Hopp til innhold

Treng 700 nye tilsette etter å ha landa milliard­kontrakt: – Eit beksvart bakteppe

Krig i Europa fører til fleire hundre nye arbeidsplassar ved våpenprodusenten Nammo på Raufoss.

Nammo

NYE TILSETTE: Nammo på Raufoss treng mellom anna fagarbeidarar, økonomar, ingeniørar, leiarar og teknikarar.

Foto: Alexander Nordby / NRK

– Heilt konkret kjem desse pengane til å føre til at vi får 700 nye arbeidsplassar.

Det seier Morten Brandtzæg. Han er konsernsjef ved våpenprodusenten Nammo.

Onsdag kom statsminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Bjørn Arild Gram til verksemda på Raufoss med ei milliardkontrakt.

Krig i Europa fører til auka etterspurnad og behov for ammunisjon. Difor må Nammo produsere mykje meir.

– Det er på grunn av eit beksvart bakteppe. Det er på mange måtar resultatet av ein utrygg verdssituasjon at dette blir gjort, seier Brandtzæg.

Les også Setter av milliardbeløp til norsk forsvarsindustri

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) hilser på konsernsjef Morten Brandzæg under sitt besøk på Nammo på Raufoss.

Mange nye arbeidsplassar

Trass det dystre bakteppet er totningane glade for milliarden staten no legg i våpenproduksjon på Raufoss.

– Eg blir jo optimistisk, seier ordførar Tonje Bergum Jahr (Ap).

Ordfører i Vestre Toten, Tonje Bergum Jahr (Ap)

Tonje Bergum Jahr (Ap) er ordførar i Vestre Toten kommune som husar våpenprodusenten Nammo.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ho trur investeringa staten gjer i hjørnesteinsbedrifta i Vestre Toten kan føre til fleire innbyggarar og auka aktivitet i kommunen.

– Denne type investering fører til 700 nye arbeidsplassar dei neste seks åra. Det tek tid å bygge opp, men kontrakten betyr framleis vekst for området her, heilt klart, seier Jahr.

Treng folk med ulik kompetanse

Byen på Toten har knappe 8000 innbyggarar.

Når dei innan 2030 truleg treng rundt 700 nye tilsette ved Nammo, må dei leite utanfor kommunen, seier Brandtzæg.

– Vi må ta frå heile Innlandet, seier han.

Nammo

Våpenprodusenten Nammo produserer ammunisjon, rakettar og høgteknologiske våpen.

Foto: William Jobling / NRK

Og det er ikkje knapt av folk eller kunnskap våpenprodusenten treng.

– Vi treng maskiningeniørar, fagarbeidarar, økonomar, prosjektleiarar, teknikarar, byggeleiarar og så vidare.

Men han trur ikkje det blir vanskeleg å finne folk til å fylle dei nye arbeidsplassane. Det trur heller ikkje Nav-direktør i Innlandet, Bjørn Lien.

– Det verkar som om dette er trygge arbeidsplassar i overskodeleg framtid. Dette trur eg gir gode moglegheiter for mange, seier Lien

Bjørn Lien er fungerende ytelsesdirektør i Nav

– Vi som nasjon har eit stort behov for å ta vare på forsvarsinteressene våre. Noreg har ei viktig rolle, Nammo har vist at dei kan levere og at dei har gode løysingar, seier Bjørn Lien, Nav-direktør i Innlandet.

Foto: Anne Kari Løberg / NRK

– Det er nok av folk å ta av. Utfordringa blir å få tak i den gode kompetansen som ein treng for å utvikle og skape dei arbeidsplassane og løysingane som Nammo skal levere på her, seier Lien.

Bad om 850 millionar

Milliardkontrakten frå staten kom ikkje ein dag for tidleg for våpenprodusenten.

Statsminister Jonas Gahr Støre på Nammo Raufoss

– Nammo kan produsere ein fjerdedel av artilleriammunisjonen vi treng i verda, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Foto: Heiko Junge / NTB

I fleire rundar har Nammo bedt om støtte for å auke kapasiteten til å produsere granatar som er etterspurt frå Ukraina og Nato-land.

Våpenprodusenten bad om 850 millionar i investeringar.

Per 1. desember i fjor hadde dei fått 75 millionar kroner av staten til formålet. Staten eig 50 prosent av Nammo.

– Samarbeidet med styresmaktene bidreg til ein mykje sterkare og kjappare produksjonsauke enn det vi kunne fått til åleine, seier Brandtzæg.

Brandtzæg, Nammo

Morten Brandtzæg er konserndirektør ved Nammo.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Fleire aksjonar mot hovudkontoret

Den siste tida har det vore fleire aksjonar ved hovudkontoret til Nammo på Raufoss.

I desember lenka aksjonistar frå Palestinakomiteen seg fast utanfor porten. Dei hevda at våpen frå Nammo blir brukt til å drepe palestinarar i Gaza. Nammo avviser desse påstandane.

Demonstranter med bannere som sier at Nammo dreper i Gaza er på plass under verdenscuprennet for menn i store Lysgårdsbakken HS 140 på Lillehammer.

Under eit hopprenn i Lysgårdsbakken i Lillehammer i desember, dukka mellom anna aksjonsgruppa «Aktivister for Palestina» opp. Hopplandslaget er sponsa av våpenprodusenten Nammo.

Foto: Geir Olsen / NTB

Tidlegare i desember dukka også aksjonsgruppa «Aktivister for Palestina» opp under ei hoppkonkurranse i Lysgårdsbakken i Lillehammer.

Det norske hopplandslaget har sponsoravtale med Nammo, og aksjonistane kritiserte dette samarbeidet.

– Hopplandslaget må bryte samarbeidet med Nammo no, ropte demonstrantane.

Les også Aksjonerte mot våpenprodusenten Nammo – lenket seg fast

Demonstrasjon utenfor Nammo