Hopp til innhold

Noreg kjøper 54 tyske stridsvogner

Forsvarsministeren, statsministeren og finansministeren fortalde om innkjøpet i dag. Forsvarssjefen anbefalte ikkje dette, men er i dag positiv til antalet.

Pressekonferanse Rena leir. Jonas Gahr Støre, Trygve Slagsvold Vedum og Bjørn Arild Gram holder pressekonferanse.

PRESSEKONFERANSE: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) fortalde om innkjøpet under ein pressekonferanse på Rena Leir.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Regjeringa har planlagt for å kjøpe inn fleire nye stridsvogner, sjølv om forsvarssjefen ikkje anbefalte dette.

Kor mange stridsvogner dei ville kjøpe, og kva typar har ikkje vore kjent før no. Dette har vore eit politisk betent spørsmål.

Statsrådane bekrefta at Noreg kjøper inn 54 stykk, og har opsjon på 18 til. Det har stått mellom tyske Leopard 2A7 og sørkoreanske K2 Black Panther. Det er den tyske dei går for.

– Vi står i ein av dei mest krevjande sikkerheitspolitiske situasjonane sidan andre verdskrig, seier Jonas Gahr Støre.

Pressekonferanse Rena leir. Jonas Gahr Støre, Trygve Slagsvold Vedum og Bjørn Arild Gram holder pressekonferanse.

VIL STYRKE SAMARBEIDET: Statsministeren sa dette innkjøpet vil styrke samarbeid med andre land. Den er av liknande type som andre har.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Han seier dette kjem som følge av krigen i Ukraina og at dette innkjøpet styrkar sikkerheita i Noreg. Han la til at dei har vore tydelege, også i Hurdalsplattformen på at ein skal styrke forsvaret.

Dei første stridsvognene ventar dei at blir levert i 2026.

Les også Dette er stridsvognene Norge skal kjøpe

Leopard 2A7

Diskusjon rundt prioriteringa

Stortinget godkjente innkjøpet av stridsvogner i fjor. Men det har vore diskusjonar om denne prioriteringa.

Forsvarssjef, Eirik Kristoffersen sa i fjor at han ikkje anbefalte dette. Då sa han at krigen i Ukraina har svekka Russland såpass mykje at dei ikkje er ein trussel for Noreg. Difor meinte han det er vel så viktig å kjøpe andre typar våpen.

Les også Tidligere forsvarssjef: Mener Norge må bestille nye stridsvogner nå

Gram sa under pressekonferansen at regjeringa har gjort ei heilskapleg vurdering og har kome fram til at dette er det beste.

Pressekonferanse Rena leir. Jonas Gahr Støre, Trygve Slagsvold Vedum og Bjørn Arild Gram holder pressekonferanse.

ORIENTERTE: Forsvarsminister, Bjørn Arild Gram og Finansminister, Trygve Slagsvold Vedum orienterte om innkjøpet på Rena leir.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Forsvarssjefen har anbefalt å ikkje skaffe stridsvogner. Det er forsvarssjefens rolle og ansvar å gi meg og regjeringa råd. Anten i den fireårige prosessen, med eit heilskapleg fagmilitært råd, eller meir løpande, seier Gram.

Forsvarssjefen er no positiv

Forsvarssjef, Eirik Kristoffersen seier til NRK i dag at dette er ei god avgjerd. I utgangspunktet hadde han anbefalt regjeringa å prioritere anna innkjøp.

Ifølge Kristoffersen har han hatt god dialog med regjeringa. Han er nøgd med at dei kjøper 54 og ikkje 72, som er eit antal som har vore diskutert.

Pressekonferanse Rena leir. Jonas Gahr Støre, Trygve Slagsvold Vedum og Bjørn Arild Gram holder pressekonferanse.

RENA LEIR: På Rena leir har dei stilt opp fleire stridsvogner.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– No ligg det ein opsjon inne på 18 nye, men det frigir også middel til at forsvaret kan investere i langtrekkande eld, luftvern og også dronar som har vist seg effektive i krigen i Ukraina, seier forsvarssjefen.

– Det betyr også at du ikkje vil anbefale opsjonen på 18 stridsvogner til skal brukast?

– Det skal eg komme tilbake til. No skal eg jobbe med eit fagmilitært råd. Det er mykje som har endra seg sidan førre fagmilitære råd, det er krig i Ukraina og Sverige og Finland har søkt om medlemskap i Nato. Vi skal sjå på innretninga i forsvaret i neste langtidsplan.

Eirik Kristoffersen

PLANAR: Forsvarssjef, Eirik Kristoffersen seier det er planar om å skaffe langtrekkande eldkraft og luftvern i tillegg. – Det er der det mest hastar no med å få på plass luftvern, langtrekkande eld og artilleri, men også stridsvogner til dei ukrainske styrkane.

Foto: William Jobling / NRK

Han fortel at mange forsvarssjefar diskuterer om det er stridsvogner som er viktig å ha. Kristoffersen seier at ein har sett, blant anna i Ukraina, at det er behov for luftvern. Likevel er han nøgd.

– Det er i styrking av forsvaret. Og det er i tillegg planlagt investeringar i langtrekkande eld, luftvern og ny teknologi som gjer at vi vil få eit styrka forsvar.

Les også Kritiske til å sende stridsvogner fra Nord-Norge til Ukraina

Arctic Bolt 2022. Forsvaret.

– Styrkar samarbeid

Stridsvognene liknar det dei har i andre land. Statsminister, Jonas Gahr Støre seier dette vil styrke samarbeid. Sverige, Danmark og Finland har også slike tyske stridsvogner, ifølge forsvarsministeren.

– Stridsvognene vil vere av stor betydning for forsvaret av Noreg, men også gi eit bidrag til NATO sitt forsvar.

Finansminister, Trygve Slagsvold Vedum seier dette er ei stor investering og prioritering. Han er også oppteken av at dette kan gi stor verdiskaping.

Pressekonferanse Rena leir. Jonas Gahr Støre, Trygve Slagsvold Vedum og Bjørn Arild Gram holder pressekonferanse.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Den investeringa som blir gjort no vil vere ein av dei tyngste forsvarsinvesteringane vi har gjort og det vil ha stor betydning. Vi styrkar vår forsvarsevne hæren, men det vil også styrke vår forsvarsindustri, seier han.

Mange positive reaksjonar

Frå fleire kantar kjem positive reaksjonar på det regjeringa presenterte i dag.

Hærsjef Lars Lervik seier dette betyr at ein får ein sentral kapasitet i moderniseringa og oppbygginga av Hæren og Forsvaret.

Ine Eriksen Søreide, som er leiar av Stortingets utanriks- og forsvarskomité, seier det er bra regjeringa følger vedtaket frå Stortinget. Ho seier det ikkje handlar om å følge Hurdalsplattformen, men å følge vedtaket som vart fremma som forslag av Solberg-regjeringa.

Ola Elvestuen i Venstre er nøgd med at dei valde dei tyske stridsvognene med tanke på samarbeid. Han meiner det er viktig at leveransen kjem på plass så raskt.

– Slik at vi får bevart kompetansen og øvingsnivå til personellet når vi nå donerer våre eldre stridsvogner til Ukraina, seier Elvestuen.

Ingrid Fiskaa i SV er også positiv til at ein har vald tyske stridsvogner. Ho seier den største utfordringa er at ein må følge opp dette med pengar til drift og personell.

Leiaren i Noregs Offisers og spesialistforbund, Torbjørn Bongo er glad for at regjeringa held seg til planen om å skaffe stridsvogner.

– Det er viktig og ei føresetnad å fullføre moderniseringa av Hæren. Vi er også nøgd med antal og val av type, som står fram godt grunngitt.

Reaksjonane er også gode i Indre Troms. Toralf Heimdal, som er ordførar i Bardu reagerte sterkt då forsvarssjefen sa før jul at han heller ville ha luftvern enn stridsvogner. I dag er ordføraren nøgd.

Toralf Heimdal ordfører Bardu

GLAD: Han reagerte på forsvarssjefen sitt utspel før jul, og er letta over at regjeringa held seg til det dei har sagt.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Eg er kjempenøgd og ikkje minst letta. Utviklinga i Ukraina har vist at stridsvogn er det mest relevante du har på ei slagmark. Heile strukturen til brigaden er bygd opp rundt dette. Å skrote det i siste sekund går ikkje an.

Det same gjeld Pål B. Nygaard i Bardu, som er tillitsvald for befalet i Hæren.

Det forsvarssjefen kom ut med før jul har skapt mykje støy internt i hæren. Den faglege forankringa hadde han ikkje. No er grunnmuren vedteke vidareført. Og det er brigaden i Noreg, seier han.

Pål B. Nygaard

GLAD: Pål B. Nygaard er tillitsvald for befalet i Hæren. Han er veldig glad regjeringa held seg til planen om å kjøpe stridsvogner.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Skal sende stridsvogner til Ukraina

Førre veke bekrefta forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp), at Noreg skal sende stridsvogner til Ukraina.

Det har vore diskutert om det vil svekke sikkerheita i Noreg å gi vekk stridsvogner. På det har forsvarsministeren svart at det er viktig for Noreg å få stoppa Putin.

Noreg har 36 stykk i operativ teneste no. Forsvarsministeren har ikkje sagt noko enno om kor mange dei skal sende til Ukraina.

Tyskland, USA, Polen og Storbritannia har sagt at dei skal sende stridsvogner. Sverige er opne for å gjere det. Nederland og Spania er klare for å bidra. Frankrike har sendt lettare pansra køyretøy så langt.

Det er stridsvogner av typen Leopard 2A4 Norge vil sende til krigen i Ukraina. Norge har 36 stykker.

Det er stridsvogner av typen Leopard 2A4 Noreg vil sende til krigen i Ukraina. Noreg har 36 stykk.