Hopp til innhold

Senterpartiet avsluttar samarbeidet med Ap i Innlandet

Arbeidarpartiet gjekk mot folkeavstemming om Innlandet og sørga for at det ikkje vart delt. Det har sett ein stoppar for samarbeidet.

Fylkesting Innlandet

AVSLUTTAR SAMARBEID: Fylkesvaraordførar i Innlandet, Aud Hove vil ikkje lengre samarbeide med Arbeidarpartiet i fylket.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Saka er oppdatert 9.03 med informasjon om valdeltakinga under den rådgjevande folkeavstemminga.

Saka om fylkesoppløysing har vore betent i Innlandet. Senterpartiet var blant dei som var for å løyse opp igjen og bli Hedmark og Oppland igjen.

Ei rådgjevande folkeavstemming viste at folket ville splitte opp igjen storfylket. Men Ap gjekk saman og sørga for at det ikkje skjedde.

Ap og Sp har hatt tett samarbeid på fylkestinget. No er det slutt.

– Det er det at vi får et resultat av ein folkeavstemming som Ap vel å ikkje lytte til som fell oss ganske tungt for brystet, seier Aud Hove, som er fylkesvaraordførar i Innlandet og gruppeleiar for Sp.

Usemje etter folkeavstemming

Senterpartiet stemte for å få ei rådgjevande folkeavstemming om Innlandet si framtid. 46,7 prosent av dei stemmeberettiga i fylket deltok og resultatet viste at folket ville dele opp. Då var ikkje Senterpartiet i tvil om at ein skulle følge dette resultatet.

Men Arbeidarpartiet meinte dei ikkje berre kunne legge avstemminga til grunn for valet. Det enda med at Innlandet bestod etter avstemming i fylkestinget.

Senterungdommen var blant dei som var raskt ute og meinte at partiet måtte vurdere samarbeidet med Ap etter dette:

Les også Senterungdommen: ­ – Bryt samarbeidsavtalen med Arbeiderpartiet

Marit Andrisdotter Kvam og Erik Lillebakken i Senterungdommen.

Aud Hove er klar på at grunnen til at samarbeidet no er over er nettopp at Ap ikkje høyrde på folket i denne saka.

Vi har komme til et punkt no der Sp og Ap er best tent med å samarbeide frå sak til sak og vi får legge våre partiprogram til grunn i politikken, seier Hove.

Overraska

Fylkesordførar i Innlandet, Even Alexander Hagen (Ap), seier han vart overraska over at Senterpartiet no bryt samarbeidet.

Vi var klare for å gå nokon rundar for å finne nye løysingar for å ha eit felles dokument. Men vi respekterer avgjerda Senterpartiet har teke. Og at dei ikkje ønsker ei samarbeidsavtale, men eit sak til sak-samarbeid, seier han.

Fylkesting Lillehammer, Even Alexander Hagen

OVERRASKA: Even Alexander Hagen seier han er overraska. Men at det ikkje blir dramatiske endringar i fylkespolitikken av dette.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

Han seier likevel at det kjem ikkje til å bli ein revolusjon i fylkespolitikken i Innlandet no.

Vi har dei verva vi er valt inn i. Både Arbeidarpartiet og Senterpartiet har sentrale verv i fylkeskommunen. Så det kjem til å vere raudgrøn politikk framover, seier han.

Aud Hove (Sp) seier det vil bli ein annan måte å jobbe på.

– Det betyr at vi ikkje køyrer felles gruppemøte og må innrette oss etter kvarandre på alle saker, men at vi rett og slett jobbar politisk fram forslag til vedtak kvar for oss, seier ho.

Oppland og Hedmark

BESTÅR: Etter dramatiske fylkesting, folkeavstemmingar og undersøkingar vart det klart at fylket ikkje går tilbake til Hedmark og Oppland.

Illustrasjon: Marte Iren Noreng Trøen

Aud Hove seier det ikkje er med heilt lett hjarte dei no gjer dette.

– Eigentleg må eg si at det er lit trist, og det har vore ein vanskeleg sak for oss alle. Men det vi har i fellesskap er at vi ønske å utvikle fylkeskommunen og vi har alle et politisk ansvar for å få det til å fungere. Så det er vi innstilt på.

Ho legg til at dei skal vere konstruktive og finne løysingar med både Ap og andre parti.

– Og kanskje kan det til og med vitalisere arbeidet vårt litt, seier Hove. Men vi har et stort ansvar med å bygge Innlandet fylke vidare, seier ho.

Trassa folkeavstemming

Arbeidarpartiet var i utgangspunktet i mot ei folkeavstemming om fylket si framtid. Dei meinte ein ikkje kunne legge berre folkeavstemminga til grunn for å dele opp igjen Innlandet.

Ein utbrytar frå partiet sørga for at den rådgjevande folkavstemninga vart til. Resultatet av denne vart jamn. 50,7 prosent vil tilbake til Hedmark og Oppland, mens 48,1 prosent vil behalde storfylket Innlandet. Valdeltakinga var på 46,7 prosent.

I tillegg til folkeavstemminga var det høyringsrunde i kommunane og ei medarbeidarundersøking i Fylkeskommunen. Dette fekk motsett resultat.

Ei kartlegging NRK gjorde viste at eit fleirtal av Ap-ordførarar i fylket ville følge resultatet av avstemminga.

Likevel vedtok Ap sitt representantskap at partiet skulle stemme samla for å trasse folkeavstemminga:

Les også Arbeiderpartiet sier ja til å beholde Innlandet

Avstemning i representantskapet i Arbeiderpartiet om Innlandet fylke.

Flere saker fra Innlandet