Hopp til innhold

Bekymra for rovdrift på tisper når «alle» skal ha kvalp

Folk avlar for tette kull, og på for sjuke hundar fordi det er gode pengar å tene no, seier Dyrebeskyttelsen Noreg. Kvalpeeigar deler bekymringa.

Heidi Marie Kragerud med valper.

FØRSTE GONG: Det er første gong Heidi Marie Kragerud har kvalpar i hus. Ho er bekymra over dei som driv uetisk avl no som etterspurnaden er så stor. Ho skal selje gjennom oppdrettar og har ikkje merka pågangen sjølv, men ser diskusjonane på nettet.

FØRSTE GONG: Det er første gong Heidi Marie Kragerud har kvalpar i hus. Ho er bekymra over dei som driv uetisk avl no som etterspurnaden er så stor. Ho skal selje gjennom oppdrettar og har ikkje merka pågangen sjølv, men ser diskusjonane på nettet.

To år gamle Kia har fått sitt første kull med sju små Labrador retriever-kvalpar. Då eigaren, Heidi Marie Kragerud kjøpte tispa var det med tanke på utstilling og kanskje avl.

Etter kvart ville ho også prøve å sete kvalpar på henne. For med gode avlsliner og resultat på utstillingar, visste ho at Kia ville vere bra å avle på.

Kragerud seier ho er oppteken av at det ho driv med skal vere etisk forsvarleg.

Heidi Marie Kragerud med valper.

STORT KULL: Kia kom seg raskt igjen etter å ha født sju små kvalpar. Eigaren er ikkje sikker på om dei kjem til å sete kvalpar på henne igjen.

STORT KULL: Kia kom seg raskt igjen etter å ha født sju små kvalpar. Eigaren er ikkje sikker på om dei kjem til å sete kvalpar på henne igjen.

– Det er viktig at vi ikkje overforbruker og gjer noko som skader dyra, seier ho.

Ho samarbeider med ein oppdrettar, som ho har kjøpt fleire hundar av tidlegare. Dei skal formidle vidare kvalpane og følge opp dei nye eigarane.

Det har vore enorm etterspurnad etter kvalp det siste året. Det er langt ifrå alle som er like opptekne av å drive etisk avl. Det seier Dyrebeskyttelsen Noreg, som har fått ei auke av bekymringsmeldingar under pandemien.

Pengar å tene

– Vi får mange bekymringsmeldingar på folk som avlar på for unge tisper. Og dei som avlar veldig tett, altså kull på kull på kull, fortel Roaldset.

Det seier Åshild Roaldset, som er dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Noreg.

Ho seier det er mange som driv avl på hund på ein fin og etisk måte. Men dei får fleire og fleire varslar om dei som ikkje gjer det.

– Det er ein veldig etterspurnad og stor betalingsvilje på hund om dagen. Då blir det freistande å sete kvalpar også på sjuke tisper.

Åshild Roaldset Daglig leder og veterinær, Dyrebeskyttelsen

PROBLEMATISK: Åshild Roaldset i Dyrebeskyttelsen Noreg har sett tilfelle der ein set kvalpar på hundar dei veit har kneskålproblem, pusteproblem og anna. – Ein skal vareta dei dyra ein har ansvar for. Å drive rovdrift på tispene vil til sjuande og sist hamne under lovverket vårt, seier ho.

Foto: Håkon Sparre

Ei tispe får vanlegvis løpetid to gonger i året og går drektig i om lag 63 dagar. Ifølge Roaldset bør dei ikkje få kvalpar før dei er fullt utvakse etter rundt halvanna år. Dei bør heller ikkje få kvalpar på kvar løpetid, og maksimum eit kull i året, seier ho.

Men stadig får ho høyre om dei som driv med det ho kallar «rovdrift» på tisper. Ho trur det handlar mykje om pengane.

– Om du sel kvar kvalp til 25 000 skattefritt er det gode pengar å tene på det. Dei som tener mest, dei tener ein million kroner i året på å selje kvalpar, seier Roaldset.

Tal frå Finn.no viser at kvar månad det siste året er det lagt ut mellom 1300 og 1700 annonsar om sal av hund. Og kvar månad har annonsane blitt besøkt godt over 1,2 millionar gonger.

NRK forklarer

Korleis vite om kvalpen er avla på ein etisk god måte?

Korleis vite om kvalpen er avla på ein etisk god måte?

Besøk alltid tispa og kvalpane

Du bør sjå sjølv korleis både tispa og kvalpane har det, ifølge Dyrebeskyttelsen Norge. Reis difor på besøk. Det er også lurt for å faktisk sjå kvalpen du skal ha for å vere heilt sikker før du kjøper. Så kan du reise tilbake seinare for å hente den når den er leveringsklar. Kjøp aldri kvalp om du ikkje får besøke den hos oppdrettaren. Det gjeld også om du kjøper frå utlandet, seier Dyrebeskyttelsen Norge.

Korleis vite om kvalpen er avla på ein etisk god måte?

Sjekk om kvalpen er lett å forsikre

Forsikringsselskapa har nokon gonger sperre for å forsikre enkelte raser. Det er på grunn av vanlege sjukdommar. Er kvalpen vanskeleg å forsikre, er det eit sterkt signal om at du kanskje ikkje skal kjøpe den, seier Dyrebeskyttelsen. 

Korleis vite om kvalpen er avla på ein etisk god måte?

Be om sjukehistorie til mor og far

Tispa kan sjå frisk og rask ut når du ser den, men det kan vere lurt å be om sjukehistoria både frå ho og faren, seier Dyrebeskyttelsen Norge. Då kan du unngå å kjøpe ein hund som vil få allergi, våteksem, slåst mykje eller anna.

Korleis vite om kvalpen er avla på ein etisk god måte?

Varsle mattilsynet

Om du kjem til ein oppdrettar der du tenker at hundane ikkje har det bra, så ikkje kjøp kvalpen for å «redde» den. Dyrebeskyttelsen Norge seier det er viktig å varsle Mattilsynet slik at dei får rydda opp. 

Forskrift om avl på hund

Det er ikkje ulovleg å sete kvalpar på hunden ved kvar løpetid. Men det er ulovleg å avle på hundar som ikkje er friske.

Mattilsynet får også bekymringsmeldingar om dette. Det fortel seniorrådgjevar, Sigrid Engeland på seksjon for dyrevelferd.

Ho vil dele dette med uetisk avl inn i to ulike delar.

– Uetisk avl med rovdrift på tispa, med hensikta å få flest mogleg kvalpar på kortast mogleg tid. Der er hensikta sannsynlegvis å tene mest mogleg pengar, seier ho.

Den andre delen av det er uetisk avl på individ med negative og uønskt genetiske tilstandar.

Mattilsynet har fått i oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet å lage ei forskrift. Den skal vere for å motverke uforsvarleg avl på hundar som gir «skadeleg eksteriør». Til dømes handlar det om hundar med korte snutar og pusteproblem.

– Det er viktig at regelverket bidreg til ei endring som betrar dyrevelferda. Slik at eigarar må tenke nøye gjennom kva individ dei brukar i avl, seier Engeland.

Følger diskusjonane

Heidi Marie Kragerud er også bekymra for denne rovdrifta. Ho følger facebooksider om hund og ser at dette temaet blir diskutert for tida.

– Det er blitt ei inntektsbringande verksemd. Vi ser i denne perioden vi er i at prisane har skote i vêret og det er jo urovekkande, seier ho.

Sjølv kjem ho til å tene pengar på å selje Kia sine kvalpar. Ettersom det er oppdrettaren ho samarbeider med som finn eigarar til kvalpane, har ho ikkje merka noko pågang på kvalpane sine sjølv.

Heidi Marie Kragerud med valper.

KVALPAR: Det var sju kvalpar i det første kullet til Kia. Ho er ein Labrador-retriever og fekk både svarte og gule ungar.

KVALPAR: Det var sju kvalpar i det første kullet til Kia. Ho er ein Labrador-retriever og fekk både svarte og gule ungar.

Og dei følger raseklubben sine rettleiande prisar.

– Vi følger retningslinjene som Norsk Kennel Klub og Norsk retrieverklubb har sett. Vi har ikkje hatt prisstigning på kvalpar som ikkje er i tråd med det raseklubben har sett.

Om Kia skal ha fleire kvalpekull er enno usikkert. Og det blir i så fall ikkje med det første.

– Vi får sjå korleis det blir å trene ho opp og komme i gang igjen. Og vente til kvalpane er undersøkt for HD, AD og andre sjukdommar. Men ikkje på kvar løpetid. Aldri i verda. Det er for raskt. Eg såg kor slitsamt det var å gå drektig, seier ho.

Flere saker fra Innlandet