Hopp til innhold

Sju ting du ikkje visste om Olav den heilage 

Var Olav den heilage så heilag som historia om han vil ha det til? Og kva har Aune Sand til felles med vikingkongen?

Olav blir skadet på Stiklestad.

SANNINGA OM OLAV: Kven var eigentleg denne vikingkongen?

Foto: Ekkofilm/NRK

Dei fleste kjem kanskje i hug at det var Olav den heilage som innførte kristendommen til landet. At han må ha vore ein fin kar som fekk folket til å tru på noko anna enn det primitive og heidenske.

Men var Olav den heilage så from som namnet hans vil ha det til? Vi har teke ein kjapp titt på kven Olav eigentleg var.

kultur1

Olav den heilage hadde fleire namn (og var truleg feit)

Det er ikkje lett å halde greie på den norske kongerekkja, og enklare blir det truleg ikkje når mellom anna Olav den heilage òg er kjend som Olav Haraldsson og Olav Digre. Kvifor han vart heitande Digre, er heller ikkje så lett å svare på.

Han var mektig og sånn sett diger, men fortel namnet noko om korleis han faktisk såg ut? Det finst jo ingen bilete av han, anna enn eit primitivt portrett på myntar som Olav fekk laga for å styrkje stillinga si som konge. Og på ein mynt er det knapt plass til litt hjelm og eit tryne.

Bilde av Olav den hellige

STAUT KAR: I den nye dokumentarserien Olav blir vikingkongen framstilt slik.

Foto: Ekkofilm/NRK

Men noko kan vi seie: Olav var truleg ikkje høg i fysisk forstand, kanskje heller brei. I dag vil vi seie at han hadde høg BMI eller eit lågt tyngdepunkt. Kvar har vi det frå? Jo, Snorre Sturlason skreiv om dei norske kongane to hundreår etter Olav sin død.

Snorre kan umogleg vite korleis kongen såg ut, men støtta seg på tidlegare forteljingar som han sidan omarbeidde og gjorde til sitt. Ei av kjeldene var skaldane. Ein skald tok gjerne ekstra i, sidan diktaren i mange tilfelle var ein del av PR-apparatet til kongen som hadde i oppgåve å sikre eit godt rykte og ettermæle.

Men det oppsiktsvekkande er at Snorre kom med høgst uvanlege skildringar av Olav. Å ikkje beskrive ein konge som både uendeleg tiltalande og høgreist, var nemleg svært uvanleg. Men om du les Snorres saga om Olav:

Han var vakker å sjå til, middels høg av vekst [...] Han var svært tettvaksen, hadde store krefter, lysebrunt hår, breitt ansikt, lys hud og rødlett ansikt. Han hadde usedvanlege gode auge, dei var vakre og så kvasse at ein kunne bli redd for å sjå han i auga når han vart sint.

For ordens skuld: snitthøgda på ein mann på denne tida var 170 centimeter – 10 centimeter lågare enn i dag.

kultur2

Olav var både krigersk og maktsjuk (som mange vikingkongar)

Det kan verke som heva over all tvil at Olav både var herskesjuk og ikkje så reint lite krigersk. Eller var han berre eit produkt av tida?

Allereie tidleg i tenåra la Olav ut på det første toktet sitt, og det var ikkje småtteri han vart med på. Han kidnappa, lemlesta og drap over ein låg sko både i austerveg og vesterveg, og etter åtte års mayhem i land som Sverige, Finland, Nederland, England, Spania og Frankrike, hadde han røva til seg nok gods og gull til at han kunne kjøpe seg medsamansvorne på jakt etter herredømme over Noreg.

Dei fleste forbind Olav den heilage som den som innførte kristendommen til landet. Denne påstanden bør bli teken med ein klype salt. For nokon vil seie at kristendommen ville ha komme til landet, i alle tilfelle.

Fra TV-serien Olav

UT PÅ TOKT: Olav har blitt framstilt som ein krigersk type.

Foto: Ekkofilm/NRK

Det er òg grunn til å tru at Olav lét seg blir døypt, då han visste kva veg det bar, at kristendommen kom til å vinne terreng uansett. Det var heller ingen ulempe for Olav at den kristne makta gjekk frå Gud, via kongen og ned til folket.

Med våpen i hand kunne Olav gjere litt av kvart. Skjere av tunga på folk, til dømes. Og stakkaren Rørek Dagsson, ein småkonge som gjorde opprør mot Olav, skal ha fått auga stukke ut slik at han neppe såg meir av denne verda. Men smerta og audmjukinga stoppa ikkje.

Rørek skal ha blitt ført omkring som fange, vist fram som eit levande bevis på at viss du prøvde å ta makta frå Olav, går det deg svært dårleg. Legg òg til forkorting av hender eller føter ved hjelp av sverd, henging og halshogging.

Sett med dagens auge kan det hende at det var både barbarisk og ikkje reint lite kynisk. Men det var truleg sånn kongane på den tida heldt på makta si.

kultur3

Olav plyndra kristendommen si vogge i England

Du har sikkert vore med på kviskreleiken? Leiken som går ut på at det er ein som kviskrar eit ord eller ei setning i øyret på sidemannen eller sidekvinna, og som skal bringe dette vidare til ein tredjeperson og så vidare? Det er sjeldan at det som opphavleg vart sagt, kjem i same versjon tilbake til første avsendar.

Førestill deg at det som blir sagt er òg på eit framandt og ofte arkaisk språk, og at det gjerne går eitt eller eit par hundreår før bodskapen kjem fram. Slik er det med historieskriving. Derfor er «fake news» ingen ny greie.

Ifølgje Snorre skal Olav og vikinghæren ha kjempa på engelskmennene si side imot danskane som herja på øya i vest på byrjinga av 1000-talet. Ved å samanlikne kvada som omhandlar Olav si tid i England, med engelske krøniker, tyder det på at Olav kjempa på den andre sida av konflikten. At Olav var med på å plyndre engelskmennene, og at det heile toppa seg med kringsetting av Canterbury, sjølve årestaden for kristendommen i dåtida sitt England.

Ei viktig kjelde er krønikeskrivaren og munken Florence av Worcester. Munken levde berre hundre år etter at dei faktiske hendingane skal ha skjedd – altså eitt hundreår før Snorre skreiv versjonen sin. Krønika frå 1100-talet nyttar seg av skrifter som kan ha blitt skrive i åra 1016–1023.

kultur4

Olav raserte ikkje London Bridge likevel

Snorre skildra altså Olav som ein krigshelt som kjempa på engelskmennene si side imot danskane. Og at Olav skal ha fått i oppdrag å rive ned sjølvaste London Bridge, det viktigaste forsvarsverket i byen på oppdrag frå den engelske kongen.

Tenk dykk det då, folkens: Ein konge som set sin lit til ein tenåring som til og med utfører oppdraget med glans!

Ifølgje engelske Florence av Worcesters krønike med skrift som opphavleg vart skrive ned i åra 1016 til 1023, altså like etter at hendinga skal ha skjedd, verkar det som om historieforteljaren Snorre har drege det heile ut av proporsjonar.

For det første blir ikkje Olav nemnt i det heile. Ein kan ikkje sjå vekk i frå at Olav kan ha vore med på det som viser seg å vere eit forsøk på å omleire London. Olav kan til og med ha leia eit av angrepa mot byen. Ikkje mot London Bridge slik Snorre hevdar, men heller eit angrep på ei bygge, eit dike eller ein forsvarsvoll. Angrepet som Olav var ein del av mislukkast, og blei utført saman med den danske hæren som seinare laga eit helvete i Canterbury.

Snorre skal truleg òg ha snubla i omsetjinga to hundreår seinare. Ordet han kan ha bomma på, var «bryggja». Det norrøne ordet betyr kai eller bryggje eller noko slikt – og ikkje det engelske ordet «bridge» eller bru på norsk.

Snakk om nedtur.

kultur5

Olav skreiv kanskje kjærleiksdikt

Då Olav vart konge i Noreg i 1015, skal noko av det første han gjorde ha vore å kjekle med svenskekongen Olof Skötkonung. Dei skal ha krangla om grenser og skatt, mellom anna. Svenskekongen vart så sur at ingen i Sverige fekk lov til å ein gong nemne Olav Digre sitt namn. Ein kunne til og med hamne i galgen for sånt.

Frå då av vart Olav heitande «Den digre mannen» i Sverige. Som om det ikkje var nok, bad Olav om å få gifte seg med dottera til svenskekongen, Ingegjerd Olofsdatter.

Vi må kanskje inn i storpolitikken for å skjøne kva som truleg var på ferde: For danskekongen var i tottane på Olav, såpass mykje at den norske kongen såg seg nøydd til å byggje alliansar i aust – derav dette i utgangspunktet frekke frieriet til søta bror.

Svenskekongen var sjølvsagt ikkje glad for å gi bort dottera si til erkefienden, men også han var sett i ein alvorleg skvis. Uvennskapet mellom Noreg og Sverige hadde nemleg tært såpass på at dei svenske bøndene trua med å drepe svenskekongen viss han ikkje gifta dottera si bort til Olav. Svenskekongen sa først at det var greitt, men så vart Ingegjerd gifta bort til Jaroslav, fyrsten av Gardarriket, i dagens Russland.

Dottera til svenskekongen, Ingegjerd Olofsdatter

DEN STORE KJÆRLEIKEN: Olav fekk ikkje si Ingegjerd.

Foto: Ekkofilm/NRK

Olav stod plutseleg utan brud, og ei mjukare side kjem fram i han. For det verka som hjartet hans knakk i to. Ei kan hende mindre kjend side ved Olav er at han skal ha skrive litt. Ja, at han kan ha vore ein diktar.

Det kan hende at Olav skreiv dette kvadet om kjærleik, eit kvad som «Jordbærmus»-poeten Aune Sand meiner er fantastisk nydeleg:

Frå haugen så eg på kvinna –

kvinna med dei vakre auga

som stal gleda mi.

Den raske kvinna rei ut av garden.

Kvar mann gjer sitt feilsteg.

– Det fortel alt, kvar setning har fylde i seg. Han var djupt forelska, og er både elskovsjuk og såra. Det er dramatisk. Han skriv jo betre enn meg, seier Aune Sand og legg til:

– Kan du sende diktet på SMS til meg?

Kva gjorde Olav då han ikkje fekk si Ingegjerd? Jo, han gifta seg med søstera i staden, Astrid Olofdatter.

kultur6

Olav hadde kanskje ein ukjend russisk son

Her er vi ute og syklar på vinterføre, men likevel: Det kan hende at Olav har ein ukjend son i Russland! Det finnes ein russisk teori om at dette kan vere tilfelle.

For Olav møtte Ingegjerd igjen. I 1028 mista Olav kongemakta, og måtte komme seg vekk frå Noreg fortare enn svint. Olav drog til Gardarriket til storfyrsten Jaroslav. Drog han dit på måfå? Tja, i alle fall var Ingegjerd òg der. Olav var hos henne i nokre månadar, og kjenslene mellom dei to skal ha vore såpass eruptive at dei saman skal ha skapt eit avkom som seinare skulle bli storfyrsten av Kiev, Vsevolod I.

Etter alt å dømme vart Vsevolod fødd i 1030, så får matematikarane rekne seg fram til sannsynet for at dette er tilfelle.

Hertugen av Kiev

UKJEND SON: Vsevolod I av Kiev kan ha vore Olav sin son, ifølgje ein russisk teori.

Foto: Ekkofilm/NRK
kultur7

Døydde Olav på Stiklestad?

Ei av dei mest kjende historiene om Olav, og Norgeshistoria elles, er at vikingkongen skal ha krepert på ein stein i slaget på Stiklestad. Men det er ikkje så sikkert at han døydde på slikt heroisk vis.

Det er ein heil del ting å utsette på når det gjeld dette famøse slaget. Snorre skreiv at det var ei solformørking 29. juli 1030, dagen slaget sto. Men formørkinga skjedde faktisk ein månad seinare, og nokre fridommar må sjølv Snorre ha lov til å ta. Snorre skulle jo underhalde lesarane sine, trass alt. Det er ikkje sikkert at alt som står her i denne saka, gjeld om to hundre år heller.

Men at det var eit slag på Stiklestad, skal det vere liten tvil om. At det ikkje var snakk om ein bondehær på 7000 mann, vel det er sannsynlegvis ei overdriving, men like fullt. Dei første skriftlege kjeldene til slaget, er skrive av ein tysk prest og forfattar, Adam av Bremen i 1070. Denne Adam kjem med tre moglege dødsårsaker:

  • Olav kan ha blitt drepen i kamp på Stiklestad
  • Han kan ha blitt håna og teke av dage av trulause
  • At Olav skal ha blitt drepen i eit hemmeleg bakhaldsangrep, sett i gang av danske Kong Knud

Slik høve er no, kan du sjølv velje kva du vil tru på.