Hopp til innhold

Fellessmørjing av ski skal hindre fluorjuks

ØSTRE TOTEN (NRK): Under hovudlandsrennet i skiskyting i vinter tar arrangøren grep for å hindre ulovleg bruk av fluorsmurning.

Glider

SMØRJER ALLE: For å unngå juks med floursmurning, går Østre Toten Skiklubb nye vegar i 2020 (Arkivfoto).

Foto: Kjersti Sjursen Lien / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Alle leverer inn skia sine, får dei smurt, og får dei levert minuttar før start, seier leiar Magnus Aass i Østre Toten skilag.

Magnus Aass i Østre Toten skilag.

NYBROTTSARBEID: Magnus Aass i Østre Toten skilag seier det er krevjande å smørje alle skia under hovudlandsrennet, men at dei tente fort på ideen då den kom opp.

Foto: Geir Randby / NRK

Fluorsmurning, som er forbode for alle konkurrerande frå neste sesong, er allereie ulovleg å bruke for dei under 16 år.

Når Østre Toten skiklubb arrangerer hovudlandsrennet i skiskyting den 27. februar til 1. mars 2020, kjem dei til å samle inn løparane sine ski før rennet.

– Då fjernar ein all tvil på om juks. I tillegg får du like forhold for alle, og det er eit kostnadsaspekt oppi dette. Det blir billigare at dei leverer skia her, og at me smør dei, seier Aass.

– Me skal då smørje 350 par ski, seier Aass.

Positive til fluorfrie ski

Oppland Arbeiderblad har tidlegare omtalt at Østre Toten skilag er den første arrangøren som samlar inn skia til fellessmørjing. Aass seier at når ideen kom opp var dei fort ute med sende forslag til skiskyttarforbundet, og fekk det godkjent.

– Det er litt nybrottsarbeid, og det er krevjande. Me har aldri gjort det før, så det blir spanande å prøve det. Me får håpe me får til å få smurt og levert skia riktig, slik at alle får skia sine til start, seier Aass.

– Eg har fått ein kreditt av foreldre og løparar i forhold til å gjere dette som gjer at det blir like forhold for alle, seier Aass.

Skiskyttar Ragna Fodstad i Østre Toten skiklubb.

POSITIV: Skiskyttar Ragna Fodstad i Østre Toten skiklubb er positiv til at skia hennar skal bli smurt likt som alle andre sine ski under hovudlandsrennet.

Foto: Geir Randby / NRK

Skiskyttar Ragna Fodstad i Østre Toten skiklubb er ein av dei mest lovande skiskyttarane i jenter 16-klassen i landet. Ho synest det er bra at ho skal gå hovudlandsrennet utan fluor.

– Det kan vere det blir dårlegare glid, men når det blir gjort likt går det greitt. Det blir både jamnare i renn, og det er betre for naturen, seier ho.

– Må finne kontrollrutine

Merkevaresjef Åge Skinstad i Swix seier dei i selskapet er positive til eit fluorforbod. Dei ynskjer eit totalforbod mot fluor i alle skirenn i heile verda. Dette trass i at fluor under skia kan gjere stor forskjell.

Åge Skinstad

KONTROLL: Merkevaresjef Åge Skinstad i Swix meiner det trengst kontroll for å hindre bruk av fluor i skikonkurransar.

Foto: Linda Vespestad / NRK

Han seier det er svært viktig at det no blir oppretta mekanismar eller rutinar for å kontrollere at det ikkje er nokon som juksar.

– Difor har FIS, det internasjonale Skiforbundet, og IBU, det internasjonale skiskyttarforbundet, sett i gong ei arbeidsgruppe med ekspertar for å finne ut korleis dei skal klare å kontrollere dette, seier Skinstad.

– For det er det me er heilt avhengige av no, å finne ei kontrollrutine som gjer at ein er heilt sikker på at ein unngår juks, seier han.

Flere saker fra Innlandet