Lucky Baby var berre timar frå å døy

GJØVIK (NRK): Dyrebeskyttelsen har fått inn unormalt mange kattungar som er dumpa i sommar. Nokre blir funne akkurat i tide.

Dyrebeskyttelsen opplever stor pågang

DUMPA: Kattungen er ein av mange som blir dumpa kvart år. – Den ville ikkje ha overlevd, ifølgje Inger Malerstuen ved Dyrebeskyttelsen Norge avdeling Gjøvik Toten.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Den ville ikkje ha overlevd mange timar til før den hadde lidd ein ekstremt smertefull død på grunn av dehydrering.

Inger Malerstuen er leiar ved Dyrebeskyttelsen Norge avdeling Gjøvik Toten.

Ho er ikkje i tvil når ho skildrar tilstanden til den kring ti veker gamle kattungen.

Lucky Baby fekk ein tøff start på livet.

Truleg var den forlate til seg sjølv.

Dyrebeskyttelsen

LIVLAUS: Lucky Baby svevde mellom liv og død då ho blei tatt hand om førre veke. – Ho kneip tenna saman, så ho hadde på ein måte gitt opp, seier Malerstuen.

Foto: Privat

Stor pågang av heimlause dyr

Dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Norge, Åshild Roaldset, fortel at pågangen av heimlause kattar i sommar er stor.

Åshild Roaldset, veterinær og daglig leder i dyrebeskyttelsen Norge

STORT BEHOV: Dyrebeskyttelsen har 27 avdelingar over heile landet, og hjelpte over 6.000 dyr i fjor. Over 90 prosent av dei var kattar. – Behovet er kjempestort og umetteleg, seier dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Noreg, Åshild Roaldset.

Foto: Anne K. Harkestad

Så mange dyr er det at organisasjonen ikkje har kapasitet til å ta hand om alle, fortel ho.

– Våre lokalavdelingar jobbar så hardt dei kan gjennom heile sommaren med å ta hand om flest mogleg dyr. Og så veit vi framleis om dyr som lir som vi ikkje klarer å hjelpe, seier Roaldset.

– Men kvifor er det fleire kattar som treng hjelp i år enn tidlegare?

– Det er vanskeleg å seie, men kvart einaste år er det fleire dyr som treng hjelp enn vi klarer å hjelpe. Det kan òg ha noko å seie at folk kan ha blitt flinkare å varsle no.

Mange ønsker seg karantene-katt

– Kattar har lågare verdi

I 2019 gav Dyrebeskyttelsen hjelp til 6.069 husdyr. Blant dyra som blei tatt hand om var det 139 hundar og 285 kaninar.

Over 90 prosent av dyra som fekk hjelp var kattar.

Roaldset trur at kattar i mange sine auge har lågare verdi enn andre dyr.

– Om ein plutseleg ikkje kan gjere greie for 80 hundar fordi dei har frose eller svolte i hel, så ser vi på det som uakseptabelt. Men fordi det er katt så lèt vi det berre skje.

Organisasjonen arbeider for at det skal bli obligatorisk å ID-merke kattar. Eit lovforslag om dette blei fremja på Stortinget av MDG i vår.

Det blei nedstemt.

Kjemper for lovpålagt ID-merking av katter, men Mattilsynet vil ha holdningskampanjer

Del av eigaransvaret

Dyrlege ved Evidensia Dyreklinikk Gausdal, Bjørn Jacobsen, meiner også at ID-merking må bli obligatorisk.

I tillegg meiner han at eigarar må sterilisere kjæledyra sine.

Bjørn Jacobsen

DYRLEGE: – Sterilisering er ein sjølvsagt del av ansvaret når ein har blitt katteeigar, meiner dyrlege i Gausdal, Bjørn Jacobsen.

Foto: Silje Eskeland Bjørkli / NRK

– Det gjer at kattane får ein meir kontrollert åtferd, og ein får betre kontroll på kattepopulasjonen, seier Jacobsen.

Sjølv om det har ein pris å sterilisere og ID-merke kjæledyret, meiner han at dyreeigarar bør ta seg råd til dette.

– Sjølv om prisane varierer, vil eg generelt seie at det ikkje er for dyrt. Det må du berre kalkulere inn som ein del av kattehaldet ditt, seier dyrlegen.

Får inn fleire kattar

Malerstuen seier at nesten alle dyra som kjem inn ved avdelinga på Gjøvik er kattar, og at det er meir å gjere i år enn elles.

– Kattungar har det vore ekstremt mykje av no i sommar. Og det har vore kattungar som det har vore kritisk for, seier ho.

Dyrebeskyttelsen opplever stor pågang

FÅR NY HEIM: I tillegg til at kattane blir ID-merka og sterilisert, får dei namn når dei blir registrert hos Dyrebeskyttelsen. Torgeir er ein av kattane hos avdelinga på Gjøvik som ventar på ein ny heim.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Dei har også fått inn fleire drektige kattemødrer der tilstanden har vore kritisk.

Så langt i juni og juli har avdelinga fått inn 48 kattungar. Eit tosifra tal er på veg inn.

Dei har blitt funne i alt frå drivhus til ute i naturen.

– Ikkje dump kattungane

Også Malerstuen oppfordrar eigarar til å kastrere og sterilisere kjæledyret.

– Og får dei eit kull på katten sin der dei ikkje får gitt bort alle, så ikkje dump dei. Ta heller ein telefon til oss og spør om vi kan ta dei.

Dyrebeskyttelsen opplever stor pågang

GÅR BRA: Lucky Baby treng framleis oppfølging, men har no kvikna til igjen. – Det er full fart, og det kjem truleg til å gå bra, seier Malerstuen. No ventar kattungen på ein fast plass å bu.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK