Olav Haraldson var ikkje redd for å slå gjennom saka si med makt. Amund Grytting er ikkje ein klimaaktivist, men nokre gonger hadde det vore freistande å kunne gå litt hardare fram, slik Olav gjorde, for å få gjennom saka.
HJELPER MED BEREKRAFTSMÅLA: Amund Grytting var med å grunnlegge YSI som 20-åring i 2016, og er no operasjonsansvarleg i selskapet som hjelp entreprenørar og bedrifter å vere meir berekraftige.
Foto: John Trygve Tollefsen– Vi har kanskje vore litt for flinke til å diskutere, og ikkje like flinke til å handle. Det er ein del ting eg gjerne berre skulle ha dunka gjennom.
På laurdag er han på Dale-Gudbrands gard på tusenårsmarkeringa Hundorp 2021 for å minnast forteljinga om Olav den heilage og storbonden i Gudbrandsdalen. Der skal han prate om kva som engasjerer unge i dag.
For fem år sidan var han med å starte opp selskapet Young Solutions Impact (YSI) for å hjelpe både nye entreprenørar og etablerte bedrifter å drive berekraftig.
– Vi har mykje å gjere for at vi skal kunne bruke naturen vår og ha det like fint i over tusen år til, seier han.
Det er fleire nordover dalen som er opptekne av miljøet. Vågå kommune fekk godt betalt for å tenke nytt i renovering.
FRÅ SLAGMARK TIL FEST: Uansett om møtet mellom Dale Gudbrand og Olav skjedde eller ikkje, står garden klar for tusenårsmarkeringa.
Foto: Lars Erik SkrefsrudSjølv om Grytting ikkje kjem til å klubbe ned meiningsmotstandarar, trur han det er andre taktikkar ein kan bruke for å få gjennom bodskapen sin.
Då Olav kristna folk, sikta han seg inn på dei med makt i samfunnet, som småkongar og storbønder. I dag trur Grytting det er lurt å forsøke å nå bedrifter og entreprenørar slik at dei kan tilby berekraftige varer og tenester.
Inviterer til møte mellom gamalt og ungt
– Vi har ikkje den same typen konfliktar i Noreg i dag, men det er interessant å lære om korleis det alltid har vore spenningar mellom folk som har sterke meiningar, seier Johanne Dalsbø.
EIN INVITASJON: Utvalde ungdommar har reist rundt i heile Innlandet for å kalle inn til tusenårsmarkeringa med hærpiler, ein gammal form for innkalling til militærplikt. Frå venstre: Frederik Feiler, Johanne Dalsbø, Nikoline Scheie og Martine Skibenes Rannstad.
Foto: Maria Pedko Lindbäck / NRKHo er leiar i Innlandet sitt fylkesting for ungdom, og i sommar har ho reist rundt for å invitere ungdom til å delta på markeringa på Dale-Gudbrands gard som startar i dag.
Dalsbø skal også vere med på laurdag, og meiner det er viktig å høyre kva saker som gjer at unge i dag går ut og kjempar for synspunkta sine. For henne er det klimakamp og arbeid mot diskriminering som vinn.
– Eg opplever gjennom vervet mitt at ungdom ikkje alltid blir teke seriøst, fordi vi ikkje har like mykje erfaring, og tek meir utgangspunkt i det vi opplever her og no, men det er viktig at dei som styrar tek meiningane våre på alvor, seier ho.
Det er ikkje alltid lett å bli høyrt. Vikingkvinna Gunnhild skydde få middel for å få gjennom meininga si.
Saman om fortid, notid og framtid
Hundorp 2021 starta arrangementa sine i dag på Olsok, og i tre dagar framover kjem profilar som Lars Mytting, Iman Meskini og Hkeem til tusenårsmarkeringa.
Med temaet «kulturmøte og endringar» ønsker nemleg prosjektleiaren for arrangementet å løfte opp korleis vi kan sjå tusen år vidare inn i framtida.
JUBILEUMSSTAFETT: Hundorp 2021 er den første markeringa i ein tiårig jubileumsstafett fram mot tusenårsjubileet i 2030 for slaget på Stiklestad.
Foto: PRIVAT– Det er historisk tvilsamt om Olav faktisk møtte Dale-Gudbrand. Vi vil heller bruke det kulturmøtet mellom gamal og ny tru, og dei brutale endringane som skjedde, for å sjå på dei utfordringane vi har i vår tid, seier prosjektleiar Bjørn Kjellson Sletten.
Å vere framtidsretta er nokre gonger vanskeleg, for folk kranglar enno om den norske kongen: