– Eg vil jo seie at det er nå eg er skikkeleg tilbake.
Marcus Kleveland gliser medan snøen lavar ned på Hafjell. Det er her han skal gjere det verkelege comebacket etter skrekkskaden som sette han ut i over eitt år.
Trakk seg frå X Games i USA
I desember 2018 smalt det på trening i Colorado i USA. Han hadde akkurat tatt ein rail, og krasja rett i enden på rail nummer to.
Han trefte så hardt at skinnet flerra av og kneskåla blei knust i mellom 50 og 100 bitar.
– Det var ein utenkjeleg smerte. Du veit kor vondt det er å slå kneet inn i eit bord. Du kan gonge det med hundre tusen, har snowboardstjerna tidlegare fortald NRK.
- Les også:
Ved hjelp av eit 20-tals skruar har kneskåla som blei knust i bitar grodd meir eller mindre saman igjen.
Foto: PrivatI slutten av januar var han tilbake i konkurranse i X Games i Aspen. Men han trekte seg frå slopestyle og Big air og stilte berre til start i «Knuckle-huck», der ein ikkje hoppar på dei største hoppa.
Han stolte ikkje nok på kneet.
– Nå føler eg meg eigentleg like bra. Det er framleis noko som er litt så som så. Men hovudet er litt meir med og eg klarer å fordøye det å tenkje at det kan skje på nytt. Så det går mykje betre nå, seier Kleveland.
Slik ser ei kneskål som har knust i over femti bitar ut.
Foto: PrivatHar ikkje brukt tid på mental trening
I helgas X Games på heimebane i Hafjell er han tilbake både i slopestyle og Big Air.
– Eg er jo litt redd. Eg føler eg har ganske grei kontroll også, og det hjelper mot frykta. Men ting skjer fort, så ein veit aldri.
Opptreninga har vore lang og til tider tung, men 20-åringen har ikkje brukt tid på mental trening for å kome tilbake etter skrekkskaden.
– Nei, eg har ikkje jobba noko med psyka. Eg har berre køyrd snowboard nå i det siste. Og det hjelper som berre det, smiler han.
Hopp på 40 meter
X Games general Henning Andersen er glad for å sjå landets største snowboardstjerne tilbake.
– Det er godt å sjå at han er så blid, motivert og klar for å køyre igjen. Han må berre passe på seg sjølv. Det er sikkert eit kraftig sug og veldig mange som dreg i han, seier Andersen.
Onsdag inspiserte Kleveland løypa som inneheld blant anna 40 meter høge hopp.
– Alt ser eigentleg heilt sjukt ut. Eg gler meg.
X-Games er tilbake i Hafjell etter to år med konkurransar på Fornebu utanfor Oslo. Løypa inneheld blant anna ein 25 meter lang rail.
Foto: Hans Andreas Solbakken / NRKMen når han får sjå den lengste railen som nokon gong er laga til X Games (25 meter) utbryt han:
– Den skal eg hvertfall ikkje ta.
- X Games ser du på nrk.no og NRK TV frå klokka 15 laurdag og 10.30 søndag.