– For meg er mineralgjødsel veldig viktig, seier Mikkel Bakkegard.
Han er bonde på Lena i Østre Toten, og dyrkar både kveite, bygg og kålrot. I tillegg har han rundt 7500 høner.
Med nesten 1000 mål dyrka mark, går det med ein del kunstgjødsel i året. Dette er i tillegg til all hønsemøkka han også gjødslar med.
Kunstgjødsel er alfa og omega for mange bønder. Bondelagsleiaren i Innlandet fryktar ei klimaavgift på kunstgjødsel vil fungere mot sin hensikt.
Foto: Frode Meskau / NRK– Eg har ikkje i nærleiken av nok gjødsel som eg treng til planteproduksjonen min. Difor kjøper vi relativt mykje mineralgjødsel òg.
– Grovt rekna er det vel kanskje rundt 80 tonn, seier han.
Men no kan prislappen på kunstgjødsel bli endå dyrare.
- Les også om bonden Eirik som måtte bruke utvatna kumøk som gjødsel.
Foreslår klimaavgift på gjødsel
Onsdag la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for neste år.
Blant tiltaka for å styrke klimapolitikken, står det mellom anna at regjeringa vil sende ut eit forslag om å innføre klima- og miljøavgift på mineralgjødsel på høyring.
– Vi har god erfaring med å prise utslepp, seier statssekretær Ellen Reitan (Ap) i finansdepartementet.
– Ei avgift på mineralgjødsel vil gi insentiv til å redusere bruken av mineralgjødsel og bidra til reduserte klimagassutslepp og miljøforureining, meiner ho.
Men bondelagorganisasjonar meiner dette ikkje er eit godt forslag.
Leiar i Innlandet bondelag, Camilla Rostad, meiner det finst andre, meir effektive klimatiltak regjeringa heller burde peika på.
– Eg undrar meg over korleis ein kan foreslå å legge ei avgift på ein så viktig innsatsfaktor for å auke matproduksjonen, seier Rostad.
Camilla Rostad, leiar i Innlandet bondelag, seier ei avgift på kunstgjødsel kan føre til auka kostnader for bonden, og dyrare mat til forbrukarane.
Foto: Frode Meskau / NRK– Det er jo litt skuffande. Vi trudde jo at dei tok dette alvorleg i forhold til det oppdraget som vi har blitt gitt med å auke sjølvforsyningsgrada.
Ho viser til at sjølvforsyningsgrada i Noreg skal opp frå 40 prosent til 50.
– Vi ønsker å produsere mest mogleg, best kvalitet og mest mogleg utbytte per areal. Da er ikkje det å ta bort kunstgjødsel eit godt klimatiltak.
- Knut Røsrud / NRK
Slik forklarar regjeringa avgifta:
I regjeringas klimastatus- og plan for 2026 står det mellom anna at bruk av kunstgjødsel er ein kjelde til utslepp av fosfor og nitrogen.
Nitrogen kan danne lystgass, som er ein av klimagassane som inngår i Noreg sine klimaforpliktingar.
- Knut Røsrud / NRK
Utslepp av fosfor og nitrogen kan bidra til overgjødsling av elver og vassdrag, skriv regjeringa i sin klimastatus og -plan.
– Overgjødsling er ein av dei viktigaste årsakene til at Oslofjorden no slit, seier statssekretær Ellen Reitan (Ap) i finansdepartementet.
- Knut Røsrud / NRK
Klimagassutsleppa frå mineralgjødsel er i dag ikkje omfatta av klimaavgift.
Sidan dei ikkje kan avgiftslegge utsleppa direkte, vil regjeringa legge opp til å avgiftslegge kjelda.
Det gjer ein allereie på andre område i dag, til dømes ved at CO2-avgifta er på diesel og bensin, ikkje på utsleppa som oppstår under bruk.
- Knut Røsrud / NRK
Regjeringa vil sende forslaget om klima- og miljøavgift på mineralgjødsel på høyring i løpet av hausten 2025.
Etter at forslaget har vore på høyring, vil regjeringa ta stilling til om det skal bli fremma eit forslag for Stortinget.
Målet til regjeringa er å innføre avgifta frå 1. januar 2027.
Bondebladet har også omtalt saka.
Vil kompensere
Om avgifta blir innført, meiner ho regjeringa bryt klimaavtalen som landbruksnæringa inngjekk med regjeringa i 2019.
– Ved å innføre avgifter på noko som dei har sagt at dei ikkje skal innføre avgifter på, så bryt dei faktisk avtalen, seier Rostad.
I fjor vart det seld over 90 000 tonn med kunstgjødsel som inneheld nitrogen i Noreg, ifølge Mattilsynet.
Foto: Frode Meskau / NRKDersom avgifta blir ein realitet, fryktar bondelagsleiaren det kan gå ut over sjølvforsyningsgrada og matprisane.
Men bøndene vil bli kompensert gjennom jordbruksoppgjeret, seier statssekretær Reitan.
Ein slik kompensasjon skal likevel ikkje svekke motivasjonen til å kutte utslepp.
– Vi vil vere opptekne av at kompensasjonen tek vare på insentiva for å få ned utsleppa frå jordbruket, seier Reitan.
– Ikkje treffsikkert
Å gjere klimatiltak i landbruket er viktig meiner bonden på Lena, men han meiner denne avgifta er feil veg å gå.
For mange bønder finst det ikkje alternativ til kunstgjødsel, seier han.
– I praksis har dei fleste bønder ingen alternativ til mineralgjødsel. Alternativet er jo som regel husdyrgjødsel. Nokon har noko husdyr, men langt frå nok til å dekke heile behovet.
– Eg trur eigentleg det kan vere greitt å sende forslaget ut på høyring. For ein må jo da vente at Bondelaget og fagorganisasjonane elles kjem med tilbakemeldingar som gjer at dette ikkje blir noko av, seier plantebonde Mikkel Bakkegard.
Foto: Frode Meskau / NRKLikevel har han ingenting imot at regjeringa vil sende forslaget ut på høyring.
– Det er som regel greitt å undersøke ting, men eg meiner at ei avgift på mineralgjødsel er feil veg å gå.
– For det er ikkje spesielt treffsikkert for å få eit meir miljøvennleg jordbruk, seier han.