Merete må betale 12 000 kroner i månaden for smertestillande

Ho er ein av få som får medisinsk cannabis gjennom det norske helsevesenet. Men ho får ikkje støtte av staten.

Merete Mjelde Johansen og Stein Arne Sørli i stova heime i Valdres. Merete sjekker resepten på telefonen.

FOR DYR RESEPT: Merete Mjelde Johansen sjekkar resepten på telefonen saman med sambuar Stein Arne Sørli. Ho har bede om å få mindre resept enn ho kunne fått, fordi ho ikkje har råd til å hente ut all medisinen på uføretrygd.

Foto: Åshild Slåen / NRK

For to år sidan fekk Merete Mjelde Johansen prøve medisinsk cannabis på resept frå fastlegen. Då hadde ho levd i over 20 år med kroniske smerter.

– Etter sju år fekk eg klar beskjed frå legen at dersom eg fortsette med morfin, så ville eg døy i løpet av eit halvt år. Kroppen måtte ha pause.

Medisinen bedrolite

AVGRENSA RESEPT: Fastlegar kan berre skrive ut medisinsk cannabis med mindre enn ein prosent THC, som bedrolite. Det er dette Merete har fått gjennom fastlegen sin, før ho har fått sterkare preparat gjennom ein spesialist.

Foto: Åshild Slåen / NRK

Den medisinske cannabisen Mjelde Johansen brukar er ikkje godkjent som medisin i Noreg. Men legar og spesialistar kan be om godkjenningsfritak frå Statens legemiddelverk for mellom anna pasientar med langvarige smerter.

Kroniske smerter etter operasjon

I 1995 hadde Merete ein nyreoperasjon. Dei kroniske smertene kjem truleg av nerveskadar frå denne operasjonen. Det gjorde at ho vart ufør i ung alder.

No får ho medisinsk cannabis som smertestillande. Men sjølv om ho får dette på resept, blir det dyrt.

Merete ser utover Valdres

SMERTER: Ho seier ho har så sterke smerter at ho må halde seg fast.

Foto: Åshild Slåen / NRK

– Eg må ut med om lag 8000 kronar i månaden, men det er minimum. Dersom eg skal ha god effekt, kostar det om lag 12 000 kronar.

På grunn av prisen på medisinen, må ho ofte leve med smertene, seier ho.

– Det er ikkje noko liv. Då ligg eg som ein krøpling og held meg fast. Eg får ikkje gjort noko.

Finansierer ikkje medisinsk cannabis

Helfo seier til NRK at dei ikkje betalar for medisinsk cannabis i nokon samanheng. Det er dei forskjellige sjukehusa som kan velje å gjere det.

Dette bekreftar Sigurd Hortemo i Statens legemiddelverk. Han seier dei reknar bruken av medisinsk cannabis som «utprøvande behandling».

Sigurd Hortemo, Legemiddelverket

STOR TEKST: Sigurd Hortemo frå legemiddelverket.

Foto: Legemiddelverket

– Dersom sjukehus tilbyr slik behandling, er det sjukehuset som skal dekke kostnadene. Vårt inntrykk er likevel at mange pasientar blir sitjande med rekninga for behandling med cannabis, seier Hortemo.

Det er berre eitt cannabisprodukt som er godkjent for bruk i Noreg av Legemiddelverket. Det er legemiddelet Sativex. Det er berre godkjent for MS-pasientar med spasmar.

– Helfo har avgjort at all anna bruk av cannabis i behandling er å rekne som utprøvande behandling, seier Hortemo.

Medisinsk cannabis blir brukt i behandling i mange land. Førebels har ingen godkjent malt cannabisplante som legemiddel. Til det er ikkje dokumentasjonen på effekt og tryggleik god nok. Difor må norske legar søke om det for å skrive ut resept.

  • Sjølv om Sativex berre er godkjent for MS-pasientar er det nokon andre som brukar det:

Vanskeleg å få godkjent som medisin

Aina Mumbi er lege med eigen klinikk og jobbar med pasientar som ikkje får medisinsk cannabis i Noreg. Fleire av pasientane hennar reiser til Nederland for å få resept.

– Det vil vere veldig vanskeleg å få godkjent cannabis som medisin i Noreg i dag, seier Aina Mumbi.

Ho seier at fordi cannabis er ei plante er det vanskeleg å få patent på dette. Difor meiner ho dei medisinske aktørane ikkje er motiverte til å gjennomføre dei store studia som skal til for å få godkjent slik medisin.

Cannabis

KAN IKKJE TA PATENT PÅ EI PLANTE: Det er vanskeleg å finansiere større studiar av medisinsk bruk av cannabisplanta, sidan aktørane ikkje kan garantere å tene inn att pengane.

Foto: Anders Fehn / NRK

Mumbi meiner det likevel er studiar ein kan sjå på som seier at medisinsk bruk av cannabis kan gi god effekt. I smertelindring trur ho det er eit godt alternativ til opiat, som til dømes morfin.

– Dersom ein smertepasient kan erstatte opiat med cannabis, er det to vidt forskjellige ting med tanke på nytte og risiko. Den største risikoen ved opiat er overdose. Med cannabis er det derimot fysisk umogleg å ta ei overdose.

Ho er ikkje åleine om å vere forsiktig med langvarig bruk av opiod. I år slo forskarar alarm for ein potensiell opioid-epidemi i Noreg.

Det er likevel svært få legar som skriv ut resept på cannabisprodukt. Dei fleste som nyttar seg av det i Noreg i dag får resept i Nederland. Det vart vanskeleg då reiserestriksjonane slo inn i fjor:

Ingen plan om liknande ordning

I Danmark har dei ei prøveordning der legar kan skrive ut resept dersom dei vanlege alternativa er prøvd. I mai vart dette vidareført i fire år til. Aina Mumbi ønsker seg ei slik ordning i Noreg.

Ifølgje helsedepartementet er det ingen plan om å innføre ei liknande ordning i Noreg. Anne Grethe Erlandsen (H) som er statssekretær i helsedepartementet, viser til ordninga rundt utprøvande behandling. Ho seier at det enkelte helseføretaket skal avgjere og eventuelt finansiere ei slik behandling.

Anne Grethe Erlandsen

OPP TIL HELSEPERSONELL: Erlandsen er klar på at departementet ikkje kan gje råd for behandling av enkeltpasientar.

Foto: GURO LANGEHAUG GRØNN / NRK

– Pasientar i Noreg har ikkje eit rettskrav på utprøvande behandling, men vi jobbar for å kunne gje meir av det. Då er det viktig at dette blir gjort innan føreseielege rammer, for eksempel gjennom kliniske studiar, seier ho.

Hjelp og gjeld

For å få økonomien til å gå rundt har Merete Mjelde Johansen og kjærasten teke opp forbrukslån og fått støtte frå vener og familie. Grensa for lån er no nådd, og dei har fleire gonger måtte søke Nav om sosialhjelp.

– Dei er klare på at dei ikkje skal dekke cannabis, og dersom du ser bort frå medisin og gjeld har vi på papiret grei råd. Men når det står null på konto så må vi ha pengar til mat.

Merete Mjelde Johansen saman med Stein Arne Sørli.

FINN LYSPUNKTA: Når ho har gode dagar liker Merete å vere ute i hagen. Hunden Argo og kjærasten Stein Arne er også ei god støtte på verre dagar.

Foto: Åshild Slåen / NRK

Slik situasjonen er no, har ho sjeldan medisin for ein heil månad.

For å strekke ut dosane blandar ho cannabisen ho har med tobakk som ho røyker. I august oppretta partnaren hennar, Stein Arne Sørli, ein spleis for å få inn pengar.

– Det er heilt grufullt å føle at ein ikkje får gehør til å gje ho bra nok hjelp, seier han.

Flere saker fra Innlandet