I Noreg har vi importert over halvparten av kveiten som blir brukt i matproduksjon. Ukraina har vore blant dei største produsentane av matkveite.
Då det braut ut krig i Ukraina, oppfordra politikarane norske bønder om å begynne å dyrke matkveite for å styrke norsk matproduksjon.
Bøndene Anne-Marte Hoelstad Mauset og Lars Magne Mauset i Stange tok oppfordringa.
I år satsa dei alt på matkveite.
BESØK: Bøndene i Stange var opptekne av å formidle for ministeren at det er risiko knytt til kveiteproduksjonen på garden. Sandra Borch og statsforvalter Knut Storberget var på besøk denne veka.
Foto: Erlend Arnesen / NRKLars Magne Mauset ser utover åkeren sin, der kveiteaksa står tett i tett. Årets avling blir god.
Likevel er han klar på at dei tok ein risiko: Både på grunn av høge utgifter i landbruket, og at det skal lite til før kveita mistar kvaliteten som trengst for å brukast til mat.
– Framover må vi ta ei vurdering på om det er rett å produsere så mykje matkveite, seier Lars Magne Mauset.
Ministerbesøk
Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) besøkte Stange-bøndene denne veka. Årets jordbruksoppgjer enda med rekordsummen 10,9 milliardar kroner. I avtala var det også auka økonomisk sikkerheit for dei som driv med korn.
– No har vi starta kursendringa i norsk landbrukspolitikk. Årets jordbruksoppgjer var starten på det. Korn var ein av dei store prioriteringane. Det ser vi resultatet av her i dag, seier ho.
Ho lova allereie før jordbruksforhandlingane at det ville bli meir lønnsamt for dei som satsa på matkorn.
Og årets kornhaust ser ut til å bli særs god, sjølv om prognosane ikkje er venta før i midten av august.
Likevel er bøndene i Stange usikre med tanke på neste år.
Økonomisk risiko
Lars Magne Mauset seier dei mellom anna veldig avhengige av vêret for å lukkast.
– At matkornet går frå å vere matkveite til å bli fôrkorn etter ei regnskur, er ein økonomisk risiko som vi føler at det må settast fokus på om det skal dyrkast meir matkveite, seier Mauset.
TRESKING: Framover vil bøndene i Stange bruke rundt 100 timar på tresking. Ministeren fekk teste ut treskaren under gardsbesøket.
Foto: Erlend Arnesen / NRKHarald Solberg jobbar med korn i Norsk Landbruksrådgivning. Ifølgje han er det også høgare utgifter med slik produksjon.
– Matkveite treng lengre veksttid enn bygg. Dermed er det større sjanse når ein skal treske det når vêret er blitt dårlegare. Det treng og meir gjødsel, seier han.
RÅDGJEVAR: Harald Solberg i Norsk Landbruksrådgivning har ikkje nasjonale tal enno, men seier at årets avling ser ut til å vere særs god i Innlandet. Arkivbilde.
Foto: Knut Røsrud / NRKBodhild Fjelltveit, som er andre nestleiar i Noregs Bondelag, seier det same. Ho håpar regjeringa held fram med løftet om at det skal lønne seg for bonden å dyrke matkorn.
– Då må satsinga fortsette. Ein må kompensere både for den risikoen det er – og for dei kostnadane det er å produsere matkorn, seier ho.
Sandra Borch rosar dei som har satsa allereie. Og ho seier dei skal gjere meir.
– Å garantere for at det kjem ordningar særleg på matkorn som skal bidra til lønnsemd. Det var ein viktig start i jordbruksoppgjeret og ein viktig politisk prioritering frå regjeringa si side.
Handla kunstgjødsel før prisane steig
Anne-Marte Hoelstad Mauset og Lars Magne Mauset i Stange trur dei får gode avlingar i år.
STORE AREAL: Ekteparet Mauset dyrkar på 520 dekar og trur dei får produsert kveite til godt over 500 000 brød denne sesongen.
Foto: Erlend Arnesen / NRKDei turte å satse denne gongen fordi dei hadde fått kjøpt inn kunstgjødsla dei trengde hausten 2021. Før prisane skaut i vêret.
Ifølgje Lars Magne Mauset er det for risikabelt å satse ein gong til om dei må handle gjødsel no.
Likevel:
– Om signala for neste jordbruksoppgjer er positive så kan det hende.