvar for så mange badevakter og assistentar, har gjort meg tryggare i den rolla.

Det visar seg å vere lurt.

Vebjørn Skavhaugen Linga jobber i Bø Sommarland

REINGJER BASSENGA: Også alle bassenga må reingjerast no like før sesongstart.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Tener betre

For ifølgje ny forsking får dei som hadde sommarjobb som 17-åringar mykje høgare inntekt som vaksne.

Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå, SSB

Jon Epland er seniorrådgiver i SSB.

Seniorrådgivar Jon Epland i SSB seier dei som byrjar tidleg å jobbe, tener på det.

Foto: Per Kristian Lie Lowe / SSB

Som 34-åringar er inntektsforskjellen stor mellom dei som hadde jobb som ung, og dei som ikkje jobba.

Seniorrådgivar Jon Epland ville finne ut om sommar- eller deltidsjobben som ung har noko å seie for den framtidig inntekta.

Det gjorde det, og kanskje meir enn ein skulle tru. Dei som var 17 år i 2004 tente i 2021 nesten 100.000 kroner meir i året, enn dei som ikkje hadde hatt ein sommarjobb.

– Tener mykje på det seinare

SSB har studert utviklinga i inntekt i årskullet som vart fødd i 1987.

Mennene som hadde hatt jobb som ungdom, hadde i 2021 ein median yrkesinntekt på 632.000 kroner.

For dei som ikkje hadde hatt jobb som 17-åring, var talet 535.000 kroner.

Lønnsutviklinga var den same blant kvinner, men forskjellane var litt mindre på 82.000 kroner.

– Vi er litt overraska. Ein tenkjar kanskje at det ikkje betyr så mykje å ha ein sommarjobb, men kullet som var involvert i arbeidslivet tidleg, tener mykje på det seinare, seier Epland.

Samarbeid med ungdomsskulen

Bø Sommarland har 300 sesongarbeidarar i sving om sommaren, og har inngått eit formelt samarbeid med ungdomsskulen i bygda.

Om vinteren kjem vassparken på besøk, og alle som er interesserte, får høve til å komme til intervju.

– Det er hyggjeleg at forsking stadfestar at det lønner seg å jobbe frå tidleg alder og gjere seg erfaringar, meiner parkdirektør René Langeveld Sas.

René Langeveld Sas, parkdirektør, Bø Sommarland

René Langeveld Sas, parkdirektør, Bø Sommarland, seier 15-åringane ofte går gjennom ei stor utvikling.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Han seier dei fleste 15-åringane ikkje har dei mest spennande CV-ane.

Mange kjem også inn sky og tilbaketrekte, men endrar seg når dei får erfaring, ifølgje Sas.

– Dei som er her mange sesongar, kjem inn som medarbeidarar og går ut som sesongleiarar med personalansvar for opptil 17 andre mellomleiarar. Det er ei fenomenal utvikling.

Parkdirektøren byrja sjølv å jobbe i 12-13-årsalderen og tilrår alle å finne seg ein sommarjobb.

– Om det er noko du ikkje likar, så får du prøvd deg og får meistringskjensle. Gjer noko anna enn berre å liggje på stranda i ni veker.

Les også Vil du ha sommerjobb? I år er sjansene ekstra gode

Sondre Kirkhus på sommerjobb for Parkvesenet i Kristiansand kommune.

Aukar sjansane for å bli uføretrygda

Ifølgje SSB hadde rundt sju av ti unge sommarjobb ved tusenårsskiftet. Talet har no sokke til seks av ti. Det er fleire jenter enn gutar som har sommarjobb.

Sommarjobb tidleg kan også bety meir enn berre høgare lønn.

Mange som ikkje jobbar når dei er unge, jobbar heller ikkje når dei er vaksne.

– Vi ser også at dei tek høgare utdanning i større grad enn dei som ikkje hadde sommarjobb. Sjansane for å bli uføretrygda er også mykje større blant dei som ikkje hadde ein jobb, seier Epland.

– Yter det vesle ekstra

Etter starten som 15-åring har Vebjørn Skavhaugen Linga no vorte avdelingsleiar i Bø Sommarland.

Han synest det er veldig overraskande at det gir så mange fordelar å starte å jobbe tidleg – både økonomisk og sosialt.

Han trur tidleg arbeidserfaring gjer at ein lærar å ta i eit tak, og at dette er attraktivt hos arbeidsgivarar som skal tilsetje folk.

– Som badevakt har eg lært at det ikkje berre handlar om tryggleik, men at det ofte gjeld å yte det vesle ekstra.

Vebjørn Skavhaugen Linga jobber i Bø Sommarland

SNART SESONGSTART: Vebjørn Skavhaugen Linga har no vorte avdelingsleiar, men luker løvetann og feiar bort rusk og rask frå parkområda i Bø Sommarland ti dagar før dørene blir opna.

Foto: Martin Torstveit / NRK
null
Spiller nå
NRK Sommerjobben: Jobben i Tusenfryd gikk bedre enn fryktet 03:12
Neste