Hopp til innhold

Fluorforbod i skisporet – vanskeleg å testa for juks

Då framtidas langrennsstjerner gauv laus på årets sesong, måtte alle ski vere smurde med produkt utan fluor. Men å kontrollere at ingen bryt forbodet er både dyrt og komplisert.

Finn Årdal, leiar i Sogn og Fjordane skikrins

FLUORFRITT: Finn Årdal meiner det ikkje er naudsynt med fluor for å få god glid på skia. – Spesielt i barneidretten. Når alle sluttar å bruke det, blir det likt for alle og vi kan ha ein reinare, sunnare, meir miljøvennleg og billegare idrett, seier Årdal.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

Glidprodukta med fluor har vore sett på som det beste alternativet i skibransjen, men i oktober vedtok skiforbundet eit forbod mot fluorhaldig skismørjing for skiløparar til og med 16 år. Grunnen er at fluor er helseskadeleg, ureinande og kostbart.

Denne sesongen blir forbodet sett på prøve. At folk rettar seg etter forbodet er basert på tillit. Sjølv har skikrinsane ingen moglegheit til å kontrollere at det blir overheldt.

– Eg trur og håpar at alle vil følgje dei reglene vi har. Det er jo ingen som vil vinne med å jukse, seier leiar i Sogn og Fjordane skikrins, Finn Årdal.

Dyr og komplisert

Å kontrollere at forbodet blir overheldt ligg på skiforbundet sitt bord. Metoden er utvikla i samarbeid med Norsk institutt for luftforsking, og er både dyr og vanskeleg.

Kontrollen går ut på å feste ein liten kloss med teip på skia, rett før eller etter målgang, som så blir sendt til analyse.

– Det kostar ein del å få analysert testane og det har vore komplisert å utvikle ein metode, fortel leiar av langrennskomiteen i skiforbundet, Torbjørn Skogstad.

Basert på tillit

Skiforbundet kjem ikkje til å gjere kontrollar frå renn til renn, i staden tek dei stikkprøver i vilkårlege renn.

Skogstad

BASERT PÅ TILLIT: Forbodet mot fluor i skismørjinga er basert på tillit. Leiar av langrennskomiteen i Norges skiforbund, Torbjørn Skogstad, har tiltru til at ingen lar seg freiste av fluor.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Vi klarar ikkje kontrollere alle, men har tiltru til at foreldre, trenere og leiarar følgjer opp forbodet, seier Skogstad.

– Men kan eit forbod utan kontroll føre til mistru og gjere at nokon likevel lar seg freiste til å jukse for å spare nokre sekund?

– Det er sjølvsagt ein viss risiko for det. Vi har diskutert det, men då vi sette fordelar opp mot ulemper, vart vi einige om å gjennomføre forbodet likevel.

Blir ikkje straffa

Denne sesongen blir ingen straffa om nokon blir oppdaga med fluor under skia.

– Sidan svaret frå analysen ikkje kjem med ein gong, sanksjonerer vi heller ikkje utøvarane. Klubben vil få resultatet og tek det opp med utøvaren som eventuelt testa positivt, seier Skogstad.

Finn Årdal, leiar i Sogn og Fjordane skikrins

EI OPPMODING: Finn Årdal brukar produkt frie for fluor når han smør skia. Sogn og Fjordane skikrins oppmodar no alle andre skiløparar om å gjere det same.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

I Sogn og Fjordane skikrins, er leiar Finn Årdal trygg på at det ikkje blir noko problem.

– Det er sjølvsagt mogleg å jukse, men eg reknar med at alle som deltek har fluorfrie produkt under skia.