Hopp til innhold

Nordmannens sykkelfilm sett av over ni millionar: – Får gratulasjonar frå folk eg har sett opp til

– Eg treng nokre dagar for å fordøye dette. Det er sjukt stort.

Brage Vestavik

VIL HALDE FRAM HEIME: Brage Vestavik endrar ikkje kurs etter X Games-suksessen med filmen sin, og skal også lage ny film i skogen i Mysen

Foto: Fra Real Mountain Bike / ESPN/X Games, Blur Media

Det seier den norske syklisten Brage Vestavik (21) etter suksessen filmen til han og kameratane i Blur Media hausta i X Games-konkurransen i helga, der det altså er ein eigen kategori for beste film.

Filmen tok sølv i konkurransen laurdag kveld, men var den som slo suverent best an blant publikum.

Over 57 prosent hadde røysta på syklisten frå Mysen då fristen gjekk ut måndag kveld. Nestemann på lista fekk under 14 prosent.

Og ute på sosiale media har videoen gått som ei kule. Tal frå sportskanalen ESPN viste ufattelege 9,4 millionar visingar fram til og med tysdag. 6,8 millionar av dei var på TikTok.

Sjå filmen her:

MILLIONSUKSESS: Dette er videoen som gav Brage Vestavik medalje og publikumspris, og millionar av klikk på sosiale media

– Det var kulare å få publikumsprisen enn sølvet i konkurransen, seier han.

– Det største er at eg har fått gratulasjonar og private meldingar frå så mange som eg har sett opp til sidan eg var seks-sju år gammal. Og ikkje minst, også frå stjerner i andre greiner av X Games, som BMX-sykling og diverse skigreiner.

Fekk pluss for arbeidet med elementa

Brage Vestaviks avstemningsresultat

KNUSANDE: Slik sår avstemningsrersultatet ut om publikumsprisen

Vestavik, saman med sine gode hjelparar Elias Stubergh og Sondre Goska, har jobba hardt for å snikre saman bana i skogen heime på Mysen, der alt er av lokalt treverk. Også filmen er spela inn der av deira eige selskap Blur Media.

– Eg trur kanskje det var ein av grunnane til suksessen, at bana, elementa og miljøet rundt er så annleis enn alle andre. Det blei noko nytt for mange, seier Vestavik.

Han fekk skryt for stil og høg risikofaktor, og ikkje minst arbeidet med å lage elementa, ifølgje terrengsykling.no.

Vestavik var uheldig og braut ankelen ein av dei siste dagane i filminnspelinga. Han har levd av sykling dei siste åra, og er slett ikkje ukjend for publikum, med sine 200.000 følgjarar på Instagram. Før X Games.

I gang med ny film

Brage Vestavik

NY FILM: Brage Vestavik og Blur Media er i gang med ny film i skogane i Mysen

Foto: Mikkel Gerrard / Mayhem Media

Vestavik veit han blir langt meir kjend og etterspurd framover, men han og kameratane vil likevel ha beina på jorda også i framtida, om ein kan bruke det uttrykket om ein idrett der utøvaren ofte er høgt oppe i lufta.

– Mange andre har store plattformer, sponsa av store konsern som Red Bull. Vi vil framleis satse på å utvikle oss på våre eigne premissar og vere kreative, og kjem neppe til å legge om kursen. Eg vil helst gjere det eg har lyst til, seier Vestavik.

Det betyr at basen deira framleis blir i skogen bak huset på Mysen.

– Vi er allereie i gang med ein ny film.

Enormt trøkk på sosiale media

Brage Vestavik med premie

IMPONERANDE: Vestaviks og Blur Medias film er sett av millionar på ulike sosiale media

Foto: Blur Media

Terrengsykling er siste skot på stammen i Real-serien i X-games. Snøbrett, rullebrett og ski er tradisjonelle idrettar. Innanfor sykling har BMX vore med ei stund.

Ola Selsjord er ein av Noregs beste BMX-syklistar, og også stor på sosiale media, med mellom anna ein stor YouTube-kanal. Han karakteriserer 9,4 millionar visingar som enormt stort.

Han er imponert over det Vestavik har fått til.

– Når det kjem til prestasjon, seier det seg sjølv. X Games er det berre dei beste som kjem inn på, seier han.

«Makken»: – Viktig å vise at Noreg er gode i moderne idrettar

Mads Haugen, betre kjend som «Makken», er også imponert over det Vestavik har fått til.

Brage Vestavik

NORSK: Vestavik med trofeet i X Games

Foto: Blur Media

– Så mange visingar på sosiale media er imponerande. Med litt meir finpussing av triksa, kan han gå heilt til topps neste år, seier Haugen.

Han har sjølv vore ekstremsyklist i 14 år, og mellom anna sykla ned Besseggen, og veit kva som krevst for å bli god.

«Makken» fortel at Vestavik imponerte i sykkelanlegget i Hafjell då han var smågut.

– Det var der han la grunnlaget for det han har fått til seinare.

– Seinare har han og kompisane også laga bane heime. Denne filmkonkurransen er ikkje berre for utøvaren sjølv, men også for laget der dei som arbeider med bana og som filmar, er med, seier «Makken.»

Han ser også ein annan verdi i det som Vestavik og andre norske utøvarar med suksess i X Games har fått til.

– Det er viktig at vi kan få vise at Noreg kan henge med i dei nye idrettane som X Games er eksponent for. Det er desse idrettane som vekkjer mest interesse blant unge, meir enn dei tradisjonelle idrettane, og som kan få dei unge ut og bort frå dataskjermen. Eg jobbar sjølv med barn og unge, og ser heilt klart at dei meir actionfylte idrettane fengjer klart mest. X Games tek opp fleire og fleire greiner av ekstremsport. Derfor aukar interessa, ikkje minst fordi dei unge også brukar sosiale media langt meir aktivt enn den eldre garde idrettsinteresserte, seier «Makken» Haugland.

Det var ikke en konkurranse, men disse tre ville gjerne være først

SIGERSVILJE: - Det var ikkje ein konkuranse, men vi ville gjerne vinne likevel, seier Kay T. Pedersen, Arild Unnestad og Brage Vestavik

Foto: Glenn Thomas Nilsen

Siste nytt

  • Nypan benket i ny Middlesbrough-seier – Slo Egelis Ipswich

    Sverre Nypans Middlesbrough har fått en kjempestart på sesongen, og fredag tok de nok en kruttsterk seier i den engelske mesterskapsserien.

    Hjemme mot opprykksfavoritt Ipswich vant de 2-1. Nypan, som er på lån fra Manchester City ut sesongen, ble sittende på benken gjennom hele oppgjøret.

    Sindre Walle Egeli startet for Ipswich, men ble byttet ut etter 67 minutter. På det tidspunktet ledet Middlesbrough 2-0.

    Middlesbrough topper tabellen to poeng foran Coventry, som har spilt én kamp mindre enn serielederne.

    Ipswich har skuffet etter nedrykket fra Premier League og ligger på 9.-plass.

    et par fotballspillere på en bane med et publikum som så på
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Strasbourg fortsetter å overraske – tok poeng mot PSGs stjernegalleri

    Strasbourg har levert en strålende sesongåpning i fransk toppfotball og holdt mesterlaget Paris Saint-Germain til 3-3 på bortebane fredag.

    Strasbourg står med fem seirer, en uavgjort og to tap hittil denne sesongen. PSG topper tabellen med ett poeng mer etter åtte kamper.

    Strasbourg ble nummer sju i Ligue 1 sist sesong. Byen, som ligger helt på grensen til Tyskland, har sjelden fått feire titler. Den hittil eneste ligatriumfen kom i 1978/79-sesongen.

    I 2016 befant klubben seg på nivå tre i det franske seriesystemet, men har siden klatret og blitt et lag å regne med i toppdivisjonen. Sjetteplass (2021/22) er det beste resultatet siden 1980.

    PSG har på sin side vært et topplag gjennom mange år og vant sist sesong både ligaen, cupen og Mesterligaen. (NTB)

    En gruppe fotballspillere feirer
    Foto: Christophe Ena / AP / NTB
  • Ruud klar for semifinale i Stockholm – slo tilbake mot amerikansk stjerne

    Casper Ruud er klar for semifinalen i Stockholm Open etter å ha slått amerikanske Sebastian Korda 2-1 (6-7, 6-4, 6-4).

    Nordmannen fikk en tøff start på kampen. Han tapte åpningssettet etter et tiebreak, men i de to neste settene sikret han seg de nødvendige bruddene.

    26-åringen fra Snarøya servet hjem kampen etter to og en halv time.

    – Jeg tok vare på de små mulighetene jeg fikk, og heldigvis servet jeg bra, sa Ruud til arrangøren etter kampen.

    I semifinalen venter enten hjemmehåpet Elias Ymer eller Denis Shapovalov.

    Dersom Ruud tar seg hele veien til finalen i ATP 250-turneringen, kan det bli et møte med danske Holger Rune.

    Rune møter Ugo Humbert i den andre semifinalen.

    en mann som spiller tennis
    Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal