Hopp til innhold

Marcus Kleveland får likevel køyre X Games-kvalik i «bakgarden» på Dombås

Snøbrett-verdsmeister Marcus Kleveland (21) bidrog til å få X Games-kvalik til Dombås. Plutseleg kunne det vere at han ikkje kunne køyre sjølv.

Marcus Kleveland

KARANTENE: Verdsmeister Marcus Kleveland hamna i ventekarantene berre nokre få dagar før han skulle køyre kvalifisering til X Games Norway i heimbygda si.

Foto: Terje Hong / NRK

SISTE: Kleveland får køyre X Games kvalifisering likevel.

Kleveland, som tok gull i big air-konkurransen i X Games i februar, og som vart verdsmeister i snowboard slopestyle i mars, skulle etter planen sjølv køyre X Games Norway sin kvalifisering for freeski og snowboard den 10. april.

Dette er planlagt å føregå i «bakgarden» i heimbygda til verdsmeisteren, men plutseleg var det usikkert om Kleveland kunne få køyre kvalifiseringa på Dombås.

Snøbrettstjerna hamna nemleg i ventekarantene torsdagen før konkurransen.

Får arrangere

Onsdag 7. april fekk ein person påvist covid-19 med hurtigtest i Dovre, og nærkontaktar blei testa med PCR- og hurtigtestar dagen etter.

Kommunen skriv på nettsidene sine at fire av desse testa positivt, og at nokon av desse hadde nærkontaktar i 2. klasse ved Dombås barneskule og 9. klasse ved Dovre ungdomsskule.

Elevane og enkelte lærarar vart sett i smittekarantene, og husstandsmedlemmene til desse vart sett i ventekarantene.

Med dette vart Marcus Kleveland ein av dei mellom 140 og 150 personane som torsdag sat i smitte- eller ventekarantene i området. Fredag ettermiddag melder avisa GD at 200 er sett i karantene, og at det er sett inn krisestab i Lesja og Dovre.

Trass smitte i kommunen stadfestar ordførar Guri Ruste (Dovrelista) at X Games skal få gå som planlagt.

– X Games Norway får lov til å arrangere, men utan publikum og utan at det er lokale personar eller tilhengarar til stades. Bakken blir altså stengt for andre enn utøvarane, seier Ruste.

– Me skulle så gjerne hatt eit stort ope arrangement og skulle ha feira Marcus, men no må folkehelsa gå først. Heile Dovre er kjempestolte av Marcus og prestasjonane hans, seier ho.

Får køyre likevel

Kommunen skriv på nettsidene sine at dersom koronatesten til dei i smittekarantene skulle vere negativ, så kan husstandsmedlemmer gå ut av ventekarantene.

Når det gjeld Marcus Kleveland, så sa Ruste fredag ettermiddag at Kleveland kunne køyre X Games-kvaliken dersom han tok hurtigtest laurdag og denne var negativ.

Rundt klokka 18.00 fredag vart det stadfesta at Marcus er ute av ventekarantene. Då hadde kommuneoverlegen fått svar på avgjerande testar.

– Familiemedlemmen testa negativt, og Kleveland er ute av ventekarantene. Han treng ikkje å ta hurtigtest laurdag, seier kommuneoverlege Gurgen Nazaretian i Dovre.

Henning Andersen, dagleg leiar i arrangørfirmaet Sahr som driv X Games Norway

SKRYT: Dagleg leiar i arrangørfirmaet Sahr, Henning Andersen, har berre skryt å komme med når det gjeld Kleveland.

Foto: Terje Hong / NRK

At Kleveland no får køyre er noko som gler Henning Andersen som er dagleg leiar i arrangørfirmaet Sahr som driv X Games i Noreg.

– Det er ei fantastisk nyheit. Det ville vore veldig trist viss han som har vore heilt sentral i å få til dette måtte stå over arrangementet av ein så kjedeleg grunn, seier Andersen.

– Det er ikkje berre eg som gler meg over dette, for det trur eg alle i Dombås også gjer, seier han.

Kvalifisert uansett

Kvalifiseringa skulle uansett, etter planen, ha føregått utan publikum, og det skulle ha vore berre 50 personar til stades, inkludert utøvarar.

Det er lagt opp til at ti utøvarar i freeski slopestyle og ti utøvarar i snowboard slopestyle skal kjempe om ein plass i kvar konkurranse til X Games Norway 2022.

Marcus Kleveland

BRA LØYPE: – Hadde du spurt meg for to år sidan, så hadde eg aldri trudd at det skulle gått, men no står me her, med ein skikkeleg bra «course» (red. anm. løype), og det er god stemning, seier Kleveland.

Foto: Terje Hong / NRK

Marcus Kleveland, som er aktuell for OL i Beijing i februar 2022, er uansett kvalifisert til X Games Norway 2022. Også om han skulle hamne på noko anna enn førsteplass.

Dersom han vinn, så vil den som hamnar på andreplass også bli kvalifisert.

Forventningane verdsmeisteren sjølv hadde torsdag, dei var beskjedne:

– Det einaste eg håpar på er at været held seg. At det ikkje er vind, men at det blir sol og skikkeleg god stemning. Eg gler meg berre til å sjå bra køyring og at folk kosar seg i bakken.

Unikt med arrangement på Dombås

Torsdag sa Kleveland at han var det var skikkeleg god stemning med ein X Games-kvalik i emning på Dombås:

– Eg har eigentleg alltid tenkt at det er umogleg å få det til Dombås. Det har jo berre vore ein liten plass, og eg har berre kost meg her for meg sjølv, eigentleg.

Henning Andersen i X Games Norway seier at Kleveland er heilt avgjerande for at arrangementet denne helga blir akkurat på Dombås, og at å ha arrangementet her er noko heilt unikt.

– Det er ei bygd med 1200 innbyggarar, vakker natur, og verdas beste snowboardar. Det å få lov for oss å komme hit og samarbeide med dei om å lage eit flott arrangement med lokalt særpreg er veldig gøy, seier Andersen.

Investerte i railar for heimbygda

I tillegg til å vere best i verda på snøbrett, og å bruke tid på å få til arrangementet, så har Kleveland ifølge VG investert ein del av premiepengane han har fått på å bygge opp bakken på Dombås.

X Games Norway og Kleveland har spleisa på railane som står i løypa, og desse blir ståande for bruk på Dombås, til eventuelt X Games Norway skal låne dei i arrangement neste år.

Seks railar er ifølge VG laga lokalt av Høyveg mekaniske verkstad på Dovre, og i tillegg har Ove Vadet, som saman med sambuaren er eigar av Dombås skiheiser, installert led-lys og utvida bakken.

Alt dette er ein ekstra bonus for brettkøyraren som innrømmer at han er glad i heimstaden:

– Eg kjem aldri til å flytte vekk. Eg storkosar meg her.