Hopp til innhold

Andreas (30) følte seg skitten, ekkel og som ein «pest»

Det tok han fem år å akseptere diagnosen sin. No vil han vise andre at ein kan leve eit heilt normalt liv med hiv.

Andreas Søvik Helgeberg

VIL SNAKKE: Andreas Søvik Helgeberg sakna likesinna å snakke med då han fekk hivdiagnose. No vil han gjerne tilby andre at dei kan snakke med han om dei kjenner på vonde kjensler rundt diagnosen.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Andreas Søvik Helgeberg er ein av rundt 4300 menneske i Noreg som lever med hiv. Medisinane han går på gjer at han er frisk og at han ikkje kan smitte andre.

Helsedirektoratet seier dei ikkje veit akkurat korleis det står til med kunnskapen om hiv verken hos befolkninga eller helsevesenet.

30-åringen meiner hiv er ei einsam diagnose som det blir snakka for lite om.

– Eg har følt mykje sjølvhat. Eg har følt meg ekkel og skitten og har vore redd for å ta kontakt med folk eller ta på folk. Eg har følt meg som ein pest. Eg har lyst til å vere ei stemme for alle som har dei same tankane som eg har hatt for å fjerne stigma.

Men det har teke lang tid for 30-åringen å kome seg dit.

Sleit i fem år

Søvik Helgeberg fekk sjokkbeskjeden i august 2016, berre nokre dagar før han skulle flytte til Volda for å begynne på studiar.

Han hadde vore redd for å få sjukdommen. Men visste ikkje så veldig mykje om den.

– Søstera mi og mor mi kom for å hjelpe meg å flytte ut. Då fekk eg den første sorgreaksjonen. Søstera mi spurte om eg kom til å døy. Det var veldig sterkt å høyre ho seie det.

Søvik Helgeberg ville ikkje la dette øydelegge dei tre neste studieåra på journalistikk i Volda. Så han sa det ikkje til så veldig mange. Han lét det heller murre i bakhovudet.

Andreas Søvik Helgeberg

EINSAM: Andreas Søvik Helgeberg seier han har vore mykje einsam. Han skulle ønske han hadde snakka med fleire tidlegare om kjenslene rundt hivdiagnosen.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Det vart tre år med mykje festing, alkohol og andre rusmiddel.

– Det kom mange reaksjonar. Eg utagerte med sinne og hamna i dumme situasjonar, fortel han.

Festinga vart ein flukt, så han skulle sleppe å ta omsyn til sjukdommen.

Våren 2019 var begeret fylt opp. Andreas måtte leggast inn på psykiatrisk i Ålesund. Saman med familien og legar ved sjukehuset vart dei einige om at han måtte heim til Finnskogen.

Vil skape openheit

Ifølge HivNorge er det om lag 4300 personar i Noreg som lever med diagnosen. 98 prosent av dei er medisinerte, opplyser generalsekretær, Anne-Karin Kolstad.

Men hiv har blitt ein «gløymd sjukdom», ifølge Kolstad.

Anne-Karin Kolstad, generalsekretær i Hiv Norge

FORDOMMAR: Anne-Karin Kolstad, generalsekretær i HivNorge seier det ikkje er uvanleg at folk slit lenge med å akseptere at dei må leve med hiv livet ut. Ho seier jobben Andreas Søvik Helgeberg no gjer er heilt avgjerande for å fjerne fordommane.

Foto: Hiv Norge

– Det vart stille då medisinane kom i 1996. Ein har ikkje fått med seg den utrulege utviklinga. Sjølv i helsevesenet opplever ein å møte stigma, seier Anne-Karin Kolstad.

Ho er einig i at ein må auke kunnskapen for å fjerne fordommane.

Enorm respons på Facebook

Andreas Søvik Helgeberg la nyleg ut ein post på Facebook der han fortalde om korleis dei siste fem åra har vore for han. Der fekk han enorm respons.

No vil han vere den personen for andre som han seier han mangla sjølv for fem år sidan.

Andreas Søvik Helgeberg sitt innlegg om å ha hiv

OPENHEIT: Andreas Søvik Helgeberg la ut dette innlegget på dagen fem år etter han fekk diagnosen. Innlegget har fått kjempestor respons.

Foto: Skjermdump / Facebook

– Eg skulle ønske det var fleire som var open om det før eg sjølv valde det. Då hadde det kanskje ikkje teke meg så lang tid. Fem år er ganske lenge å ha slike tankar åleine.

Helsedirektoratet har ikkje nyare data i dag på korleis det eigentleg står til med kunnskapen rundt sjukdommen verken i befolkninga eller hos helsevesenet.

Avdelingsdirektør, Arild Johan Myrberg i Helsedirektoratet seier at når ein snakkar om hiv snakkar ein ofte om korleis det smittar. Og det viktigaste å formidle er at det er liten smitterisiko i Noreg no.

– Primært blir ein smitta ved å ha ubeskytta sex med ein hivpositiv. Velbehandla hivpositive kan ikkje smitte andre. Alle som testar positivt på hiv i Noreg får tilbod om rask og god behandling og utgjer då heller ikkje nokon smitterisiko. Vi forventar at helsepersonell skal vere oppdatert på dette, seier han.

Har håp om at hiv forsvinn frå Noreg

Dei fleste som går på hivmedisinar held viruset ute av kroppen.

Dei siste åra har også talet på nye smittetilfelle gått kraftig nedover. Det meiner Kolstad at medisinen PrEP skal ha mykje av æra for.

Medisinen vart innført i Noreg i 2017. Den er førebyggande og er for folk som ikkje er hivpositive. Når ein tar den skal ein vere beskytta frå å bli hivsmitta.

NRK forklarer

Kva er PrEP?

Kva er PrEP?

PrEP står for preeksponeringsprofylakse og er medisin som brukast for å førebygge hiv

Medisinen kjem som tablettar. Nokon tar ein tablett dagleg om ein har sex ofte eller ikkje kan forutseie når ein kjem til å ha sex. Dei som har sex sjeldnare kan ta tablettar ved behov, før, under og etter sex. 

Kva er PrEP?

Medisinen kan skrivast ut til personar i risikogrupper

Verdas helseorganisasjon anbefalar PrEP for menn som har sex med menn, fordi dei er i ei risikogruppe. Andre som kan få det er dei som ofte reiser til områder med mykje hiv der det er sannsynleg at ein har sex. Det same gjeld blant anna sexarbeidarar og rusbrukarar som kan ha risikosex.

Kva er PrEP?

Sjukehusa skriv ut medisinen

PrEP finnst ikkje på blå resept lengre. Sjukehusa og nokon klinikkar kan skrive det ut. Fastlegar kan også gjere avtalar med spesialhelsetenesta slik at dei kan skrive ut medisinen.

– Det var det avgjerande trekket for å få hiv-tala ned. Det kombinert med at mange er velmedisinert har gjort at vi nesten ikkje finn nokon no som bur i Noreg som ikkje veit dei har hiv, fortel Anne-Karin Kolstad.

Ho seier ein no har kontroll på hivepidemien i Noreg for første gong på 40 år og håpar det kan bli ein stopp for hiv i Noreg i løpet av få år.

Andreas Søvik Helgeberg

MEDISINAR: Desse to pillene tar 30-åringen dagleg. Så lenge han går på desse kan han leve eit heilt vanleg liv utan å smitte andre med hiv.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Andreas Søvik Helgeberg seier han har hatt god oppfølging og mykje hjelp av helsevesenet. Han tar medisinane kvar dag og lev som alle andre.

– Eg kan leve eit heilt normalt liv, like lenge som alle andre. Eg kan gjere alt, seier 30-åringen.

Flere saker fra Innlandet

et par biler parkert i en garasje

Mann omkom i arbeidsulykke på sagbruk

en mann som sitter ved et skrivebord og ser på en dataskjerm

Mistet nødnettet i flere timer: – Denne helga har gitt oss mye til ettertanke