Hopp til innhold

Fråværsgrensa er tilbake: Elevar meiner det kan spreie smitte og usikkerheit

No må elevane i vidaregåande igjen ha legeerklæring for å vere borte frå undervisning. Elevråd trur unge no kjem til å fylle opp legekontora.

Jade Carolina Hauan

IKKJE OVER: – Korona er ikkje over, seier Jade Hauan. Ho meiner det blir vanskelegare for elevane å vurdere når dei kan reise på skulen og ikkje, sidan rådet framleis er å vere heime ved sjukdom.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Fråværsgrensa seier at elevane ikkje kan vere borte meir ein 10 prosent i eitt fag utan sjukmelding. Under pandemien har det vore unntak frå dette. Men frå 11. oktober er regelen tilbake.

Sjølv om dei fleste restriksjonar er fjerna, er framleis rådet frå FHI å halde seg heime når ein er sjuk.

Det kan skape vanskelege situasjonar for elevane, meiner Jade Hauan, som er nestleiar i elevrådet på Gjøvik vidaregåande.

– Vi kjem til å ha ein del tilfelle der elevar lurer på er dei sjuke nok til å bli heime eller friske nok til å gå på skulen. Det kjem til å skape usikkerheit og vi kjem til å sjå meir smitte blant elevar, seier ho.

Gjøvik videregående skole

FRÅVÆRSGRENSE: Rektoren ved Gjøvik vidaregåande seier regelen har funka kjempebra der. Dei ser at elevane møter opp oftare og oftare fullfører.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Fyller opp legekontora

Elevrådsleiar, Sander Sebastian Amsrud på Gjøvik vidaregåande seier det har vore delte meiningar om fråværsgrensa på skulen. Mange har sagt at det er eit godt tiltak. Andre meiner den har bidrege til stress.

Han meiner det kan bli for tungvint å måtte gå til ein lege for å få bekrefta at ein ikkje kan gå på skulen.

– Det er jo slik no at ein skal halde seg heime når ein er sjuk. Om det er korona eller ikkje. Ein vil jo ikkje at det skal gå på 10 prosent-regelen. Så då må dei komme seg til legen og få sjukefråvær. Dette kostar jo også pengar, seier han.

Sander Sebastian Amsrud

SKEPTISK: Sander Sebastian Amsrud, som er elevrådsleiar på Gjøvik seier at sjølv om regelen har funka, bør ein gjere justeringar for å gjere det enklare for elevane.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Nestleiar, Jade Hauan er einig. Ho seier at sjølv om ein skal tilbake til ein normal kvardag, kjem korona og andre sjukdommar til å vere der.

– Fleire kjem til å kunne ta med seg desse sjukdommane på skulen fordi dei er redde for å vere heime og krysse fråværsgrensa. Og vi kjem til å sjå at elevar fyller opp legekontora, seier ho.

Sander Sebastian Amsrud er ikkje er skeptisk til å få tilbake fråværsgrensa. Men han håpar det skal bli enklare, og ikkje minst gratis å få sjukmelding.

– Mitt håp er at ein gjer det enklare. At ein kan gi moglegheit til fleire helsepersonell slik at dei kan gi sjukefråvær og ikkje berre legar.

Rektor Bjørn Matsson, ved Gjøvik vidaregåande seier fråværsgrensa har funka bra hos dei. Han seier det er heilt naturleg å få fråværsgrensa tilbake, når skuledrifta er tilbake til normalen.

Bjørn Matsson

HAR FUNKA: Rektor, Bjørn Matsson ved Gjøvik vidaregåande vil gjerne ha tilbake fråværsgrensa og seier den har funka veldig bra der.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Eg ser at slik situasjonen er no, med framleis oppmoding om å vere heime når vi føler oss sjuke, kan det skape litt meir byråkrati for elevane. Men den har fungert. Vi ønsker den med oss vidare i framtida, seier Matsson.

  • Den sittande regjeringa har nyleg gjort endringar for dei som vil vidareutdanne seg:

Ap vil sjå på regelverket

Fråværsgrensa var noko Høgre og regjeringa innførte i 2016. Ifølge partiet har det redusert fråvær i vidaregåande skule med 27 prosent. Dei ønsker å vidareføre regelen.

Mathilde Tybring-Gjedde (H), seier ho er glad vi har ein såpass normal kvardag at fråværsgrensa kan komme tilbake. Ho seier regelen er eit av dei mest velfungerande tiltaka i skulen på fleire tiår.

– Den har ført til at elevane meir til stades på skulen, lærer meir og presterer betre. I snitt er fråværet redusert med 27 prosent og det har gått ned for alle elevgrupper, aller mest for dei elevane som hadde høgst fråvær og svakast karakterar frå før. Det er svært negativt viss fråværsgrensa no blir endra eller fjerna, seier ho.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet har no bekrefta at dei vil danne regjering. Ap bidrog til innføringa av grensa, og seier dei er glade for at fråværet i skulen har gått ned. Samstundes vil dei sjå på regelverket.

  • Dei to partia har allereie sagt at dei vil fjerne kravet om firer i matte for å komme inn på lærarstudie. Det er fleire glade for.

– Arbeidarpartiet har vedtatt i vårt partiprogram at vi vil forbetre dagens fråværsreglement slik at det blir mindre rigid og byråkratisk, meir rettferdig for elevane og legger opp til økt gjennomføring.

Det seier Torstein Tvedt Solberg som er utdanningspolitisk talsperson i Ap.

Eit av AUFs krav til regjeringsforhandlingane var å skrote fråværsgrensa.

utdanning

FORBETRING: Torstein Tvedt Solberg (Ap), seier partiet vil gå gjennom fråværsgrensa.

Foto: Torkil Stoltz / NRK

Senterpartiet ønsker ikkje å kommentere saka før regjeringa er på plass. Men Torleik Svelle, som er leiar i Senterungdommen seier det er ting ved reglane som har funka bra. Men han meiner også at fråværsgrensa har vore for rigid.

– Den viser for lite tillit til elevar, lærarar og foreldre. Det er også problematisk å bruke mykje pengar og ressursar på å sende elevar til lege og helsesjukepleiar for å få bekrefte at dei er sjuke.

Han seier det også kan bli uheldige situasjonar framover med tanke på koronaviruset.

– Det er problematisk om vi kjem i ein situasjon der elevar går i karantene fordi dei mistenker at dei har covid får auka fråvær på grunn av det.

Flere saker fra Innlandet