Hopp til innhold

Protesterer mot krematorium i Gjøvik

Krematoriet på Gjøvik ligg midt i byen og tek imot kister frå eit heilt fylke. Naboane vil ikkje ha det.

Ein gravferdsbil rygger stille inn på gravplassen på Gjøvik og parkerer framfor krematoriet. Ei kiste blir tatt inn og lagt på kjølelageret, alle blomane som følgde med bilen, blir kasta.

Dagleg køyrer i gjennomsnitt 6–7 svarte bilar med kors på taket milevis på fylkesvegar og riksvegar i Innlandet for å komme til krematoriet.

Krematorium Gjøvik

Gravferdsbilane kjem frå heile Innlandet til krematoriet på Gjøvik. I løpet av eitt år tar det i mot 1600 kister. Berre i dei tre største byane har krematoria meir å gjere enn her

Foto: Frode Meskau / NRK

Det siste stykket snirklar dei seg gjennom bygatene og villavegane i Gjøvik til krematoriet på Hunn. Bilane er i grunnen alt som tyder på at det årleg blir kremert rundt 1600 døde her.

Stor belastning

Men slik opplevast det ikkje for dei som bor i villastrøket rundt.

Nabo Hanne Prytz synest det er ei stor belastning. Og ho har protestert heilt sidan krematoriet frå 1978 vart oppgradert og utvida i 2010.

–Krematorium er industriverksemd og må behandlast og plasserast deretter. Denne industrien passar ikkje inn her, seier Prytz.

Hanne Prytz, kjemper mot krematoriet

Hanne Prytz protesterte mot utvidinga av krematoriet på Gjøvik og vart høyrd. Men aller helst vil ho ha bort heile krematoriet. Sidan ho sjølv er ingeniør og jobbar i industrien, stiller ho også kritiske spørsmål til røyken frå krematoriet og til støyen frå omnane. Ho meiner det også er ein grunn til at det bør ligge for seg sjølv, utafor byen.

Foto: Frode Meskau / NRK

Berre krematoria i Bergen, Trondheim og Oslo tar imot fleire døde pr. år, viser kremasjonsstatistikken frå 2022. Til Gjøvik kjem døde frå heile Innlandet. Av 1609 kremerte i 2022, var berre 188 frå Gjøvik.

– Kvifor skal vi her ta på oss ansvar for eit heilt fylke? spør Hanne Prytz.

Det er Gjøvik kyrkjelege fellesråd, som driv krematoriet.

Nå vil dei utvide verksemda og bygge ein omn til. Kyrkjeverje Line Langseth Bakkum seier dei treng å ha sikrare og meir jamn drift.

Med to omnar kan dei reparere eller drive service på den eine, medan den andre er i bruk. Nå hopar det seg opp med kister dersom dei av ulike årsaker har driftsstans.

Krematorieomnen på Gjøvik

Petter Sveen framfor krematorieomnen. På Gjøvik er det nytt anlegg for reinsking av lufta. Eksterne firma gjer målingar, dei hadde ingen ting å sette fingeren på i januar.

Foto: Frode Meskau / NRK

Fleire vil ha kremasjon

Talet på kremasjonar aukar i Innlandet, som i resten av landet. I fjor vart 47 prosent av dei døde her i landet kremert.

Og det kjem til å auke meir i åra som kjem.

For eldrebølga bryt mot land. Talet på dødsfall aukar med 50 prosent fram mot 2060, det viser tal frå SSB.

Samstundes ønskjer fleire og fleire kremasjon i staden for kiste-gravferd. Mellom anna er namna minnelundar der du slepp å stelle ei grav, meir og meir etterspurde.

Navna minnelund ved krematoriet på Gjøvik

Fleire og fleire ønskjer å gravlegge sine ved ein slik namna minnelund etter kremasjon. Her treng du ikkje stelle grava.

Foto: Frode Meskau / NRK

Om trenden held fram, vil Noreg ha behov for å kunne handtere 50 000 kremasjonar årleg i 2060.

Det er 76 prosent meir enn kapasiteten norske krematorier har i dag. Dette går fram av rapporten Kremasjonsvirksomheten i Noreg.

I dag er det 25 krematorium i heile landet.

Til nå har det vore i byane kremasjonsandelen har auka mest. Men også i Innlandet reknar ein med at fleire og fleire vil ønskje å kremere sine døde i åra som ligg framfor oss.

For ingen fylke har eldre befolkning enn Innlandet, ifølge SSB. I 2022 var 17 prosent av befolkninga i Innlandet 70 år eller eldre. Og i 2050 kan det vere 25 prosent.

Les også Krematoriemangel i Norge: Kan ta måneder før avdøde får urnenedsettelse

Krematoriet

Industri i villastrøk?

Den planlagde utvidinga på Gjøvik kravde fritak frå byggeforskriftene, dei måtte bygge nærare vegen enn kva regelverket tillèt. Gjøvik kommune sa ja til det.

Men så vart Hanne Prytz og andre naboar sine protestar høyrde.

Først av Statsforvaltaren i Innlandet, som meinte saka måtte behandlast på nytt. Og så av fleirtalet i Utval for Samfunnsutvikling, berekraft og tekniske tenester. Når saka kom dit for andre gong i februar i år, stemte fleirtalet for å avslå byggesøknaden, etter eit forslag frå Raudt og Frp.

Dei meiner ei utviding krev ein ny reguleringsplan for heile området. Og det kan ta fleire år.

Kyrkjeverje Line Langseth Bakkun seier dei ikkje kan gjere noko meir før politikarane har bestemt seg.

Kirkeverge i Gjøvik kommune, Line Langseth Bakkum

– Vi driv forsvarleg, seier kyrkjeverje Line Langseth Bakkum.  Det går også fram av siste kontroll frå januar i år, utsleppa frå krematoriet er godt innafor det forskrifta krev. Det er eksterne firma som gjennomfører kontrollane. 

Foto: Ruth Barsten / NRK

Ordførar Anne Bjertnæs (H), seier at vedtaket ikkje kan gjerast om. Så ho veit ikkje kva som skjer med utvidinga nå.

– Men eit alternativ er å legge krematoriet ein annan stad på tomta, seier Bjertnæs.

– Er det ønskjeleg med eit krematorium slik det ligg til midt i byen?

– Vi har eit krematorium på Gjøvik, som er drive bra. Og det ligg der det ligg, det får vi ikkje gjort noko med nå, seier ordføraren.

Anne Bjertnæs, ordførar i Gjøvik

– Det blir ikkje bygd noko krematorium der kyrkjeverja har foreslått, seier ordførar Anne Bjertnæs. Med mindre det kjem ein ny reguleringsplan for området

Foto: Knut Røsrud / Knut Røsrud

Les også Her blir mannen utan namn gravlagt

Bisettelse av "ukjent"

Ikkje lovpålagt

–Gjøvik har vore flinke. Dei tok ein risiko og investerte i eit nytt krematorium. Og dei har utvikla eit godt fagmiljø. Samstundes er det ikkje enkelt at det ligg der det ligg.

Det seier Bjarne Kjeldsen. Han er rådgjevar i Fagforbundet sin yrkesseksjon for kyrkje, kultur og oppvekst.

Kjeldsen peiker på det rare i at ingen har ansvar for at det finnast krematorium i Noreg.

Bjarne Kjeldsen

Bjarne Kjeldsen skal greie ut behovet for krematorier og kjølelager i framtida.

Foto: KA

Diskusjonen på Gjøvik viser at krematorieverksemda med fordel kunne vore drive på eit regionalt nivå. Det blir sårbart når alt står og fell på lokale vedtak, seier Bjarne Kjeldsen.

For mens gravplasslova gjev kommunane ansvar for at innbuarane skal ha ei grav, pålegg ingen nokon å bygge krematorium.

Og mens det er lovpålagt at alle skal få dekka gravferd i kommunen sin, må dei aller fleste som vel kremasjon betale ei avgift på i snitt 7000 kroner.

Nå leier Kjeldsen eit utval som skal greie ut både kjølerom- og krematoriumbehovet i Noreg i åra som kjem. Det gjer han på oppdrag for Barne- og familiedepartementet. Rapporten skal overleverast barne- og familieminister Kirsti Toppe til sommaren.

Kister på kjølelager.Krematorium Gjøvik

På krematoriet på Gjøvik har kjølerommet vore fullt i januar og februar.

Foto: Frode Meskau / NRK

Les også Meir likbrenning gjer at norske krematorium «går varme»

Krematoriet i Kristiansund