Kritisk til at fleire må betale for etterutdanning: – Vil skape større splitting

Regjeringa vil at universitet og høgskular skal kunne ta betalt for etter- og vidareutdanningar. Norsk studentorganisasjon seier det rokkar ved gratisprinsippet.

Tuva Todnem Lund

URETTFERDIG: Tuva Todnem Lund i Norsk Studentorganisasjon seier det gagnar både arbeidsgivarar og samfunnet elles at folk etterutdannar seg. Difor meiner ho finansieringa ikkje skal ligge på enkeltpersonane.

Foto: Torkil Stoltz / NRK

Det blir meir og meir behov i arbeidslivet for at folk tar etter- eller vidareutdanning. Det seier både politikarane, Norsk studentorganisasjon og utdanningsinstitusjonane.

Men like før forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim går av, gjer han endringar i eigenbetalingsforskrifta.

Endringa inneber at høgskular og universitet kan lage fleire tilbod til dei som vil fylle på kunnskapen sin etter nokre år i arbeid. Men det betyr også at dei som vil etterutdanne seg kan måtte punge ut for dette sjølv.

Norsk Studentorganisasjon er kritiske til at ikkje studiar skal vere gratis for alle.

– Dette med eigenbetaling vil skape større splitting i kven som faktisk har moglegheit til å ta utdanning og kven som ikkje har det. Gratisprinsippet er heilt grunnleggande, seier leiar, Tuva Todnem Lund.

  • Blir det gjort nok for å fordele dei med høgare utdanning?

– Verdt det

Universitet og høgskular kan allereie krevje betaling for nokon kurs og etter- og vidareutdanningar. Men dei har ikkje kunne krevje betaling, dersom det allereie finst eit tilbod som er gratis i utgangspunktet.

Malin Høgvoll jobbar ved Nav kontaktsenter i Innlandet, og går eit årsstudium innan kommunikasjonsrådgjeving. Ho er blant dei som betaler sjølv for denne utdanninga.

Ho seier faget har endra seg såpass mykje sidan ho utdanna seg. For ho er det avgjerande å få den nye kunnskapen.

– Eg synest det er verdt å betale litt for å gjere meg tryggare i jobben eg har no. Det gir meg mykje motivasjon for å fortsette å gjere ein god jobb. Eg tenker ikkje på at det kostar litt.

Malin student

FLEKSIBELT: Malin Høgvoll studerer ved sidan av jobb og familieliv. Ho syns det fungerer godt, sjølv om ho førebels må finansiere dette sjølv.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Endring i forskrifta

Regjeringa sende forslaget til endringa ut på høyring i vår. Der svarte 16 av 19 utdanningsinstitusjonar at dei var positive til dette.

Med regelendringa får ein større moglegheiter til å lage gode tilbod, meiner Stine Grønvold. Ho er prorektor ved Høgskulen i Innlandet.

– Endringa gjer at vi får ein større moglegheit til å rigge studiar og lage betalingsstudiar. Samstundes ligg det eit ansvar på institusjonane å finne ut kva studiar er det rett å ha som betalingsstudiar. Og kva tilbod skal vi sikre at er gratistilbod, seier ho.

Stine Grønvold, høyskolen i Innlandet

ANSVAR: Stine Grønvold ved Høgskulen i Innlandet seier dei har ein stor jobb framfor seg med å finne ut kva studietilbod dei skal ta betalt for, slik at det ikkje blir urettferdig.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Dei dette kan gjelde for er dei som har minst to års arbeidserfaring. Tuva Todnem Lund fryktar dette kan skape store skilnader. I tillegg kan det bli vanskeleg å vite kven dette eigentleg gjeld for, meiner ho.

– Dette med to års yrkeserfaring, kven er det eigentleg? Er det om ein har hatt deltidsjobb ved sidan av studiar? Vi veit ikkje heilt, seier ho.

Ho seier gratisprinsippet er viktig og reagerer på at det ikkje skal gjelde for alle studentar. Todnem Lund meiner også at etter- og vidareutdanning er ein viktig del av samfunnsoppdraget til utdanningsinstitusjonane.

– Det blir berre viktigare og viktigare etter kvart som vi må sikre oss ny og oppdatert kompetanse for det grøne skiftet og for framtida som er i stadig endring, seier ho.

Prorektor, Stine Grønvold, meiner også det er viktig å ta vare på gratisprinsippet og jobbe for at det ikkje skal bli store skilnader. Ho fortel at det blir mykje opp til skulane å finne ut av dette.

– Med endringa ligg det stort ansvar på institusjonane, så vi ikkje kjem inn i ein slik situasjon at det berre er dei med midlar som har moglegheita.

Trur fleire vil utdanne seg

Gratisprinsippet er lovfesta i universitets- og høgskulelova. Den seier at ein ikkje kan krevje betaling for ordinære utdanningar. Henrik Asheim (H) seier endringa begynner å gjelde frå 1. januar i 2022, slik at den nye regjeringa får sett på saka.

Torstein Tvedt Solberg, som er utdanningspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet, er skeptisk. Han seier det er viktig at det er lik rett til utdanning for alle.

utdanning

LIKE MOGLEGHEITER: Torstein Tvedt Solberg (Ap) seier det er viktig for partiet hans at alle har like moglegheiter til å utdanne seg.

Foto: Torkil Stoltz / NRK

– Eg er litt bekymra for at dette kan bety at ein legg ein større del av kostnaden på studentar og folk som treng auka kompetanse. Det vil vere feil veg å gå når vi veit at vi treng meir kompetanse, seier han.

Asheim meiner dette ikkje kjem til å gå utover gratisprinsippet i Noreg.

– Dette handlar om dei som skal ta vidareutdanning, som er i jobb og som ønsker å ta nokon kurs innanfor det som andre tar som ein heil bachelor eller master, seier Asheim.

Henrik Asheim

FORSLAG PÅ HØYRING: Henrik Asheim (H) har hatt forslaget på høyring og har lagt det fram for Stortinget. Endringa kjem til å gjelde frå nyttår.

Foto: Torkil Stoltz / NRK

Han seier det ikkje alltid vil vere slik at studenten sjølv må ta heile rekninga. I nokon tilfelle kan Staten delvis finansiere, eller den bedrifta studenten eigentleg jobbar i.

Han er ikkje redd færre vidareutdannar seg når reglane endrar seg.

– Eg trur dette fører til at fleire kjem til å gjere det. No kjem universitet og høgskular kunne bruke det materiellet dei allereie har og gjere det tilgjengeleg for enno fleire. Så veit vi frå arbeidslivet at dei treng meir kompetanse for sine tilsette, seier han.