Hopp til innhold

Miljødirektoratet tilrår å droppe fluor

– Det beste er å levere skismurningen som farleg avfall, seier seksjonsleiar Heidi Morka i Miljødirektoratet.

Fluorfri voks

MED FLUOR: Smøreekspert Lars Christian Stensrud viser fram nokre døme på produkt med fluor. – Ein del av produkta er no merka med eit grønt merke det står «fluor free» på, seier han.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Styret i Det internasjonale Skiforbundet har vedtatt at det blir totalforbod mot fluor i alle greiner frå sesongen 2020/2021.

EU innfører frå 2020 forbod mot nokre fluorforbindelsar, som også finst i skismurning. Forbod mot slike stoff blir for tida diskutert.

Sjølv om det framleis er lov å bruke fluorprodukt på ski, tilrår seksjonsleiar i kjemikalieseksjonen Heidi Morka i Miljødirektoratet at det ikkje skjer.

Heidi Morka

FARLEG AVFALL: – Gå inn på sortere.no for å finne nærmaste mottak for å levere inn fluorprodukt som farleg avfall, seier seksjonsleiar Heidi Morka i kjemikalieseksjonen i Miljødirektoratet.

Foto: John Petter Reinertsen

– FIS har bestemt at bruk av desse fluorhaldige produkta skal bli forbode i skirenn. Skiløparar bør følge dei same tilrådingane, gjerne alt frå no.

Morka tilrår å sjå etter skismurning med Svanemerket eller smurning som er merka med at den er utan fluor.

– No går FIS inn for eit forbod, og me tilrår å gå over til fluorfri smurning.

– Produsentane og forhandlarane må ta omsyn til regelverket, og kjenne til kva bestemmingar som gjeld denne type stoff.

– Har ikkje tatt det alvorleg nok

I fjor vart det forbode å bruke fluorhaldige produkt for utøvarar opp til 16 år. Det vart grunngitt med at det er skadeleg for smørjarane, at det gir høge kostnader, og at det er skadeleg for miljøet.

Forbodet er noko smøreekspert Lars Christian Stensrud, på Fagernes sportsforretning i Nord-Aurdal i Oppland, har fått merke.

Smøreekspert Lars Christian Stensrud ved Fagernes sportsforretning i Nord-Aurdal i Oppland

UTAN FLUOR: Smøreekspert Lars Christian Stensrud på Fagernes sportsforretning i Nord-Aurdal i Oppland har merka at det kjem nye fluorfrie produkt til skismørjing.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

– Det har vore veldig mykje fluor i ein del av hurtigprodukta, men no kuttast det gradvis ut. Produsentane byrjar å komme med alternativ som er fluorfrie.

Fluor er vassavvisande, og friksjonen på vått føre blir mindre med fluorvoks enn med parafinbasert voks, forklarer Stensrud. Det er mest til renn som Birkebeinaren, Vasaloppet, og Skarverennet at han plar smørje ski med fluorprodukt.

Er folk opptatte av å kjøpe produkt utan fluor?

– Eg trur ikkje det. Me har eigentleg ikkje vore så opptatte av det sjølv heller. Me har kanskje ikkje vore klar over kor farleg det er, og tatt det alvorleg nok.

Ynskjer flest mogleg skal bruke fluorfri

– 70 prosent av alle smøreprodukt frå Swix er utan fluor, seier fungerande administrerande direktør Åge Skinstad ved Brav, som til vanleg er merkevaredirektør for Swix.

Han påpeikar at det er i konkurransar i regi av FIS det blir forbode å bruke fluor, og ikkje til trening og turgåing. Han trur heller ikkje at ein forbrukar som ikkje er aktiv skiløpar har fluorsmurning av den mest kostbare typen.

Vil det vere forureinande å bruke opp fluorsmurning ein har?

Åge Skinstad

TILRÅR MASKE: Åge Skinstad ved Brav seier dei tilrår bruk av maske når ein smører ski, og at det meste av voksen hamnar i smørebua. Dersom nokon vil kvitte seg med fluorhaldig smurning bør dei levere den inn som farleg avfall.

Foto: Linda Vespestad / NRK

– Når du smørar glidar på skia tar du av iallfall 95 prosent. Dei flinkaste tar av 99 prosent, for du skal eigentleg ta av alt. Forureininga er stort sett inne i smørebua.

På Swix sine nettsider reklamerer dei stort for fluorfri smurning.

– Me ynskjer at flest mogleg skal bruke fluorfri smurning. Fluorsmurning er berekna på løparar som går konkurransar, seier Skinstad.

Kor lenge kjem Swix til å produsere fluorhaldig smurning?

– Etter eit forbod blir innført og det ikkje blir brukt av aktive løparar som går konkurransar, så er det ingen vits å produsere det meir.

Skismurning

UTAN FLUOR: Åge Skinstad ved Brav seier 70 prosent av alle smøreprodukt frå Swix er utan fluor.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

Flere saker fra Innlandet