Hopp til innhold

Naturvernarar rasar mot E6-ja

Hyklersk, meiner Natur og Ungdom om regjeringas ja til ny E6 gjennom Lågendeltaet.

lågendelta-frokost-100223

KAMP: Regjeringa opnar for å bygge ny E6 gjennom Lågendeltaet, men Natur og Ungdom gjev ikkje opp kampen mot bygginga.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det å bygge ut veg i eit naturreservat fører til store skader på den verdifulle naturen som er der.

Det seier Tale Løkeland Ryste. Saman med fleire andre frå Natur og Ungdom hadde ho møtt opp ved Biltema i Lillehammer for å aksjonere fredag morgon.

Fredag morgon vart det kjent at regjeringa seier ja til ny E6 gjennom Lågendeltaet naturreservat.

lågendelta-frokost-100223

SKUFFA: Naturvernarar er skuffa over regjeringa.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Reservatet vart verna i 1990 for å ta vare på eit viktig og spesielt våtmarksområde i sin naturlege tilstand.

33 år seinare går regjeringa inn for å bygge ny E6 gjennom verneområdet, trass i at Miljødirektoratet sa nei til utbygginga.

– Det sender eit tydeleg signal om at verna område ikkje er forsikra når ein opnar opp for utbygging i så sårbare område, seier Løkeland Ryste i Natur og Ungdom.

Tale Røkeland Ryste

KJEMPAR VIDARE: Natur og Ungdom vil jobbe vidare med å stoppe prosjektet.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Fortsett kampen

Sjølv om regjeringa no går inn for ny firefelts motorveg på E6 forbi Lillehammer, er ikkje kampen tapt enno, meiner Natur og Ungdom.

– Det kom veldig brått på, men vi er heilt sikre på at vi skal halde fram og få stoppa prosjektet, aksjonere og jobbe vidare med saka, seier Løkeland Ryste.

Dei står ikkje aleine. Dei kritiske stemmene mot utbygginga er mange.

– Vi er ikkje overraska dessverre. Det er så store interesser for å få denne vegen. Det er milliardar på spel, slik sett er vi ikkje overraska, seier Torbjørn Dahl i Lågendeltaets venner.

Torbjørn Dahl

IKKJE OVERRASKA: Torbjørn Dahl i Lågendeltaets venner er ikkje overraska over at regjeringa seier ja til ny E6 gjennom Lågendeltaet. – Men at ein set til side vedtaket til Miljødirektoratet på ein så lettvind måte, det overraskar, seier han.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

– Vi skal framleis følgje med, og vi er klare til å gjere ting. Vi har drøfta dette med sivil ulydnad.

– God dag

Blant dei som derimot jubla over meldinga frå regjeringa, var ordførarar i Gudbrandsdalen og Ringsaker.

– Dette er ein veldig god dag for Lillehammer, og det er ein seier også for miljøet. Vi treng å ta vare på både folk fugl og fisk, og det meiner eg vi gjør betre med denne løysinga enn dagens løysing, seier Ingunn Trosholmen (Ap), ordførar i Lillehammer.

Ordføraren har den siste tida jobba hardt for å få medhald i regjeringa. Ho er glad for at dei lytta til dei lokale stemmene.

 Ingunn Trosholmen

ORDFØRAR: Ingunn Trosholmen (Ap), ordførar i Lillehammer er einig i at vernet bør vere sterkt, men at ein må sjå på heilskapen i eit naturreservat.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Målet til regjeringa er å kunne bygge vegen med meir avbøtande tiltak opp mot naturen enn det som låg i den opphavlege planen.

– Vi planlegg å byggje ein veg gjennom den opphavlege traseen, men med ei rekke avbøtande tiltak som skal gå langt utover det som låg i den opphavlege planen, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

– Tanken er at naturen skal kome betre ut samla sett. Etter grundige vurderingar kom vi fram til at det å ikkje gjere noko faktisk ikkje er ein moglegheit. Det å utvide den noverande vegen som er overbelasta, er ikkje betre for naturen. Kanskje heller verre, seier han.

Klima- og miljøministeren strekar under at endringar i verneforskrifta ikkje vil skje før dei avbøtande tiltaka er endeleg avklart og avgjort.

Espen Barth Eide, Klima og miljøminister (Ap)

TILTAK: Å ikkje gjere noko, er ikkje ein moglegheit, meiner klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Martin Fønnebø / NRK

Lokale ornitologar har allereie laga ei liste over tiltak som kan gjere Lågendeltaet betre for fuglelivet.

Dei meiner mellom anna at å legge høgspentlinjer inn i brua for å unngå fuglekollisjonar kan vere eit av tiltaka, men også å ha ei redusert fartsgrense på natta for å skåne trekkfuglane.

Dei meiner også at det bør vere lys- og støyskjerming på både den nye brua, men óg den eksisterande, samt at å utvide ferdselsforbodet i reservatets kjerneområde bør vere blant dei avbøtande tiltaka som no skal opp til diskusjon.

NRK er kjent med at ordføraren i Lillehammer har brukt denne lista i fleire møter ho har hatt med departementa.

Les også Regjeringen åpner for E6 gjennom Lågendeltaet

Lågendeltaet blir bygd

Delte meiningar

Annie Haavemoen bur på austsida av Lågen og kan få brua rett inn på sin eigedom. Ho er skuffa over regjeringa.

– Vi treng tid til å fordøye og sette oss inn i kva slags endringar regjeringa går for. Det er ein tragedie for naturen, og fullstendig mangel på ryggrad frå Barth Eide som samstundes skryt av ny, internasjonal verneplan, seier Haavemoen til NRK.

Litt lenger sør i Lillehammer, jublar grendeutvalet.

– Dette er ein stor dag for oss. Vi har kjempa for dette i mange år, og vi er veldig takksame, seier Asle Birkeland, leiar i Vingar grendeutval.

Bydelen Vingar ligg like ved Lågendeltaet, og har ifølgje grendeutvalsleiaren vore plaga av mykje trafikk, svevestøv og trafikkfarlege situasjonar.

– Endeleg får vi trygge lokalvegar, mindre gjennomgangstrafikk i bustadområdet vårt, seier Birkeland.

Les også Mobiliserte mot E6-nei: – Store konsekvensar for utviklinga i Innlandet

Vegforum Innlandet inviterte tirsdag til pressemøte om E6 Moelv-Otta. Beboere langs dagens trase har laget velforeninger. Her representert ved: Helge Gjerde(Busmoen vel), Henriette Klougart Jevnesveen(Vingnes vel)
og Asle Birkeland(Vingar grendeutvalg).

Mykje kjensler

Kommentator i avisa GD, Jostein Hernæs, summerer opp dagen som ein dag med mykje kjensler.

– Nokre har feira ein siger, og nokre kjenner nok på ei oppriktig sorg. Det er litt av alt.

Han meiner regjeringas ja til ny E6 over Lågendeltaet er ein siger for politikken, men også ein liten siger for dei som har kjempa kampen for miljøet.

– Sjølv om det i dag kjennest som eit nederlag, så ligg det ein ambisjon for miljøet i avgjera frå regjeringa. Det hadde ein ikkje fått utan den kampen dei har kjempa, seier Hernæs.

Les også Her er det planlagt ny, firefelts motorveg gjennom naturreservat

Illustrasjon fra Nye Veier. To alternativer til bruer over Laagendeltaet.